Ja, nå må me jo innrømma at det er lenge sidan det har vore SÅ fullt på fellestreningane (dette bildet blei tatt kort før pandemien). Men det pågår altså jamnt og trutt TORSDAGSTRENINGAR kl 19.30 i GYMSALEN. Av og til berre to – ofte 5-6-7 stk – av og til 10. Og altså god plass …
Heisann folkens. Me er godt inne i eit nytt treningsår, og det er på tide å fornye medlemskap Jøsneset trenigssenter. Avgifta er kr 400,- pr år, og det gjeld kalenderåret. Koden til inngangsdøra vil snart bli bytta ut, så dersom du fortsatt vil ha tilgang til treningsrom med utstyr/apparat og ein heil gymsal, ja då …
På Humorbattle-showet 2023 på Samfunnshuset blei Jøsneset kåra til Hjelmelands mest humoristiske bygd. Det var 6 bygder som stilde med innslag, og juryen var Strand revylag. Jøsneset gjekk av med seieren med sin 10-minutters ferjereis med den stemmeaktiverte «MS Helium 3000» der medvirkande var høna Gunda, Silje Sværen, Solveig Bog og Sven Westersjø. Me e …
Årsmøtet er ope for alle som vil – treng ikkje vere medlem i Nasjonalforeningen for folkehelse – Jøsneset Helselag
Valnemda til Bygdarådet/Bedehusstyret har ei utfordring til alle Jøsnesbuar: Kan du tenke seg å stille som kandidat til leiarvervet i Bedehusstyret? Ta kontakt med Hanne Tjeltveit i valnemda dersom du har spørsmål eller ønsker å bidra som leiar (mobil 47 66 85 01).
Bygdarådet kallar inn til årsmøte på Grendahuset, torsdag 9. mars. Møtet tek til like etter at årsmøte til Bedehuset er ferdig (ca kl 18.50). Legg merke til at det blir årsmøte for Jøsneset Ungdomslag på slutten av møte. Innkallinga og årsmelding vil bli delt ut i posten snarast.Du kan også lese innkallinga her.
Styret i bedehuset kallar inn til årsmøte torsdag 9. mars kl 18.30 på Grendahuset. Du kan lese innkallinga her. Årsmøte til Jøsneset Bygdaråd vil vere same kvelden, like etter at årsmøtet til Bedehuset er ferdig. Det vil komme innkalling og meir detaljer fra Bygdarådet innan kort tid. Alle er vel møtt! Styret for Bedehuset
Det Norske Måltid leitar årleg etter det ypperste innan norsk mat og drikke. Kåringa av årets beste produkt skjedde på stor feststemt finalefest i Stavanger 2.februar. Av 250 påmeldte produkt var det 39 finaleprodukt frå heile Norge i 13 ullike klassar. Heile 2 produkt frå Jøsneset/Hjelmeland gjekk til finalen: Buhagen sin musserande eplemost i klassen Årets Drikk og …
Arr: Jøsneset Helselag v/ Ellen Mari
MOWI region har sendt oss følgjande invitasjon: «Mowi region sør ønsker en god dialog med lokalsamfunnet og inviterer til årlig nabomøte den 23. januar 2023 kl. 18.00 på Jøsneset Grendasenter. Meld i fra dersom du ønsker å delta på møte og/eller har innspill til agenda på e-post mona.bue@mowi.com eller tlf. 92637406 innen 19. januar 2023. Mowi er verdens …
God jul til små og store Jøsneset Bygdaråd vil gjerne få ønske alle ei god og fredfull jul. 2022 har vore frivillighetens år, og me vil difor spesielt takke alle som har bidratt med smått og stort dette året. Enten det gjeld frivillige lag, ulike arrangement, dugnadar eller anna som er med på å gjere …
Etter to års corona-pause inviterer me igjen til nyttårsfest på Jøsneset Grendahus. Festen er open for alle, og me satser også denne gangen på at gjestene har med seg eit bidrag til ein flott nyttårsbuffet. I tillegg til god mat blir det leiker, litt underhaldning og godt selskap. Har du lyst til å bli med …
Det gjekk unna på julekakebake-kjøkkenet på Grendahuset mandag kveld. Det blei goro og fettbrød, berlinerkrans og tyske skiver, snøballar og vepselbol, crakle cookies og peppermyntegodt….Ja, det blei steikt og trilla, kjevla og pynta, steikt og stabla…og, joda, det blei litt sukk og stønn over deigar som oppførte seg ustyrleg og steikeresultat som ikkje blei heiiiilt …
2022 har vore eit år litt utanom det vanlege når det kjem til straumprisar. Me i Bygdarådet ønsker difor å komme med ei oppfordring: Me ser at det krevjer meir straum å varme opp Trivselsstova enn det gjer å varme opp Grendahuset (ikkje gymsalen). Så oppfordringa er at dei som har anledning benytter seg av Grendahuset i …
Liker du best å bake? Eller å smake ?? Mandag 12. desember kan du få gjere begge deler på Jøsneset grendahus !!Det blir først baking frå kl 18.00 til ca kl 20.000: Opplegget blir i år som i før (ja, for det var jo tradisjon): Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig av din ønska kakesort …
Liker du best å bake? Eller å smake ?? Mandag 12. desember kan du få gjere begge deler på Jøsneset grendahus !!Det blir først baking frå kl 18.00 til ca kl 20.000: Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig av din ønska kakesort – (gjerne òg sorter som ikkje treng steiking i ovn) – og kom …
Trivselstova – Onsdag 23. november kl 19.00 – 21.00. Alle velkomne, med eller utan strikketøy