Siste nytt

Pulsklubben 6-12 år

Sjå nettsida www.pulsklubben.no for eit nytt tilbud som Nasjonalforeningen for folkehelsen har presentert. Pulsklubben er for barn mellom 6 og 12 år. Her kan du registrere den fysiske aktiviteten du gjer, av forskjellig slag t.d skigåing, sykling, hoppe tau, gå tur m.m. Aktiviteten blir rekna om til pulskilometer, og du kan deretter oppnå bronse, sølv …

Nye bussruter frå 1.mai

Ikkje berre ferjene som fornyar rutene sine: dette gjeld òg bussrutene mellom Hjelmeland og Tau. Nå kan du td ta buss frå Hjelmeland og vere i byen til kl 08 . Sjekk rutene HER.

18.04.12 Ekskursjon til Årdal

Som tidlegare nevnt her på nettsida, så er Jøsneset med på bulystprosjektet til kommunen «24/7».  Jøsneset helselag og Jøsneset bygdaråd er med i arbeidsgruppa «Møteplassar i naturen» i lag med Årdal bygdaråd og idrettslag. Det har lenge vore planlagt ekskursjonar for å besøke kvarandre. Denne onsdagen, 18.04.12, så var det Jøsneset som skulle på ekskursjon …

Nye ferjeruter !!

Kommunen har fått tilsendt nye ferjeruter frå  Statens Vegvesen, og desse skal gjelde frå 1.mai.Det er ein god del endringar, så vær OBS når du skal ut å reise etter 1.mai.Ferjerutene finn du HER

Nærmar seg HARDHAUSEN

Nå er det på tide å pusse støv av turskoa og legge deg i trening til årets styrkeprøve: HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR. Set av  1.pinsedag, søndag 27 mai !!! Dette blir 4.gong «løpet» går, og igjen satsar me på strålande turvær, mange spreke deltakarar og god utsikt over fjordar, fjell og himmel frå dei høgaste toppane …

Ny nisje-næring i bygda

På plakat-tavla på Skiftu-krossen står denne plakaten oppslått: «Hunde pass kr 12,00. Inkluderer hundar som drar mye.Vis du vil at eg skal Gå tur med hunden din ring 51 75 18 14. VOF !!!!!!!!» Kva prisen blir etter vårens tariffoppgjer er sanneleg ikkje godt å seie

Savner du ein ryggsekk?

Ein av påsketuristane må ha hatt det travelt med å kome seg ned frå heia, for ryggsekken blei varande igjen i Fossmarka. Ryggsekken, som er stor, god og grøn, hang i kveld ved turposten på Fosstemmen (nokon kan ha funne den ein annan plass og hengt den der). Kan den vere din? Rett eigar kjenner …

Gullrusj i Skiftudalen

Sagnet seier at det ligg ei gryte med gull i enden av regnbuen. I såfall er skiftubøndene rike, for idag var endane på regnbuen å finne på begge sider av Skiftudalen

Send oss påskebilder

Send oss dine påskebilder; anten det er frå terassestolen, basaren, snøfjellet, fiskefangsten, bjørkeskogen, påskeliljer, nyfødte lam, eller kva det måtte vere. ungdomslaget@josneset.no. 13.04.12: desverre så mottok me ikkje eitt einaste påskebilde

Turtips i nærmiløet

Påsken og våren er turtid. Treng du tips om kor turen skal gå?Prøv Turistforeningens nye tur-«app» UT. Mobilen din tar då utgangspunkt i der du er; og du får turforslag i nærleiken: td. til «Majesteten på Jøsneset» Gunlanuten, eller Bandåsen på Ombo, Skomakarnibbå osv. Vil du ha enda meir lokale turforslag, finn du det her …

Påskeball på Samfunnshuset

Samfunnshus-styret har sendt ut invitasjon til PÅSKEBALL…..

Kunstutstilling på ferja

Jøsneset Barnehage har igjen fått opp ein flott kunstutstilling i salongane på ferja, til glede for alle påskereisande. Nå er det ikkje berre Ropeidferja som er prega av lokal kunst. Det er fleire ulike teknikkar som er brukt; kolstift, kolasje, vannfargar og oljefargar. I kolstiftteikningane er temaet «sjølvportrett», og her ser me ei fantastisk tolking …

01.04 Gratis ferjereiser !!

Norled seier seg leie for komplikasjonane som oppstod for alle ferjereisande palmefredag, då dei kjørte med redusert kapasitet midt i travlaste påskerushet. Dei kompenserar nå med 250 gratisbilettar som «plaster på såret». Først til mølla-prinsippet!!  Gratisbilettane får du HER eller les meir….

Forsøk på å svi av Herefjellet

Sist helg, lørdag 24.03.12, ble det prøvd å svi på Herefjellet. Men resultatet var ikkje heilt vellukka..     Teoriane var mange undervegs, nokon meinte det var for seint på året, andre meinte det var for tidleg, medan nokon meinte det hadde regna for mykje og tørka for lite opp først. Iallefall ville det ikkje …

Kreativ damekveld

Siste damekvelden i vår var torsdag 29. mars. Det blei ein kreativ kveld med sju ivrige damer som laga påskepynt.     Vi tova flotte påskekyllinger av isopor og ull. Resultatet blei nå slett ikkje verst   I ivrig konsentrasjon..     Fleire ferdige produkt: Pikkande høns   Dei flottaste hønså av adle måtte jo …

BEDEHUSBASAR

Onsdag 4. april kl 19.00 er det klart for årets BEDEHUSBASAR – ein god, gammeldags basar med skriving i basarbøker, trekning av flotte gevinstar, andakt, god mat og tett/fullpakka stemning.  Inntekta går til drift, reperasjonar og vedlikehald av bedehuset, og er ei av husets viktigaste inntektkjelder. Talar for kvelden er Ole Dagfinn Østhus, og her …

Bra bidrag til KirkensNødhjelp

Tirsdag 27 mars var det innsamling til KIRKENS NØDHJELPs Fasteaksjon 2012. Helga Havnerås var med å samla inn og koordinerte arbeidet. Ho fortel at det kom inn heile 5 100,- frå runden rundt i bygda, noko som er 200 kr meir enn i fjor – og det til trass i det var mange de ikkje …

Følg kommunestyret på nett

Kommunestyret har møte onsdag 28.mars kl 17.00, der mellom anna skulestruktursaka blir behandla, samt nedlegging av Jøsenfjorden skule og samlokalisering med Jøsneset skule. Følg kommunestyret på nett, så får du med deg kva representantane seier i dei ulike sakene. Gå til kommunestyret HER.

Viktig melding frå Nauste – MIXn

MIXn åpner ikkje før kl 14.00 på tirsdag 27.03.  pga straumstansen som er varsla på Skiftun frå 09.30 – 14.00. Åpningstider i Påsken blir frå 10.00 til 21.00 kvar dag.MVH Cesilie

PÅSKEDANS

Her blir det mykje lått og løye, utlodning av fine gevinstar, dans og gourmetmat.Les plakaten HER. Ungdomslaget ber frivillige melde seg for ein times «vakt» og «ryddehjelp»Ta kontakt med Maria 977 55 322