21 oktober var det årleg FN-kafè med basar på skulen. Det var relativt godt frammøte, sjølv om ein god del foreldre var forhindra å kome då arrangementer var midt i arbeidstida frå 11- 12.30. Men kjekkt at mange besteforeldre og andre bygdefolk fann turen hit denne dagen. Loddsalget gjekk godt – overskotet 5 500,- går …
Dei to siste vintrane har me hatt besøk av Karin Tove Netland som har demonstrert og solgt ENJO-produkter i Trivselstova. Nå har ho sendt oss ei melding om at ho skal innover til Hjelmeland denne veka, og dersom nokon har spørsmål, noko er ødelagd eller ein treng påfyll av produkter, så kan de ta kontakt …
Volleyballstart torsdag 20. oktober! Volleyballentusiastane i bygda treng ikkje vente lenger. Me startar opp førstkomande torsdag (20. okt) kl. 20.00Denne sesongen blir det speling dei tre første torsdagane i kvar månad. Siste torsdagen er sett av til damene og deirasdamenes aften i Trivselstova. Håpar endå fleire får høve til å stilla når me legg det …
Livredningskurset den 18. oktober ble avlyst. Det blir i staden den 31.oktober kl. 18.30 på helsehuset. Dette er eit bra tilbod, som vi håpar flest mogleg nyttar seg av. Røde kors skal ha en time først med livredderkurs som går på hjertestart og kontakt med amk sentralen, dette er et kurs som Hjelmeland kommune har …
Til tross for dei særs heftige regnbygene, så måtte berre Solveig og borna på Lønnehaugen driste seg ut i regnet med fotoapparatet i dag. For dei hadde fått auge på ein gigantsopp utanfor huset…..ein sopp med diameter på heile 43 cm !! Soppen var kvit og hadde ikkje heilt rund form, men var …
Dei fleste som er ute og ferdast på vegen mot Nesvik har nok merka gravinga langsmed vegen. Det er kommunen som har sett i gong med vassutbygginga på Jøsneset. Første fase er å forlenge hovudvassledningen frå Mikal Laks og bort til skulen; der det skal etablerast nytt høgdebasseng. Leiar på Teknisk seksjon Morten Jensås …
Kristiane Hjelmeland kommune har nyleg vedteke ny kommuneplan – eit dokument som er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy dei komande åra. Tekstheftet til planen er illustrert med flotte barneteikningar og koselege dikt – alle bidraga er laga av elevar ved Jøsneset skule. For 1-2 år sidan sende kommunen ut utfordringa til skulane i kommunen om …
Lørdag 1. oktober (den stille, deilige, varme solfylte haustdagen) kunne me møte desse spreke studentane ved varden på Gunlanuten. Det var litt tilfeldig dei hamna her, for dei hadde aldri vore her før, men via googling på nettet fann de tursti-kartet vårt og kunne dermed legge ut på helgetur på Jøsneset. Dei hadde bestemt seg …
I runden rundt i bygda blei det samla inn 30-40 brukte mobilar, som nå blir resirkulert hjå Telenor. Dette brakte +/- 1300 kr inn på kontoen til Hjelmeland Idrettslag, som gjorde innsamlingsjobben for Telenor. Takk for bidraga.
Alle har vel lengta etter sommaren som ikkje heilt slo til i år. Og den historisk regnfulle og klissblaute september månad gjorde vel sitt til at me blei enda meir «værsjuke» enn godt er. Men som eit lite eventyr openberra dei siste dagane i september seg med sol, blikkstille fjord og over 20 grader varme …
Er det ein ting «KorLøye» er gode på, så er det svinlange sommar-feriar. I år har me hatt sommarpause sidan før påske! Men nå går det mot vinter, og då trekkjer songfuglane innomhus, og gudane må vite kor rustne røstene er blitt etter sommaren.Men som vanleg er denne variert samensette songglade «på-tvers-av-bygdegrense-gjengen» med svært godt …
Helsebadinga startar opp att i oppvarma basseng på Hjelmeland den 17.oktober. Kvar måndag Kl 17.30-18.30 for småbarn med føresette. 18.30-19.30 for vaksne. Det kostar litt å vere med, nærare info kjem når dette er klart.
Eldretreffen startar opp att i Trivselståvå den 29.09.11 kl. 10. Datoar for hausten blir vidare: 13.10, 27.10, 10.11, 24.11 og 8.12. Pga middag er det påmelding til Olga Hjorteland på tlf 51751947. Vel møtt, og hugs det er plass til fleire!
NAV-leiar Svanhild Hjorteland kjem den første damekvelden i haust! Ho vil snakke om pensjon – eit viktig tema for oss damer å vite noko om! I tillegg kan ho fortelle litt om hvilke oppgåver som ligger til eit NAV-kontor. Så vel møtt torsdag 29.09.11 kl 20.00 på Trivselståvå. Helselaget
Bli med på eit miljøløft samtidig som du støttar Hjelmeland Idrettslag !! Fram til 3.oktober blir det innsamling av BRUKTE MOBILTELEFONAR. Hjelmeland Idrettslag organiserer innsamlinga her, og mottar kr 35,- pr innsamla mobil til lokalt idrettsarbeid. Dei «utbrukte» mobilane vil bli resirkulert, og dette skjer i regi av Telenor. Les meir om returordninga til TELENOR. …
Kjekkt å sjå at utflytta Jøsnesbuar gjer det godt. Leiv Gunnar Skiftun, som er oppvaksen midt i «tjukkaste» Skiftudalen og er bror til TorMagne, er i haust kåra til historias første » ÅRETS KVINDØL». Dette kan me lese i avisa Agder Flekkefjord Tidende. Me gratulerar med den gjeve tittelen og alle godorda frå ordføraren om …
Fredag 23.09.11 er det gjennomført ei bøsse-innsamling for Nasjonalforeningen for folkehelsen sin Demensaksjon. Resultatet var svært flott dette året, og utan å ha lett tilbake i bøkene ennå, så antar vi at det kanskje kan vere rekord? Beløpet som vart samla inn, og som uavkorta vert gitt Demenssaka, var på heile kr 4485,-. Kva går …
Det er full fart i produksjonen av Buhagen-produkt nå på hausten. Epler og pærer blir hausta inn, og mange av dei saftige epla går til safting i eige presseri. Villsauer og Jerseykalvar er klar for slakting, og desse blir det både gode kjøtprodukt og fine skinn av. Meir info og prisliste finn du på BUHAGEN …
Husk dem som glemmer! Fra 19.-25. september arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsens helselag og demensforeninger den årlige Demensaksjonen. Ta vel imot bøssebærerne! På Jøsneset vil bøssebærerne gå rundt den 23.09.11. I Demensaksjonen 2011 samler Nasjonalforeningen inn midler til forskning, helseinformasjon og lokale tiltak for å bedre livet til syke og pårørende. Aksjonen arrangeres samtidig med den …
Ryfylke Miljøverk har i dag etablert ny miljøstasjon for bygda inne ved Nesvik-fyret v/ RV13, dvs ca 4-500 m på riksvegen inn mot Jøsenfjorden. Den gamle miljøstasjonen på Nesvik er altså nedlagd. Kjem du til den gamle miljøstasjonen på Nesvik, møter du dette skiltet: RYMI fortel at dei måtte flytte frå den gamle staden, og …