Juletrefesten på skulena var i tidligare tider høgdepunktet i romjula.Dei siste åra har dessverre oppslutninga vore synkande, og nogår det kanskje mot slutten for denne tradisjonen. Les meir dersom du vil bidra til at festen kan leva vidare! Mange jøsnesbuar har nok gode minner om …
Folkedanslaget melder at den annonserte dansekvelden er desverre avlyst pga for liten påmelding.
Me har fått følgjande melding frå elevar ved Rygjabø vidaregåande skule på Finnøy: Akvakulturklassen skal til Frankrike i mai og vi treng pengar til turen. Om DU vil støtte oss akvaelevar med dette, så kjøp deg ein god laks og kos deg Kaldrøykt laks eller varmrøykt , ei stor side kr 200,- liten røykt laks …
Å inviterer foreldregenerasjonen og bygdafolket til «60-tals-kveld» blei ein inner-tier. Frå første tone til siste sketsj sat publikum i salen og humra med – gjensynet med 60-talet blei kjært og nært for svært mange i salen. For skulebarna hadde fått med det aller meste; frå det lokale med fjordabåtar og postomdeling på posthuset, til det …
Me bøyer oss i støvet for kva skulebarna frå Jøsenfjorden og Jøsneset har fått til på ei kort temaveke på Jøsneset skule. Dei drog fulle hus i gymsalen onsdag kveld, og starta 60tals-showet med ein forrykande Jailhouse-rock….stemninga var satt og alt dreide seg om 60talet vidare utover kvelden. Fyldigare artikkel følgjer, så heng på her …
Kanonbra frammøte på denne vekas volleyballtrening – meir enn fulle lag, alt frå 14-åringar til 60-åringar, kvinner og menn, jøsnesbuar, fjordabuar og «hi-siå-buar» – kjempebra! Og spanande speling blei det. Dette lovar godt framover! og difor held me fram med volleyball-speling KVAR ONSDAG kl 20.00, gymsalen Jøsneset skule. Kom og bli med !
I serien «flotte hausthimlar» kan me jo føye til at torsdag 8 november bygde det seg opp ein flott skyhimmel over Randøy….innimellom gråværet blei det òg blå himmel, solgløtt, flott lys og låge, lubne skyer……. …ev andre ting frå denne dag kan me jo kome tilbake til utpå ettervinteren PS; send oss gjerne foto …
Jøsenfjorden Fritidsklubb, i samarbeid med Hjelmeland Turlag, inviterar til BILDEKVELD MED KJELL HELLE OLSEN i Fjordahuset i Jøsenfjorden torsdag 15.november kl 19.30. Kjell Helle Olsen var i mange år primus motor og leiar av Stavanger Turistforening, dermed òg ein ivrig heiavandrar – og heldigvis òg ein like ivrig naturfotograf. Denne kvelden blir det nok masse …
JØSNESET SKULE INVITERAR ALLE, BÅDE STORE OG SMÅ, UNGE OG GAMLE, I JØSENFJORDEN OG JØSNESET TIL BYGDAKVELD PÅ JØSNESET SKULE ONSDAG 14 NOVEMBER KL 18.00. TEMAET ER DEI GLADE 60-ÅRA !! GJENNOM SONG, DANS OG ROLLESPEL TAR ELEVANE OSS MED PÅ EI SPANANDE REISE TILBAKE TIL 1960-TALET…..så her blir det garantert masse mimring for alle …
Onsdag 7 november var det fullstappa av utlendingar på Skiftun kai i november-gråværet. Eit stort europeiskTVselskap inntok Skiftun kai, og skapte fiskehus og kai om til dei flottaste TV-kulisser og chefs-kjøkkenlokaler. For teamet klargjorde arealet for matkonkurranse som blir filma torsdag 8 november. På torsdag strøymer det difor enda meir folk til kaien; då kjem …
Treng du fleire stikkord for årets event på Skiftukaien?? Kva med 5 trailerar, mykje utstyr, franske kokkar i kø, fransk TV-team, TV 2, konkurranse, mat med stor M, aviser ?…….vent å sjå !
Det ordnast, sopast og ryddast svært på Skiftun kai for tida……er det Kongen som kjem ?Nei, ikkje ganske, men spanande ting skjer der onsdag 7. og torsdag 8 november. Ser du ei kolonne med trailerar og masse folk som inntar bygda, så skal de nok dit. Følg med !! Stikkord: TV, sjømat og fransk vri
I «serien» FLOTTE HAUSTHIMLAR har me fått inn tre nydlege bidrag frå Solveig Bog Bouzane. Bildene er tatt «himante» altså Lønnehaugen/Vigå nå i oktober. Me konstaterer nok ein gong : for ein flott plass me bur på !! Sende gjerne inn «din» hausthimmel eller foto av andre ting og stader frå bygda, ungdomslaget@josneset.no …
Frå vår nabobygd i aust: Jøsenfjorden har me fått følgjande invitasjon:
I småskulen driv de med noko så finurlig som «utanomjordisk kunst». Klikk bildene så får du sjå meir om kva slags flott kunst de driv på med på Jøsneset skule for tida. Fantastisk fantasi !!
Masse mediaoppslag i dag om det nye handlesenteret på Tasta i Stavanger, og senterleiaren er ei utflytta Jøsnes-dame, Britt Iren Osmundsen – tidlegare Hjorteland, oppvaksen på garden innerst i Fossdalen. Det nye senteret trakk mykje folk i dag, og det blei nesten kaos i trafikken utover mot Tasta. Les meir om Britt Iren sin åpningsdag …
Søndag 21 oktober var ein heidundrane stor dag for folkehelsa og frivilligheita i Hjelmeland. Alle lag og foreningar i Hjelmeland var invitert til ei felles markering i idrettshallen for å fokusere på det flotte folkehelsearbeidet som skjer i frivilligheitas namn. Jøsneset Helselag stilde kvinnesterkt opp med denne fjåge gjengen: fv Paula, Svanhild og Berit. Helselaget …
Det blir damekveld siste torsdag i oktober, 25.10.12 kl. 20.00. Vel møtt adle Jøsnes-damer te koseleg treff i Trivselståvå!! Paula har med ein liten eplerett – som seg «hør og bør» etter årets frukthaust Tidlegare sto det at det var tema «thanksgiving» denne kvelden, men det var ein feil, for Thanksgiving er ikkje før i …
Når kveldshimmelen kjeme på at den skal stille opp med slikt eit flott skue, fortjene den eit framsidebilde. Skydekket inn frå Stavanger, kombinert med lyset frå vest og ei gødande, haustfarga bygd, gjorde denne lille halvtimen i seks-tida fredag kveld nesten litt magisk. Frå Håvehammar er det panoramautsikt for slike flotte haustkveldar. Mobiltelefon-foto kan desverre …
Søndag 21 okt mellom 16 og 18.00 vil du få besøk av bøssebærarane til TV-Aksjonen for Amnesty International. Her på Jøsneset er det folk frå bygdarådet som går rundt med bøssene. Les meir om aksjonen HER