Nå er det på tide å pusse støv av turskoa og legge deg i trening til årets styrkeprøve: HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR. Set av 1.pinsedag, søndag 27 mai !!! Dette blir 4.gong «løpet» går, og igjen satsar me på strålande turvær, mange spreke deltakarar og god utsikt over fjordar, fjell og himmel frå dei høgaste toppane …
På plakat-tavla på Skiftu-krossen står denne plakaten oppslått: «Hunde pass kr 12,00. Inkluderer hundar som drar mye.Vis du vil at eg skal Gå tur med hunden din ring 51 75 18 14. VOF !!!!!!!!» Kva prisen blir etter vårens tariffoppgjer er sanneleg ikkje godt å seie
Ein av påsketuristane må ha hatt det travelt med å kome seg ned frå heia, for ryggsekken blei varande igjen i Fossmarka. Ryggsekken, som er stor, god og grøn, hang i kveld ved turposten på Fosstemmen (nokon kan ha funne den ein annan plass og hengt den der). Kan den vere din? Rett eigar kjenner …
Sagnet seier at det ligg ei gryte med gull i enden av regnbuen. I såfall er skiftubøndene rike, for idag var endane på regnbuen å finne på begge sider av Skiftudalen
Send oss dine påskebilder; anten det er frå terassestolen, basaren, snøfjellet, fiskefangsten, bjørkeskogen, påskeliljer, nyfødte lam, eller kva det måtte vere. ungdomslaget@josneset.no. 13.04.12: desverre så mottok me ikkje eitt einaste påskebilde
Påsken og våren er turtid. Treng du tips om kor turen skal gå?Prøv Turistforeningens nye tur-«app» UT. Mobilen din tar då utgangspunkt i der du er; og du får turforslag i nærleiken: td. til «Majesteten på Jøsneset» Gunlanuten, eller Bandåsen på Ombo, Skomakarnibbå osv. Vil du ha enda meir lokale turforslag, finn du det her …
Samfunnshus-styret har sendt ut invitasjon til PÅSKEBALL…..
Jøsneset Barnehage har igjen fått opp ein flott kunstutstilling i salongane på ferja, til glede for alle påskereisande. Nå er det ikkje berre Ropeidferja som er prega av lokal kunst. Det er fleire ulike teknikkar som er brukt; kolstift, kolasje, vannfargar og oljefargar. I kolstiftteikningane er temaet «sjølvportrett», og her ser me ei fantastisk tolking …
Norled seier seg leie for komplikasjonane som oppstod for alle ferjereisande palmefredag, då dei kjørte med redusert kapasitet midt i travlaste påskerushet. Dei kompenserar nå med 250 gratisbilettar som «plaster på såret». Først til mølla-prinsippet!! Gratisbilettane får du HER eller les meir….
Sist helg, lørdag 24.03.12, ble det prøvd å svi på Herefjellet. Men resultatet var ikkje heilt vellukka.. Teoriane var mange undervegs, nokon meinte det var for seint på året, andre meinte det var for tidleg, medan nokon meinte det hadde regna for mykje og tørka for lite opp først. Iallefall ville det ikkje …
Siste damekvelden i vår var torsdag 29. mars. Det blei ein kreativ kveld med sju ivrige damer som laga påskepynt. Vi tova flotte påskekyllinger av isopor og ull. Resultatet blei nå slett ikkje verst I ivrig konsentrasjon.. Fleire ferdige produkt: Pikkande høns Dei flottaste hønså av adle måtte jo …
Onsdag 4. april kl 19.00 er det klart for årets BEDEHUSBASAR – ein god, gammeldags basar med skriving i basarbøker, trekning av flotte gevinstar, andakt, god mat og tett/fullpakka stemning. Inntekta går til drift, reperasjonar og vedlikehald av bedehuset, og er ei av husets viktigaste inntektkjelder. Talar for kvelden er Ole Dagfinn Østhus, og her …
Tirsdag 27 mars var det innsamling til KIRKENS NØDHJELPs Fasteaksjon 2012. Helga Havnerås var med å samla inn og koordinerte arbeidet. Ho fortel at det kom inn heile 5 100,- frå runden rundt i bygda, noko som er 200 kr meir enn i fjor – og det til trass i det var mange de ikkje …
Kommunestyret har møte onsdag 28.mars kl 17.00, der mellom anna skulestruktursaka blir behandla, samt nedlegging av Jøsenfjorden skule og samlokalisering med Jøsneset skule. Følg kommunestyret på nett, så får du med deg kva representantane seier i dei ulike sakene. Gå til kommunestyret HER.
MIXn åpner ikkje før kl 14.00 på tirsdag 27.03. pga straumstansen som er varsla på Skiftun frå 09.30 – 14.00. Åpningstider i Påsken blir frå 10.00 til 21.00 kvar dag.MVH Cesilie
Her blir det mykje lått og løye, utlodning av fine gevinstar, dans og gourmetmat.Les plakaten HER. Ungdomslaget ber frivillige melde seg for ein times «vakt» og «ryddehjelp»Ta kontakt med Maria 977 55 322
Krokusane står i full blomst, tjelden er tilbake i fjæra, flaggermusene er ute av dvalen og lemminga så smått i gong. Mykje flott skjer om våren og laurdag 24 mars 2012 går inn i historia som ein særs etterlengta solskinnsdag der våren «spratt fram» etter den våte, kalde vinteren. Send oss DIN VÅRSTEMNING i form …
På det store, årlege landbruksmøtet i kommunen er det to bønder frå Jøsneset som er utfordra til å fortelje om sine bruk:Silje Sværen som i 2010 fekk landbrukets heiderspris i Rogaland: satsar økologisk på mjølk og villsau. Sven Gjil Westersjø som vil fortelje om si storsatsing på sau.Hjelmeland Samfunnshus tysdag 27 mars 19.30. Møt opp …
Damekvelden denne gong blir rett i forkant av påske, så vi tar ein liten påskevri på den og lagar litt lett påskepynt Så kan du enten ta med deg noko du vil lage sjølv, eller du kan prøve deg på noko helselaget har kjøpt inn. Helselaget spanderer kaffi og litt å bite i. Vel …
Det skal arrangerast temamøte om demens på Årdal omsorgssenter den 19.04.12 kl. 18.30. Sjå lappen her.