Vinnar av 3-nutsturen blei Monica Østerhus frå Jøsenfjorden. Ho var nærast den hemmelege idealtida på 4 t 53, då ho kom i mål 2 min før: på 4, 51. Monica fotel at ho hadde ein super tur, og syns det var eit flott arrangement. Det var første gongen ho deltok. Her på bildet er ho …
Det er funne ein skritt-tellar i turpostkassen på Brynå. Kanskje den er din?Ta kontakt på 950 50 427
Slik ser tre ekte «Hardhausar» ut : Runar 10 år ( t.v.) var årets yngste «Hardhaus», og han og Vebjørn (t.h) 11 vart i år «Hardhausar» for første gong, medan Jakob 13 år har littegrann erfaring i sporten. Her glade på 4.og siste nut: Valafjellet. Det må vere noko magisk over «Hardhausen og 3-nutsturen», for været har ein tendens til …
Ja, for det heile starta med relativt feiande vind; og flagget fremst i toget vaia godt og flosshattane heldt på å fyke av. Her ledar komiteen an i årets 17.mai tog, tett fulgt av skulen, barnehagen, bygdefolket og tilreisande gjester. Medan kommunepolitakarane diskuterar nedlegging av Jøsneset skule, så kan framleis glade skulebarn stolt bære skulefana til …
Årets 3-nutstur og hardhausen arrangeres som vanleg 1.pinsedag. Dette blir 5. året og det ligg an til at nokon kan klare 5 år på rad.. Været som meldes (15.5) på www.yr.no for 1.pinsedag: Lappen for arrangementet finn du her. Løypekartet finn du her.
Mandag 13. mai er det igjen tid for ein triveleg dugnadsdag for små og store. Bygdarådet inviterer alle til å bidra med rydding langs vegen og vask av Trivselsstova. Du kan lesa invitasjonen her
Den harde barfrostvinteren og fjorårets felles Nemaslug-aksjon mot brunsneglar viser tydelege resultat: brunsneglane er ikkje over oss i så store mengdar som i fjor. I fjor på denne tida hang brunsneglane som apekattar i toppen på påskeliljene. I år ser me dei ikkje i slike mengdar, MEN vær obs: dei er på frammarsj nå når …
Elevane i storskulen på Jøsneset skule inviterte til open kunstutstilling 8.mai, og her var det jammen stor variasjon i stilartar og mykje flott kunst å sjå. Elevane i storskulen har brukt mange av kunst-og handverkstimane dette året med tanke på at det skulle bli ei kunstutstilling til våren. Og jammen var produksjonen stor, for heile …
Her er link til episode 9 av Fransk Top Chef på Skiftun Fiskemottak: enda mer av samme episode enda ein småsnutt Frå fiskemottaket
Den 24 mai blir det kurs i bruk av hjartestartaren kl. 19 til 22.00 i Trivselståvå. Sven Harald Nielsen fra Suldal Røde Kors held kurset. Kurset er ope for alle og du treng ikkje melde deg på. Arr. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag, v/ Svanhild Hjorteland tlf 404 39 085
I år lagar vi Jøsnesposten for 30. gang. Den er klar før 17. mai, storskule elevane kjem på dørene på Jøsneset og Jøsenfjorden og selg den. I salg og på Mixen. Publisert av elevane i storskulen
Kunstutstilling på Jøsneset skule 8.mai kl 16.00 – 17.00 i Gymsalen Jøsneset skule.Kunsten er laga av Storskulen. Inngangspris kr 20,-Det blir servert kaffe, saft og kjeks. Alle er velkomne, store og små !
Hjelmeland Turlag arrangerer fellestur til Ramsfjell på søndag, 5.mai saman med kjendtmann Jon Dale. Det var eigentleg planlagd tur over heia frå Natland til Dale, men pga snø i heia må ruta leggjast om. Turen går oppom alle dei tre flotte Ramsfjell-gardane. Sjå plakaten HER.
Siste søndag i april 2013: 5 grader, regn og sur vind. Lurar du på korleis været var i fjor? Siste søndag i april 2012: «ein vårdag av ypperste klasse; som skapt for topptur». Les om toppturen 28 april 2012 HER. God inspirasjon til årets Hardhaus òg.
…..om at Jøsnesposten er under produksjon. Elevane på Jøsneset skule arbeidar for tida iherdig som journalistar, og er mellom anna observert ute på vegen for å intervjua «5 på vegen». Kva anna de har av godstoff veit me lite om. Følg med folkens. Den pleie koma i salg i midten av mai ! Vårens høgdepunkt
Hjertemarsj for alle! Oppmøte på Foss kl. 16.00 onsdag 1.mai. Derfrå blir det fellestur til Håvehammar. Arr. Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Mannskoret «Gullgutane» frå Nesflaten og kyrkjekoret frå Hjelmeland møtes «på midten», nemleg i Fjordahuset i Jøsenfjorden tysdag 23.04 kl 19.30 til felles korkveld !! . Frå Fjorden melder de at ALLE er hjarteleg velkomneSå la lemming vere lemming, hiv deg på ! Me tippe taket kjeme til å lette av godsong i fjorden denne kvelden
«Ut i min hage» v/ Henry Tendeles 25.april kl 19.00. Han viser bilder og fortel om sin hage. Her får du mange gode hagetips. Kaffe/kaker og åresalg. Arr: Hjelmeland Hagelag og Jøsneset Helselag. Plakaten finn du HER
Helsebading fortsetter tre mandager i april 2013 og siste gong blir 22. april Småbarn (under skulealder) med foreldre: kl. 17.30-18.30 Vaksne kl. 18.30-19.30 Pris: kr 30 for vaksne og kr 20,- for born. Arr: Helselaga i kommunen saman med sanitetsforeningar.