Pga fare for isras på Tysdalstranda blei RV13 stengd i to dagar.Det blei sett opp ferje mellom Tau og Hjelmeland.Vegen blei opna igjen lørdag ettermiddag. Info i avisene: Aftenbladet og Strandbuen.
Tirsdag 28. februar blir det årsmøte i Jøsneset bygdaråd. Møtet blir halde i Trivselsstova og startar klokka 19.30. Det blir vanlege årsmøtesaker, me får besøk frå Hjelmeland Sparebank som har gitt oss pengar til ny oppvaskmaskin OG me skal diskutera framtida til den tradisjonelle juletrefesten. Det blir sjølvsagt kaffi og noko attåt å få, så …
Den faste volleyballtreninga går ut torsdag 23 feb pga vinterferie, idrettskader og vårrull-eting Det betyr det blir dobbel så hard innsats neste torsdag 29 feb. Då blir det full rulle igjen…
Dei flotte snøforholda innover heia held seg, og søndag 12 feb var ein usedvandleg fin og vindstille solskinnsdag som ga nesten påskeaktig stemning rundt den gamle stølsbua ved Skiftustølen. Det er mykje snø i heia og flotte forhold for skigåing, og i dag var det fleire av bygdefolket som koste seg på ski i Fossmarka og …
Både på Jøsneset, Ombo, Randøy låg det trådlause nettet nede nokre timar torsdag denne veka. Dette skuldast med stor sannsynlegheit den store militærbåten som gjekk ute i Ombofjorden denne dagen. IT-ansvarleg i kommunen seier at dei fekk opp radarmelding når dei leita etter feilen, så det er ikkje usannsynleg at båten hadde så sterk radar at dette «lamma» …
Trine Danielsen, Ordførar i Hjelmeland (H). (Foto: Arild Eskeland/NRK) Tapas står på menyen JØSNESET HELSELAG BLIR 75 ÅR!! Denne store «happeningen» blir markert på årsmøtet i helselaget tysdag den 13.03.12 kl. 18.30. Trine Danielsen kjem for å markere dagen i lag med oss! Leiar for fylkesstyret i Nasjonalforeningen for folkehelsen i …
Kommunen hadde ikkje arbeidd meir enn eit par dagar før kulda sette inn og sette ein stoppar for gravearbeidet i vegen ned mot Skiftun kai. Med «ein gylden halvmeter» tele i jorda blei arbeidet vanskeleg. Arbeidet er nå sett «på vent» til tela går. Det er altså vassutbygging på gang. Det skal leggjast vassledning frå det nye høgdebassenget …
Senterpartiet inviterte til ope debattmøte for folk i bygdene Jøsenfjorden og Jøsneset mandag kveld. Over 20 stk møtte opp på Fjordahuset i Jøsen-fjorden til debatt om utvikling av bygdene våre, derav 4 frå Jøsneset. Ikkje uventa vart det meinings-utveksling om den pågåande saken om nedlegging av Jøsenfjorden skule og ev samkjøring med Jøsneset skule. Oppvekstutvalet …
I mai kjem det nye ferjeruter i sambandet Hjelmeland – Nesvik – Ombo. Bygdaråda i Jøsneset og Jøsenfjorden har gått saman om å skriva ein uttale om saka som du kan lesa her
Nysnøen dei siste dagane har skapt fine skiforhold innover Fossmarka. Det er godt med lett, tørr fin nysnø, så om du ikkje er redd for ein god del motbakkar, så kan det vere eit søndagsturtips å legge skituren innover vår eiga hei. Lørdag ettermiddag kjørte Johan på Foss med traktorskrapa på skogsvegen, så nå er det …
Senterpartiet innbyr til ope folkemøte for ALLE uansett kva parti du stemmer på eller kor du bur!!Me på nordsida av fjorden, Jøsenfjorden og Jøsneset, er spesielt invitert, men SP tar òg imot «busslaster frå sørsida» SP inviterer til open diskusjon om det me måtte ha på hjarta og det me brenn for i bygdene våre…og …
Det er anleggsarbeid på gang i Skiftudalen. Det er kommunen som fortset vassutbygginga. Nå skal det gravast ned vassledningar frå skulen, der høgdebassenget ligg) og ned langsmed kommunal veg til Skiftun kai /fiskemottaket. I same trasè blir det òg gravd ned ein kraftig straumkabel (sjå foto). I går, tirsdag, blei desverre nettkabelen gravd av; noko som medførte at delar …
Årets vinter har ikkje vore like fin som dei to føregåande. Men innimellom austavind, høljeregn og slapsevær, så glimtar det til med fine stemningsfulle stunder som det gjeld å nyte. Her frå Stien ovanfor Foss der naturen er kledd i sin vinterdrakt. Sjølv når skyene heng lågt, ja svært lågt, kan det vere stemningsfullt. Her …
Vår lokale representant i Hjelmeland Hagelag, Elsa Nesvik Altamirano, fortel at ROSEKVELDEN sist veke blei godt besøkt, og dei hadde nok ein trivsleg hagekveld på Jøsneset. Ca 30 deltakarar, deriblandt ca 10 frå Hjelmelandssida. Det var bra på denne særs forblåste januarkvelden!! Skryt til Hagelaget som «tør» å satse på arrangementer også på nordsida av fjorden, …
Hjelmeland Turlag inviterer oss til Årsmøte + god mat, info om Metorittkrateret på Ritland og fotos frå heiane våre. Spinneriet, Hjelmeland 2.feb kl 19.30. Les plakaten HERPS: visste du forresten at i Hjelmeland er me «norgesmeistrar» i Turistforeningsmedlemskap: ingen kommune i landet har så mange medlemmer ift innbyggartal…….har hørt rykter om rundt 13 %. Vil du …
Barnetrimmen er i gang og starta bra i dag. Mange glade ungar fekk endeleg trimma seg igjen, etter pause sidan før jul. Lista over datoar og ansvarlege for barnetrimmen finn du i menyen til venstre under lag/organisasjonar og helselaget. Du kan og finne lista her.
Eit av fleire fortrinn ved å bu på Jøsneset, er at det er kort veg frå fjord til fjell. Kun ein halvtimes kjøring unna, så er me oppe i flott skiterreng, med masse preparerte skiløyper, skitrekkk og lysløype….og ikkje minst flotte heiområder for «frigåing». Og nå er det snø og flotte forhold. Eit godt tips: …
I går 16 januar dumpa det ned nye rutehefter i postkassen, med verknad frå same dato. Kolumbus melder at det er gjort små minuttjuseringar på enkelte ruter for å «bedre punktligheten»…mellom anna er hurtigbåten nå på Nesvik kl 17.00 på kvardagane (i staden for 17.05). Har du ikkje fått ruteheftet, så finn du det ved å …
Den siste tida har det vore mykje nedsett kapasitet på ferja pga farleg last. Norled sender ut SMS-varsel. Men obs : av og til kjem meldingane frå Norled RETT før avgang, som td i går 18 jan då Norled sendte ut melding om nedsett kapasitet eit kvarter før ferjeavgongen. Då var det kun 12 passasjerar som kunne bli …
Norsk Plan, kommunikasjonsbedrifta i Ryfylke som har designa nettsida vår, kommenterer i sin firmablogg den aukande trafikken på sida vår. Norsk Plan skriv mellom anna : » Stoffet er ultralokalt, akkurat slikt vi likar å lese om heimplassen vår«.Ja, me er ultralokale….og det fortset me med: dette er sida der ingenting er for lite Men dei skriv …