Helsebading i oppvarma basseng, frå måndag 7.januar og kvar måndag ut gjennom våren. Helsebading fortsetter tre mandager i april 2013 og siste gong blir 22. april Småbarn (under skulealder) med foreldre: kl. 17.30-18.30 Vaksne kl. 18.30-19.30 Pris: kr 30 for vaksne og kr 20,- for born. Arr: Helselaga i kommunen saman med sanitetsforeningar.
Her ser de tala for besøk på turpostane våre i 2012. (Tala frå i fjor står i parantes). Etterkvart som bøkene vert bytta vil tala oppdaterast her. (foto: Jorunn Foss, tatt frå Nesdalsfjell) Hyttefolket i Knutsvik (Sigurd Opedal) kan melda om godt besøk på Høgafjell i 2012: 190 stk (151 i fjor). Nesdalsfjell: 673 …
Volleyballtreninga startar opp att onsdag 02.januar kl 20.00GYMSALEN JØSNESET. Nye og «gamle» spelarar er hjarteleg velkomne !!
Året 2012 ebbar ut: ei jule-og nyttårshelg med både storm, regn, sol og snø. Her frå Fosstemmen 30.desember12. Vatnet flaumar medan snøfillene dalar store som lammeøyrer. Ja, dette er òg «Solbygda» !! Følg året 2012 i storm og stille nedanfor: Januar starta med ein god del nedbør, derav ein del snø – og ein del lågt skydekke. Temperaturen gjennom …
Etter nokre år med litt varierande interesse for tradisjonell juletrefest, var det i år igjen duka til juletrefest i gymsalen. Og dette blei eit koseleg «gjensyn» med juletrefesten slik mange hugsar den. Alt var på plass: folka, julesongen, stemninga, julenissen, ord for kvelden, gang rundt juletreet, Prøysenvise, leiker og Quis – og ikkje minst: glade barn, …
1,2,3,4,5…..117,118,…..221,222…..den planlagde varetellinga på MIXn torsdag BLEI UTSETT. Cesile gir beskjed når det blir telling/stenging. Åpningstider: Nyttårsaften 11-16. 1.nyttårsdag 13-17. Ellers alle dager 11-19
Onsdagen før jul blei det arrangert julevolleyball-turnering på Jøsneset. Veldig bra frammøte, så heile 4 lag stilde til kamp !! Det blei ei spanande turnering, med nokså jamnt spel, men Smashing Rudolf drog seieren i land til slutt !! Gratla !! Lagnamna var prega av julestemning. Høyr berre :1. Smashing Rudolfs: Elsa, Sven, Jonas, Brandon og Inge Børge2. …
Joda, brannbilen vår på Jøsneset frå 1970 (til høgre) er med å dra snittalderen på norske brannbilar i feil retning. Men visste du at me i Hjelmeland har den eldste i Norge, den vesle raude til venstre frå 1954, les meir HER !! Rett nok er den ikkje i ordinær beredskap, men den sviv og blir stadig brukt i 17-mai …
Etter ein liten festpause, er den atter her igjen: JULETREFESTEN !Laurdag 29. desember kl 16.00, Jøsneset Skule, kr 20,-Marta Eiane talar. Nissen kjem, Me svingar oss rundt treet, enkel servering, quis og leiker.Sjå PLAKATEN og øv på julesangane
RYMI melder at det blir ny tømmedag for søppel etter nyttår. Frå og med 1. januar 2013 er Jøsneset på rute 6, og tømmedagen vil bli MANDAGAR i PARTALLSVEKER.NB: tømmedagen kan endrast ved fri-og heilagdagar. Sjå tømmekalender 2013.
Les om Josè Altamirano t.h og dottera Malena t.v i papirutgåva av Strandbuen fred 14.12. Saman med ei ung somalisk kvinne frå Suldal, framførte dei argentinsk, italiensk og somalisk musikk og song i same konsert i Årdal.
Siste onsdagstrening før jul blir ONSDAG 19.desember kl 19.00 (NB) – 22.00 – me satsar då på så bra frammøte at me kan lage til ei lita turnering !!! Det blir òg litt knask og drikke – som ein kan kose seg med innimellom slaga ! Møt opp – still lag – gi alt !! …
Nei, me har ikkje starta nyttårsfeiringa enda. I dag går rakettane til værs for å feire oss sjølve Nettsida www.josneset.no rundar nå 5 år – Hurra for oss som fyller vårt år – ja, oss vil vi gratulere !! Denne lokale bygdenettsida vår blei lansert 12 desember 2007. Nettsida blei altså ei lita julegåve frå …
Volleyballtreningane rullar og går kvar onsdag kveld kl 20.00. Og frammøtet i haust har vore kjempegodt…MEIR enn fulle lag kvar gong!! Over tre lag stilde på førre trening ! Bravo !! Her møter ungdom og vaksne, kvinner og menn, jøsnes»kalvar» og fjordabuar, om ein annan – veldig sosialt og kjekt. Dette lovar godt for sommarens …
Søndag 8. desember blir det igjen tenning av juletreet ved brannstasjonen Me startar med fakkeltog frå Skiftun-kaien klokka 17; faklane kostar kr 50,-. Deretter blir det song rundt juletreet, gløgg, pepparkaker og sal av pølser. Store og små er hjarteleg velkomne! Bygdarådet
Revygjengen har begynt å røra på seg igjen og her er det plass til fleire. Har du lyst til å vera med? Me treng skodespelarar, manusforfattarar, tips og idear. Er du interessert ta kontakt med Lene Hjorteland, 97761730, lene_hjorteland@hotmail.com Lise Tjeltveit, 97531845, l_tjeltveit@yahoo.no Maria Brandal Vikene, 97755322, mariabrandal@gmail.com
Åpent møte om bulystprosjektet. Tema møteplass ved sjøen. Trivselståvå 30.11.12 kl. 19.00 Sjå lapp på tavla og i postkassane
Ein kalender er ei super lita julegåve. Hjelmeland Turlag sel nå Strand Fotoklubb sin populære Ryfylkekalender. Dette er ein årskalender med kun flotte Ryfylkemotiv. Du finn fleire bilde frå Hjelmeland tatt av ivrige, lokale hobbyfotografar. Sjå bildene månad for månad på Strand Fotoklubb. Kjøper du kalenderen via oss i Turlaget, får me ein liten provisjon …
Lørdag 24.11 kl 11.00 opnar julemessa i Spinneriet, Hjelmeland. Det blir ekte god julestemning, og sal av masse lokalproduserte julegåver: lappetepper, keramikk, barneklær, spekemat, knivar, aloe vera produkt og masse meir. Det blir òg sal av thaimat og kaffe, vafler og kaker. Pinnebrød i bålpanne og hestriding utenfor. Ansiktsmaling for barn. Overskot av alt sal …
Det har blitt litt endring i planane for damekvelden i november. No blir det same tema som har vore tidlegare novembermånadar: gløgg, mandariner og sosialt drøs. Vel møtt kl 20.00 i Trivselståvå! Helselaget