Siste nytt

TIPS OSS

Sommaren er såkalt agurk-tid, og det står «litt stille» òg her på vår nettside. Og det er slettes ikkje lett for oss få, frivillige i redaksjonen å følgje med på kva som skjer på Jøsneset….eller OM det skjer noko i det heile tatt. Difor, kjære lesar: TIPS OSS. Send oss di sommarhistorie, eit lite foto …

Navn på tjødn?

Veit du namnet på denne tjødnå? I likhet med Runda Tjødnå (sjå artikkel lengre nede) ligg òg denne vesle tjødnå på Herefjellet; like aust for NordaHøgaste.   Tjødna ligg ikkje så langt frå kanten ned mot Erfjorden; dette bildet er tatt i retning Erfjord.   Tjødnå er såpass liten at den ikkje er namnsett på …

Turtips: Kanotur på Breilandsvatnet

Hjelmeland Turlag inviterar til Kanotur på Breilandsvatnet søndag 19.august.Kjempefin familietur. Les plakaten HER.

Turtips: RundaTjødnå

Denne sommaren gjeld det om å nytte dei glimta av godvær me får, og heldigvis har me fantastisk turterreng like utanfor stovedøra, så du kan raskt kome deg til fjells. Helgas turtips er RundaTjødnå på HEREFJELLET. Der er dei gule nøkkerosene akkurat nå i ferd med å blomstre, og her er ein fantastisk utsikt !! …

Fin gåve til Jøsneset, bulystprosjektet

Eldfinn hadde tenkt seg til feiringa av bulyst-benkene på Håvehammar den 25.7.12, men han nådde ikkje å koma dessverre. Han hadde tenkt å gje oss ei gåve frå kommunen i høve denne «milepælen» i bulyst-arbeidet på Jøsneset. Denne har han no overrekt etterpå: Ei flott Fiskars ryddesaks! Den blir god å ha når vi skal …

Seier til «Ivar og di»

Årets «Skiftudal Open» blei avvikla i ganske så fint sommarvær, og òg i år gjekk den store pokalen til feriehuset på Skiftukaien til laget «Ivar og di» : Ivar frå Hinna til venste. «Og di» viste seg òg å vere drevne volleyballspelarar begge to: Jonas og Vilde frå Oslo. Me gratulerar dette unge laget som …

Kampoppsett Skiftudal Open2012

Det er påmeldt 8 lag til årets volleyballturnering.  Heile kampoppsettet finn du HER.Arrangementet opnar kl 12. Kampstart 12.15, og foregår både i ballbingen og inne i gymsalen.Det er OPEN KAFÈ i Trivselstova heile dagen, med sal av kaffe, brus og kaker.Ta turen oppom og hei fram ditt favorittlag !!!

Frå fellestur til Håvehammar

Vel 25 stk møtte fram for å feire at vi har fått nye benker på turpostane våre. Vi feirte med brask og bram, helselaget spanderte flott marsipankake på oss og kaffi og saft var der og, arbeidsgruppa fekk informert litt om historikk og status på bulystprosjektet så langt. Det såg lenge spanande ut med været, …

Skiftudalen Open!

Gå hit for å finna info!

vellukka sneglejakt

Mandag 5. juli hadde folk i hytter og hus, frå alle krikar og krokar i bygda, gått krokrygga over plen, grøfter og vegar for å samla inn brune, slimete kryp Om lag tjue personar frå Knutsvik, Nesvik, Skiftun, Foss, Ingesdal, Fosså og Austad hadde samla hundrevis av dei ufyselege storspisarane i bøtter og spann. Dei …

Fuglen har flydd

De hugsar kanskje historia om Amber Bog Bouzane og mor som fant trostereir i vegkanten tidlegare i vår. Amber har fulgt med på reiret heile forsommaren. Og her ser me at tre av dei fire blå egga har klekt ut.   Amber sjekka reiret på veg til og frå skulen. Og her er dei tre …

VINNAR – ÅRETS SOMMARFOTO

Vinnaren av fotokonkurransen «Min Jøsnessommar 2012» – er kåra: det blei LENE HJORTELAND med dette flotte stemningsbildet av Ombofjorden og Bandåsen hylla inn i fantastiske kveldsskyer.  Juryen, som er styret i Ungdomslaget, grunngir seieren med at dette er eit stemningsfullt bilde med flotte fargespel. Premien er ein 30×40 forstørring av bildet i lerret !! Me …

Skiftudalen Open 28.juli

Det nærmar seg den store volleyballturneringa. OJ Event har sendt ny pressemelding. Gjer deg klar for påmelding – dette gjeld ikkje minst spreke hyttefolk og andre feriegjester!! Dette blir MINST like gøy som førLes plakaten HER

Felles snegle – aksjon

Er du lei av feite snegler som slimar seg over plenen, knaskar i seg salaten og blir fleire, større og eklare for kvar dag? Då har du sjansen til å gjera ein innsats for å bli kvitt styggedomen!   Slik gjer du: 1. Samle så menge LEVANDE snegler du kan i ei bøtte 2. Møt …

FOTOKONKURRANSE – Min Jøsnessommar 2012

Ta fotoapparatet fatt og «skyt» laus – kanskje nettopp ditt bilde blir kåra til ÅRETS SOMMARFOTO FRÅ JØSNESET !!! Me håpar jo på skyfri himmel, luftige svev og herlige badetemperaturar – slik som på dette bildet som vant vår fotokonkurransen for nokre år sidan. Men regnværsdagar og mørke skyer kan òg gi fine motiv.  Ta …

Eldreklubben på flott tur til Suldal

I eit strålande flott sommarvær tok eldreklubben på Jøsneset den 27 juni ein dagstur til Suldal, der dei besøkte to spanande plasser på kva si side av Suldalsvatnet: Lali og Sukka gard. LALI er ein flott liten stad som ligg på nordsida av Suldalsvatnet. Her tok Karl Lali imot; han er er ein pensjonert rektor …

Hald miljøstasjonen fin!

I vinter fekk me ein veldig fin miljøstasjon v/ RV13 på Nesvik. Det er til alle si glede og interesse at denne blir halden velhaldt, fin og ryddig. Det skal IKKJE setjast ting utanfor containarane! Her er bilder som RYMI har sendt oss av malingsspann og bilbatterier – som står utanfor containarane. RYMI minner oss …

Jøsneslag til Hjelmelandsmeisterskap?

Neste helg er det Hjelmelandsmeisterskap i fotball, les meir hjå  HJELMELAND IDRETTSLAG. Her oppmodast bygdene i kommunen til å stille lag .Det ryktes at karane på Jøsneset  er i ferd med å mobilisere eit herrelag, og til det treng de 11 mann!! Men kva med kvinnene?? Der trengs det berre 7.Me håpar her at «ung-kvigene» …

Triveleg jonsokfeiring i Skiftustranda

Værmeldingane trua med både vind, regn og tordenvær, men folk stilde likevel «mannsterkt» opp – og faktisk var me nok heldigare enn dei fleste: for det blei både opphaldsvær, grei temperatur og verken lyn eller torden. Det var veldig bra frammøte, masse barn, vaksne og eldre –  og ekstra kjekt at det var så mange …

Koseleg skuleavslutning

Tradisjonen tru inviterte Jøsneset Skule – saman med kulturskulen – inn til sommaravslutning i gymsalen på Jøsneset. Elevar i kulturskulen framførte mykje flott musikk både på piano, fiolin, gitar, song, fløyte og ikkje minst slagverk. Igjen får me stadfesta at talenta gror på Jøsneset: mange flinke musikalske elevar som ser ut til å stortrivast på …