Denne dagen blir ei STOR dag for frivilligheita i Hjelmeland – for her får du møte eit vell av frivillige lag og organisasjonar frå heile Hjelmeland. Alle frivillige lag gjer ein formidabel jobb for FOLKEHELSA, på mange ulike vis, og det er dette det skal fokuserast på denne dagen. Difor blir ALLE invitert til FOLKEHELSE-KICKOFF …
Villsaukjøt, kalvekjøt og eplesaft !! Nå er det klar for salg av ferske Buhagen-produkt.Prislista og bestillingsinformasjon finn du HER
Kanskje du madrassa full av 1000-lappar, eller har du sparegrisen full av andre sedlar? Nå er det på tide å rydde opp og få de ut derfra!!Ein god del seddeltypar går nemlig «ut på dato» – og dei må leverast inn til Norges Bank innan 1 november !! Så spring å leit opp spare-sedlane dine …
Onsdag 17 oktober kan alle sleppa å lage middag, for då vil Jøsneset Skule lage middag for oss !! Rektor Rasin har sendt ut innbyding til alle som vil: Kom på KAFÈ PÅ JØSNESET SKULE 17 okt kl 16.00 !!! Det blir servert nydeleg suppe, med kaffe og kake etterpå – og jammen får …
I år som i fjor blir det arrangert julemesse i Spinneriet . Arrangøren Hilke Aschberg frå Årdal er nå på ivrig jakt etter den nevenyttige, den kreative, den skapande handtverkaren !! Så er du glad i lage ting, det vere seg strikketing, trearbeid, bilder, smykker, kort, hekledukar…..ja, eigentleg kva som helst av kunst-og handtverk, så …
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag melder at resultatet av årets bøsseaksjon for Jøsneset sin del, etter opptelling vart: kr 4574,-. Det passerte såvidt fjordårets beløp som var på kr 4485,-.
Ei gladmelding frå fjoset på Bøen: Minni har fått tvillingar andre år på radog det står bra til med «mor og barn» . Her kosar Bambi og Feline seg i garden saman med mor Minni. «Minni er ei god ku» i følgje bonden sjølv, Silje Sværen. Minni er ei ekte Jøsnes-ku; født på garden …
Oppstart helsebading mandag 15.oktober, kvar mandag fram til og med 03.desember. Oppvarma basseng. Vi er kjempeheldige som har denne muligheten i kommunen vår! Kl 17:30-18:30 Småbarn m/foreldre (OBS Hjelmeland helselag har eiga badegruppe tysdagar for 1-4.klasse) kl 18:30-19:30 Vaksne Kr 30 for vaksne og kr 20 for barn. Vel møtt
Eldretreffen har oppstart torsdag 20.09.12, kontaktperson Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Anna kvar torsdag vidare. Alle er velkomne! Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag meldar at barnetrimmen vil starte opp etter haustferien. Nærare skriv om datoar og ansvarlege, vil komme etterkvart som det nærmar seg.
DAMEKVELD «PREMIERE» HAUSTEN 2012 Få med deg første damekveld som blir siste torsdag i september, den 27.09.12 kl. 20.00 i Trivselståvå. Det blir quiz denne kvelden så her kan ein få setja hjernecellene i sving i tillegg til å få seg ein kopp kaffi og drøsa litt Alle er velkomne! Neste …
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag skal samle inn pengar til demensaksjonen torsdag 20.09.12. Ta vel i mot dei når dei kjem på døra, hugs det er ein viktig sak det gjeld! Du kan lese meir om demens her. Blant anna kva demens er og 10 tidlige tegn på demens.
Regnet har hølja ned over oss denne andre veka i september. Bygene har vore tunge, bygene stått i kø og langtidvarselet fortel om regn, regn, regn. Men INNIMELLOM sprekker skydekket opp, iallefall i små øyeblikk, og me kan få ettermiddagshimlar som denne. Det gjeld om å nyte dei små glimta av godvær Grønt og …
Leif Trevland måtte til med tau og stropper for å feste det det fullstappa lasset med sekker og øskjer som blei gitt til innsamlingsaksjonen til Romania.Det var mange som var innom brannstasjonen med klær, leiker og utstyr – og eitt døgn seinare vil varme jakkar og gode bukser frå Ryfylke vere på veg til barneheimane …
Jøsneset Framhaldskule frå 1952 hadde nå i august 2012 gjenforeningstreff på Krambulemmen. Det blir meldt om stor gjensynsglede – og mange gode historier frå den felles skuletida blei delt denne dagen og det var god stemning og mykje song. Les meir om denne feiande flotte gjengen, og sjå om du kjenner dei igjen frå 1952 …
Me vidareformidlar gledeleg melding frå Frukt-og Laks-«generalen» Kolbjørn Pedersen: «Det blir gratis båtskyss over fjorden i år også, rett etter dansen på lørdagskvelden den 8.september – klokken 0100 natt til søndag I år blir det først standup-show med Tommy Steine, Hans Morten Hansen og Andre Jerman og etterpå blir det dansegalla med PK og …
les meir på Hjelmeland Turlag sin PLAKAT Vil du vite meir om det unike Ritlandskrateret før du går, finn du info på RITLANDSKRATERET.NO
Vi har fått inn eit spanande tips frå «hobby-slektsgranskar» Haldis K. Nilsen om at «Noregs ukjente astronaut» Sally Ride som døde i sommar har slekt på Jøsneset !! Ho var amerika´s første kvinnelige astronaut som vart sendt i rommet. Så nå kan ei rekke Jøsnesfolk rette ryggen og smykke seg med å ha ei berømt …
Kolumbus opprettar skulerute frå Nesvik kvar måndag kl 06.35. Les meir HER
Husk Romania-innsamlinga – fredag 7.sept mellom kl 17.00 og 18.00 Jøsneset Brannstasjon Like trufast som trekkfuglane trekk sørover om hausten, skal Inger Apelands trailer òg trekke sørover – full av klær og utstyr til ROMANIA. Nå er det tid for oss å rydde i skuffer og skap!!! I Romania treng dei det du har til …