Siste nytt

18.03.12 Mot ny rekord?

Det er rapportert om desse besøkstala i dag på turpostane på Jøsneshalvøya: (Foto: Svanhild Hjorteland Gbada)   Tausanibben: 18 Norda Høgaste: 7 Gunlanuten: 5 Røssenibben: 2 Valafjell: 2 Fosstemmen: (huska ikkje) Håvehammar: 179 Nesdalsfjell: 102 Brynå: 45 Hilsen ein som hadde full pott i dag (59 poeng)

Kvinnesterk 75årsjubilant

Jøsneset Helselag, Nasjonalforeningen for folkehelse, iviterte bygdefolket til jubileumsfeiring og årsmøte sist veke.  Det blei ordførarbesøk, fylkesleiarbesøk, nydeleg tapas, knakande gode fløtekaker, blomsterdryss og sjølvsagt «god,gammeldags» basar med god inntekt og spaning rundt gevinstutdelinga. Her er nokon  avtroppande, nokon gjenværande og nokon påtroppande styremedlemmer i det kvinnesterke helselaget. Ingeborg Westersjø gjekk av som leiar, og …

Josè spelar Påskeafta

Set av PÅSKEAFTA PÅ JØSNESET, folkens. «Vår eigen» one-and-only JOSÈ ALTAMIRANOspelar opp til dans!! Og som alle veit: då blir det god musikk, bra liv og show på dansegolvet.Hukk av datoen 7.april – les plakaten HER.  Arr : Jøsneset Ungdomslag.

Skiftudal Open 28 juli

Depp ikkje lengre over at Sandvolleyen i Byn er historie. Skiftudal Open bestårLes den ferskt ankomne pressemeldinga frå OJ Event i Copacabana HER

Endring i skulestruktur

Denne vinteren har det vore mykje debatt om skulestukturen i kommunen. I neste møte i Oppvekstutvalet skal det tas stilling til to skulesaker som får betydning for Jøsneset. Det blir lagt opp til at Jøsenfjorden skule blir nedlagd, og at elevane i Jøsenfjorden skal flyttast over til Jøsneset skule. Les oppvekstsakene hos Hjelmeland kommune. På førre møte i Samarbeidsutvalet …

Flotte gevinstar strøymer inn til basaren

Årsmøtet til Nasjonalforeningen Jøsneset helselag tysdag 13. mars kl. 18.30 i gymsalen. Som de sikkert har sett, er hovudgevinsten på årets basar sponsa av Aksel Hansson, ein flott Aksel gyngestol. No har vi også fått inn fleire premiar, bl.a vil det bli trekt to gåvekort frå SpaHotell Velvære på Hjelmeland. Som de skjønar, er det …

Samling for bygdekvinnene

Mandag 19. mars 19.30 Høiland Gard.«Eg bur i Hjelmeland – naturlegvis!» er temaet, med undertema: kva som skal til for å skapa bu-lyst og bli-lyst?Invitasjon til samling finn du her

Tupperwareselskap

Tirsdag 20. mars kl 19.30 i Trivselstova. Aud Ullestad demonstrerer . Alle som kjem får ein coolsmart 8 dl boks Tilbudsblad og brosjyrer blir lagt ut på MIXn på førehand.   Gløym alt det gråa frå 80-talet – her er mykje sprekt i  modrene design, knasje fargar og masse spennande og råpraktiske bruksting. Sjå elles …

Sei di meining om nye ferjeruter

Det føreligg nå forslag til nye ferjeruter frå Statens Vegvesen.  Har du synspunkt?? Send din uttale via kommunen på epost til postmottak@hjelmeland.kommune.no eller kontakt Bygdarådet. Dagens ruter finn du HER.Forslag til nye finn du HER. Det er ein del endringar, så følg med. NB NB veldig kort frist: 12.mars !!

Slik blir Sandsfjord bru

I desse dagar er det mykje snakk om samferdselsprosjekter, og mest fokus får nok nye prosjekt sørover mot Stavanger; som ny tunnel langs Tysdalsvatnet og Ryfast som kanskje nå «spissar seg til». Men kommunikasjon nordover mot Haugesund og Bergen er òg viktig for oss. Bru over Sandsfjorden er ferdig prosjektert, arbeidet startar alt neste år …

Givarglede på Bygdarådet sitt årsmøte

På Bygdarådet sitt årsmøte 28. februar stilte påtroppande banksjef i Hjelmeland sparebank, Susanna Poulsen, opp med ein sjekk på kr 20 000,- som skal brukast til ny oppvaskmaskin i Trivselsstova. Susanna fortalde at banken ,på grunn av gode resultat, no kunne legga 2 nye millionar i gåvefondet sitt. Tiltak som kjem barn og ungdom til …

Foggy day in Foss

På skuddårsdagen 29 februar 2012 hang tåka tett over bygda og fjorden, også på Foss, noko som ga fine stemningar. Kanskje det letnar?   Er det Fossbakke-trollet som er ute å spring på lette bein?? Flott er det òg når skyene lettar og himmelen stikk framom (foto tatt tidlegare i februar)Alle foto Svanhild H Gbada

Foggy day in Foss

På skuddårsdagen 29 februar 2012 hang tåka tett over bygda og fjorden, også på Foss, noko som ga fine stemningar.   Er det Fossbakke-trollet som er ute å spring på lette bein?? Flott er det òg når skyene lettar og himmelen stikk framom (foto tatt tidlegare i februar)Alle foto Svanhild H Gbada

Anleggsarbeid mot Skiftun kai

Anleggsarbeidet langsmed kommunal veg ned mot Skiftun kai er sett i gong igjen etter at frostperioden er over. Det vil bli gravd langs heile traseen mellom skulen/Skiftukrossen og ned til Skiftun kai. Vegen vil bli stengd i kortare periodar !! Det er kommunalt vatn som skal førast fram + at det blir gravd ned straumkabel.  …

Turåret 2012

Hjelmeland Turlag er klar med TURPROGRAMMET FOR 2012. Hjelmeland Turlag er lokallag under Stavanger Turistforening, som i år har 125-årsjubileum. NB: Tidlegare har Hjelmeland Turlag sendt ut Turprogrammet i postkassane til alle husstandane i kommunen. Pga store kostnader med dette prøver ein dette året å spre budskapet via andre kanalar; som nett og meir annonsering …

MF Høgsfjord

Norled melder at MF Høgsfjord vil gå i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Ombo i ca 14 dagar, dvs fram til ca 12 mars.Passaserjar som vil kontakte ferja i den peridoen bes ringe 915 53 643

Lakenskrekk??

Er det Helselaget sin nye Turpost-kolleksjon??  Siste skrik for å lokke folk med lakenskrekk ut på tur? Eller muligens siste nytt innen «varme senger» på Fosstemmen ?? Eller kanskje det er Turpost-kassens kamuflasjeutstyr i vinterterrenget…..lei av besøk, kanskje?? Hmmmm  ……Men skulle du sakne eit kvitt stretjs-laken, så er det klar for henting ved Fosstemmen….klar for …

Lær å lage vårrullar

Lise Tjeltveit kjem og har eit lite «minikurs» for å lære oss å lage VÅRRULLAR!! sjå plakaten her!   Dette var sprekt Og veldig kjekt at ho har vinterferie akkurat nå, slik at ho kan være med på damekvelden og lære oss dette. Det blir handla inn nødvendige ingrediensar. Det blir høve til å smaka …

Vannvittig utforkjøring som enda godt

Ei ung jente på 21 år kjørte idag tidleg utfor vegen ved Vardane. Bilen stupte i fjorden og var på veg ned i djupet med jenta inni !!På utruleg vis kom ho seg ut av bilen, kravla opp steinura opp på vegen og gjekk våt og kald i snøslaps og mørke tunellar i 3 km …

Fruktbøndene svingar seg i toppane

Sjølv om me berre er i februar og gradestokken viser sure minus og me har slaps og snø, så er fruktdyrkarane i bygda i full sving med årets fruktsesong. For fruktdyrking handlar ikkje berre om innhausting av flotte saftige epler og pærer på hausten. Nå skjer ein av dei viktigaste og mest arbeidskrevjande prosessane i fruktdyrking; skjæring …