Vinterferien er over oss, og starta med eit usedvanleg vakkert og flott vær: kaldt, heilt vindstille og eventyrleg snøforhold innover heia vår. Det er berre ein ting å seie folkens – få på dykk skia !! Her frå Fosstemmen – det er brøyta fine, slette, breie spor innover skogsvegen, og kjempefint både å gå på …
Volleyballen dabbar og fyk over nettkanten kvar onsdag, med godt frammøte og god stemning blandt ungdom og littebittelitt vaksnare folkkvinner og menn i skjønn forening Me held ballen i lufta òg i vinterferieveka: så møt opp alle som vil: alle ferierande vinterferiefolk td er òg hjarteleg velkomne!! Altså: Gymsalen Jøsneset onsdag kl 20.00
Jøsneset bygdaråd har årsmøte onsdag 20. februar klokka 19:00 i Trivselsstova. Det blir vanlige årsmøtesaker og enkel servering. Velkommen!
Torsdag i sist veke var Åsmund Tuntland frå Hjelmeland Røde Kors Ambulansetenesta på Jøsneset for å lære oss om hjarte-og lungeredning, og om korleis bygda sin nyinnkjøpte hjartestartar virkar. Eit kurs om og for LIVET altså. Skulle du kome ut for ein situasjon der du finn ein person medvitlaus og ikkje-pustande, er det viktigaste å …
Torsdag 31.jan kl 19.30 Trivselstova. Åsmund Tuntland i Røde Kors kjem for å demonstrere hjartestartaren som er investert inn til bygda. Arr. Helselaget
Handlingsplanen til helselaget finn du her.
Måndag 28.januar blei første renn i den årvisse skikarusellen på Gullingen avvikla i lett snøvær.198 små og litt større løperar stilde til start, deriblandt nokre frå JøsnesetResulatlister og info om renna framover finn du på nettsidene til SULDAL IDRETTSLAG.Neste renn blir tysdag 05.02.13.
Helselaget melder at det skal handle om hjertestartar denne gongen. Røde kors kjem. Husk damekveld (hører rykte om at denne også åpnes for menn for denne gongen) på torsdag 31.01.13 kl. 20.00 på Trivselståvå. Sjå lapp på tavlene! Arr. Helselaget
I postkassen din finn du nå VÅRENS KULTURPROGRAM 2013 – ein fin liten foldar med oversikt over komande kulturarrangement utover våren…..derav òg eit par arrangement her på Jøsneset. Ta godt vare på foldaren, for den blei brakt ut til fots til alle kassar på Jøsneset i den iskalde vinterkvelden. Men du finn den jo sjølvsagt …
Sist veke kunne me lese i Aftenbladet om ei flott saueberging i Vormedalsheia. Men denne helga fekk enda to sauer berga livet – nå frå sjøvegen, med båt som framkomstmiddel. Det var Rasin og Lise Tjeltveit som var «bergingsmannskap» til sauene frå Hagalid som stod fast på ei lita «to» ved Bårebergneset i Jøsenfjorden, saman med saueigarane sjølve: Hanne og …
Foss-fossen er flott nå når den står pinnhard og stivfrosen som ein 20-30 m høg skulptur. Ja, heile ånå frå topp til botn er ein einaste kjempestor isklump Isen «badar» i den låge ettermiddagssola. Meter på meter med stivfrose vatn. Slik ser den ut når vatnet får kasta seg utfor i «fritt fall». Flott utsikt er det …
Søndag 20.januar blei ein flott skeisedag på Fosstemmen. Ca 30 stk, store og små, møtte opp til skeising, bålbrenning, pølsesteiking og kaffekos. Det var isande kald nordavind, så det beste var å halde seg i aktivitet på isen – eller kose seg med bålvarmen inne i «Kalvagaren». Isen var speilblank og fin, tjukk og trygg – sjeldan gode …
Kaldt og flott vær til tross, det hjelper lite for skiløp, når det ikkje er snø i løypa:Den populære SKIKARUSELLEN på Gullingen er difor utsett, følg med HER.
Nå på vinterstid lever bygda opp til namnet «Solbygda» – og siste veka har me hatt solrike, kalde, stille dagar – perfekte vinterdagar!! Sola dukkar nå opp før kl 10.00 mange stader i bygda, slik som her idag 19 jan frå Skiftun. Dagane er blitt lengre, og sola skin til over 16. Her solnedgangen frå same …
Søndag blir det felles skeisedag på Fosstemmen kl 13.00. Ta med skeiser, mat, drikke, gode klær, sitteunderlag – og NB ta med litt VED kvar, så kan me tenne eit felles bål. Håpar me får ein like fin dag som den me hadde 8.januar2006. Det har vore ei kald fin veke og isen er fin. Det er …
Barnetrim startar 16.januar og lappen finn du her. Helselaget
Kom på årsmøtet i Hjelmeland Turlag og møt den friske, trivslige Mari Wedum: kjend frå 71gr Nord, TV Vest og ivrig friluftsmenneske.Turlaget presenterer òg spanande 2013 program og serverer varm suppe frå Roy Munthe. Ordinære årsmøtesaker blir det sjølvsagt òg.Spinneriet Hjelmeland TORSDAG 24.januar 2013 kl 19.30. Les meir HER.
Det var eit spanande og engasjerande ope møte om rus på samfunnshuset den 10.01.13. Mange foreldre og andre møtte. Det var ambulansesjåfør og medlem i norsk folkehjelp Frode Vadla Risa som klarte å engasjera publikum, med stor innleving Med seg hadde han den nye lensmannen i Hjelmeland Geir Fatland. Det var det rusførebygjande forumet i …
Cesilie melder at MIXn NAUSTE på Nesvik har stengt lørdag 12.01.12 pga varetelling.
Eldretreffen startar opp 10 januar og held fram anna kvar torsdag til og med 21.mars. Kontakt Olga Hjorteland tlf 51751947 for påmelding. Middagsservering. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag