Her blir det mykje lått og løye, utlodning av fine gevinstar, dans og gourmetmat.Les plakaten HER. Ungdomslaget ber frivillige melde seg for ein times «vakt» og «ryddehjelp»Ta kontakt med Maria 977 55 322
Krokusane står i full blomst, tjelden er tilbake i fjæra, flaggermusene er ute av dvalen og lemminga så smått i gong. Mykje flott skjer om våren og laurdag 24 mars 2012 går inn i historia som ein særs etterlengta solskinnsdag der våren «spratt fram» etter den våte, kalde vinteren. Send oss DIN VÅRSTEMNING i form …
På det store, årlege landbruksmøtet i kommunen er det to bønder frå Jøsneset som er utfordra til å fortelje om sine bruk:Silje Sværen som i 2010 fekk landbrukets heiderspris i Rogaland: satsar økologisk på mjølk og villsau. Sven Gjil Westersjø som vil fortelje om si storsatsing på sau.Hjelmeland Samfunnshus tysdag 27 mars 19.30. Møt opp …
Damekvelden denne gong blir rett i forkant av påske, så vi tar ein liten påskevri på den og lagar litt lett påskepynt Så kan du enten ta med deg noko du vil lage sjølv, eller du kan prøve deg på noko helselaget har kjøpt inn. Helselaget spanderer kaffi og litt å bite i. Vel …
Det skal arrangerast temamøte om demens på Årdal omsorgssenter den 19.04.12 kl. 18.30. Sjå lappen her.
Det er rapportert om desse besøkstala i dag på turpostane på Jøsneshalvøya: (Foto: Svanhild Hjorteland Gbada) Tausanibben: 18 Norda Høgaste: 7 Gunlanuten: 5 Røssenibben: 2 Valafjell: 2 Fosstemmen: (huska ikkje) Håvehammar: 179 Nesdalsfjell: 102 Brynå: 45 Hilsen ein som hadde full pott i dag (59 poeng)
Jøsneset Helselag, Nasjonalforeningen for folkehelse, iviterte bygdefolket til jubileumsfeiring og årsmøte sist veke. Det blei ordførarbesøk, fylkesleiarbesøk, nydeleg tapas, knakande gode fløtekaker, blomsterdryss og sjølvsagt «god,gammeldags» basar med god inntekt og spaning rundt gevinstutdelinga. Her er nokon avtroppande, nokon gjenværande og nokon påtroppande styremedlemmer i det kvinnesterke helselaget. Ingeborg Westersjø gjekk av som leiar, og …
Set av PÅSKEAFTA PÅ JØSNESET, folkens. «Vår eigen» one-and-only JOSÈ ALTAMIRANOspelar opp til dans!! Og som alle veit: då blir det god musikk, bra liv og show på dansegolvet.Hukk av datoen 7.april – les plakaten HER. Arr : Jøsneset Ungdomslag.
Depp ikkje lengre over at Sandvolleyen i Byn er historie. Skiftudal Open bestårLes den ferskt ankomne pressemeldinga frå OJ Event i Copacabana HER
Denne vinteren har det vore mykje debatt om skulestukturen i kommunen. I neste møte i Oppvekstutvalet skal det tas stilling til to skulesaker som får betydning for Jøsneset. Det blir lagt opp til at Jøsenfjorden skule blir nedlagd, og at elevane i Jøsenfjorden skal flyttast over til Jøsneset skule. Les oppvekstsakene hos Hjelmeland kommune. På førre møte i Samarbeidsutvalet …
Årsmøtet til Nasjonalforeningen Jøsneset helselag tysdag 13. mars kl. 18.30 i gymsalen. Som de sikkert har sett, er hovudgevinsten på årets basar sponsa av Aksel Hansson, ein flott Aksel gyngestol. No har vi også fått inn fleire premiar, bl.a vil det bli trekt to gåvekort frå SpaHotell Velvære på Hjelmeland. Som de skjønar, er det …
Mandag 19. mars 19.30 Høiland Gard.«Eg bur i Hjelmeland – naturlegvis!» er temaet, med undertema: kva som skal til for å skapa bu-lyst og bli-lyst?Invitasjon til samling finn du her
Tirsdag 20. mars kl 19.30 i Trivselstova. Aud Ullestad demonstrerer . Alle som kjem får ein coolsmart 8 dl boks Tilbudsblad og brosjyrer blir lagt ut på MIXn på førehand. Gløym alt det gråa frå 80-talet – her er mykje sprekt i modrene design, knasje fargar og masse spennande og råpraktiske bruksting. Sjå elles …
Det føreligg nå forslag til nye ferjeruter frå Statens Vegvesen. Har du synspunkt?? Send din uttale via kommunen på epost til postmottak@hjelmeland.kommune.no eller kontakt Bygdarådet. Dagens ruter finn du HER.Forslag til nye finn du HER. Det er ein del endringar, så følg med. NB NB veldig kort frist: 12.mars !!
I desse dagar er det mykje snakk om samferdselsprosjekter, og mest fokus får nok nye prosjekt sørover mot Stavanger; som ny tunnel langs Tysdalsvatnet og Ryfast som kanskje nå «spissar seg til». Men kommunikasjon nordover mot Haugesund og Bergen er òg viktig for oss. Bru over Sandsfjorden er ferdig prosjektert, arbeidet startar alt neste år …
På Bygdarådet sitt årsmøte 28. februar stilte påtroppande banksjef i Hjelmeland sparebank, Susanna Poulsen, opp med ein sjekk på kr 20 000,- som skal brukast til ny oppvaskmaskin i Trivselsstova. Susanna fortalde at banken ,på grunn av gode resultat, no kunne legga 2 nye millionar i gåvefondet sitt. Tiltak som kjem barn og ungdom til …
På skuddårsdagen 29 februar 2012 hang tåka tett over bygda og fjorden, også på Foss, noko som ga fine stemningar. Kanskje det letnar? Er det Fossbakke-trollet som er ute å spring på lette bein?? Flott er det òg når skyene lettar og himmelen stikk framom (foto tatt tidlegare i februar)Alle foto Svanhild H Gbada
På skuddårsdagen 29 februar 2012 hang tåka tett over bygda og fjorden, også på Foss, noko som ga fine stemningar. Er det Fossbakke-trollet som er ute å spring på lette bein?? Flott er det òg når skyene lettar og himmelen stikk framom (foto tatt tidlegare i februar)Alle foto Svanhild H Gbada
Anleggsarbeidet langsmed kommunal veg ned mot Skiftun kai er sett i gong igjen etter at frostperioden er over. Det vil bli gravd langs heile traseen mellom skulen/Skiftukrossen og ned til Skiftun kai. Vegen vil bli stengd i kortare periodar !! Det er kommunalt vatn som skal førast fram + at det blir gravd ned straumkabel. …
Hjelmeland Turlag er klar med TURPROGRAMMET FOR 2012. Hjelmeland Turlag er lokallag under Stavanger Turistforening, som i år har 125-årsjubileum. NB: Tidlegare har Hjelmeland Turlag sendt ut Turprogrammet i postkassane til alle husstandane i kommunen. Pga store kostnader med dette prøver ein dette året å spre budskapet via andre kanalar; som nett og meir annonsering …