Siste nytt

Valdag på Jøsneset

På Jøsneset er det Bedehuset som er vallokale, og på valdagen 12 september, sat røystestyret klar til å ta imot stemmesedlar frå bygdafolket. I vallokalet blei me møtt av dette blide røystestyret, som består av Elbjørg Tednes, Olga Hjorteland og Rasin Tjeltveit, som både kvar for seg og saman har lang erfaring med dette samfunnsnyttige …

Lyst på ein hane eller to?

To flotte, friske ung-hanar gis bort !!!! Blanding mellom Føniks og Gul Dvergkochin.   Hanane er to brødre som kakka seg vei ut av eggeskalla på sjølvaste Påskeafta…..ekte påskekyllingar altså.  Opp gjennom barndommen utvikla dei seg til å bli fantastisk nusselige, gule dun-nøster, som levde godt i grønne omgivelsar med fjordblikk saman med mor, far …

Jakttid hjort

Laurdag 10. september er ein merkdag for mange Jøsnesbuar. Då startar den etterlengta hjortejakta.  Også i år blir jakttida her på Jøsneset utvida til 29 november (gjeld òg Randøy), medan andre jaktvald gjeld det kun til 15.november. I fjor blei det felt 43 hjort på Jøsneset, fellingsprosent på heile 83 %. Blir spanande å sjå …

04.09.11 Debatt om tursti-premiering

Styret i helselaget har for tida ein runde igjen der vi diskuterer premieringa på turstiane. Tidlegare var det loddtrekning og heilt tilfeldig kven som vann ein liten premie på årsmøtet (klart at sjansen auka jo dersom ein gjekk fleire gonger, likt som om ein tek mange lodd på basaren). Så var det etterspurt at det …

Reidert artikkel om død sau

  «Gutten vår på 12, Jasin, skulle ned i stranda i dag, og i fjæresteinane rett nedanfor hagen møtte han eit makabert syn: I fjæresteinane låg ei stor/vaksen oppsvulma vær og flaut…..ikkje nok med det. Beina på væren var knytt fast i ein tau festa til ein stein. Og hodet var skjært bort på sauen.  …

Nye opningstider MIXn

Cesilie på MIXn melder om nye opningstider utover hausten:F.o.m mand 5.sept: mand-lørd 11.00- 19.00, Søndag 11.00 – 20.00 OBS: Det er HALV PRIS på IS heile september.

Jøsneskandidatane har ordet

Du lurer kanskje på kven frå Jøsneset som stiller på politiske lister til årets kommuneval, kva parti dei representerer og kva dei står for ??  I stadan for eit lokalt debattmøte, har Bygdarådet nå gjort ei lita skriftleg utspørring av kandidatane og nedanfor finn du svara frå den enkelte. SPØRSMÅLA VAR: 1. Nemn 3 saker/tema …

Sommarbilder frå Åsland

  Jorunn Foss har sendt oss koselege sommarbilder. Her frå Brynå…alt vær er godt turvær …….ikkje berre på Lønnehaugen dei har fin utsikt….jammen har dei det på Åsland òg:Panorama over Ombofjorden med Hjelmeland, Fister, Randøy og Ombo i bakgrunnen

Møt Jøsneskandidat på Valmøtet 7 sept

Onsdag 7 sept kl 19.30 blir det stort valmøte på Hjelmeland Samfunnshus.Den nye KrF kandidaten frå Jøsneset: Solveig Bog Bouzane stiller til debatt. (om du veit om fleire Jøsneskandidatar som stiller på møtet, så gi beskjed.Me har ikkje fått melding om fleire). Møt opp om du har spørsmål du vil stille til henne eller andre …

Gratis båskyss frå utedansen lørdag

Frukt-og Laks-komiteen har sendt melding om at det er gratis båtskyss over fjorden etter utedansen lørdag 3.september.Båten går kl 01.15 frå Vågen. Me minner òg om at «vår eigen» Josè Altamirano speler i eitt av utetelta mellom 19.30 og 22.00 dvs før dansen med Stavangerensembelet. Josè spilte også i fjor…..og, ja, uten tvil var det …

01.09.11 Bulyst-midlar til bl.a. Jøsneset

Jøsneset helselag vart i vår invitert til å vere med på ein felles søknad frå kommunen om bulystmidlar. I det høvet samla vi saman gode idear som hadde vore lufta tidlegare på Jøsneset, saman med bl.a. Jøsneset bygdaråd og – ungdomslag. For vår del vart det med vidare i søknaden eit ønskje om å skape …

Haustskyting i Jøsenfjorden utsett

Haustskytinga i Jøsenfjorden skulle eigentleg vore avvikla fredag kveld, men pga svært sterk vind blei arrangementet avlyst.Ny arrangementdato er TORSDAG 1. SEPT kl 18.00- Skytebanen i Jøsenfjorden. Arr: Jøsenfjorden skyttarlag.

28.08.11 Jøsneset omtalt i medlemsblad

Denne veka kom cøliaki-nytt i posten til medlemmene av Norsk Cøliakiforening. Her var det eit innlegg frå Jorunn Foss som var kome med, med skryt til årets 17. mai komité på Jøsneset Innlegget kan du lese her.

Sommarbilder frå Lønnehaugen

Solveig Bog Bouzane har sendt inn nokre koselege sommarbilder: mellom anna denne flotte solnedgangen frå Lønnehaugen. Ingen tvil om at familien Bouzane har flott utsikt !!!   Sommaren 2011 går vel ikkje inn i historia som århundrets badesommar utandørs…..men kva gjer vel det når me har oppvaskkummen å ty til. Her kosar minstejenta Robin seg. …

NYE ÅPNINGSTIDER MIX`n

Cesilie på MIXn på Nesvik melder om nye åpningstider: MAND – FRED 11.00 – 20.00 og LØRD – SØND 10.00 – 20.00.

Gjil Aktivitetsenter til Hjelmeland

Bente og Svein Carlos på Gjil Aktivitetssenter startar 3.sept opp med nytt treningssenter på Sandetorjå på Hjelmeland. Dei tilbyr mange gode aktivitetstilbod, gruppetreningar og personleg-trenar-opplegg mm. Dei har stand på Sandetorjå nå på lørdag 27.august kl 10-15. Dei lokkar med gratis innmeldingsavgift og gratis t-skjorte for dei som melder som medlem ila august. Les meir …

Skulestart utan 1.klassingar

Mandag 22.august starta Jøsneset skule opp att etter sommarferien, men i år var det utan førsteklassingar både her og i Jøsenfjorden. I desse to bygdene er det rett og slett ikkje barn dette alderstrinnet. Og når 6 av fjorårets elevar i dag dro avgarde til Ungdomsskulen, blir elevtallet på Jøsneset mindre enn i fjor. I …

Fyll opp Romania-traileren

ME MINNER OM INNSAMLING AV KLÆR TIL ROMANIA.LASTEBILEN KJEM FREDAG 16. SEPTEMBER kl 17 – 18.00 v/ JØSNESET BRANNSTASJON. Inger Apeland frå Suldal er like trufast med INNSAMLING TIL ROMANIA i år som tidlegare haustar. I fleire år har ho stått på og organisert innsamling og transport av klær, utstyr og anna til Romania.  I …

Sommarbilder

Endelig dryppa det inn nokre koselege sommarbilder.  Ingunn Nesvik var på sommarferie i Solbakken ei heil veke i sommar, og knipsa med kameraet.Her er det nevø Fridrik som er ute på fisketur på Ombofjorden i Besten sin båt. Fekk de fisk mon? Men sjølv om Jøsneset er paradis på jord, så må ein jo ut …

MIKAL LAKS= Norgesmeister

Den gledelege overskrifta og foto av vinnaren er henta frå dagens STRANDBUEN.Mikal Viga på MIKALS LAKS (nr 2 frå høgre) håva inn ny 1.premie i Norgesmeisterskapet på AquaNor-messa i Trondheim.  Den vesle Jøsneslokaliserte verksemda, driven av ekteparet Mikal og Astid Fossaa Viga, og som produserer deilig røykelaks, får altså igjen gjev premie for sitt produkt.  …