Siste nytt

«Stadnamn-dugnad» Jøsneset

Lokale stadnamn er spanande…….veit du td kva denne spisse nibbå heiter?Frå gammalt av er det jo namn på langt fleire steinar, haugar, juv, ekrer, tun…enn det som står på kartet.Dette er ein kunnskap me må ta vare på:Me inviterar til felles «stadnamn-dugnad» – meir info under LES MEIR

Fellestur søndag 6. Oktober

Søndag 6 oktober arrangerer helselaget fellestur frå Åsland til Fosstemmen. Oppmøte kl 10:30 ved parkeringsplassen på Åsland.  Ta med grillmat. Helselaget serverer kaffi og drikke i gapahuken.  Turen er i nydeleg natur og den passar like godt for barn som vaksne. Vel møtt

Flott blomstring på Fosså

Syrinhortensiaen på Fosså står framleis i full blomst akkurat nå i månadskifte september/oktober, sjølv om blomstringstida nok snart er over.  Men den er eit syn!! 2-3 m høg og nesten enda breiare; og fullspekka av store flotte,luftige kvitrosa blomsterklasar. Blomen på Syrinhortensia minnar litt om syrin, men er mykje større og blomstrar altså utover seinsommar/haust. …

Romaniainnsamlinga

Til alle dykk som bidrog i Romaniainnsamlinga: Inger Apeland i Suldal er «primus motor» for dette humaniære arbeidet. Ho takkar alle bidragsyterar gjennom eit lesarinnlegg i Suldalsposten:  

Stadig nærare nedlegging

Nedleggingssaka om Jøsneset skule går mot ei ny politisk behandling. Trass i fleire innspel frå bygda her; Samarbeidsutvalet, Elevrådet og Bygdarådet der alle argumenterer for å behalde skulen, så går det stadig nærare ei nedlegging. Saka blei behandla i Oppvekstutvalet 3.oktober: der blei det vedtatt samrøystes at skulen skal leggjast ned med verknad frå 01.08.14, …

Herefjellturen «forsvant» i skoddå

Solbygdå klarer òg å vise seg som Tåkebygdå….slik som i dag, då Hjelmeland Turlag sin planlagde tur til Herefjellet «forsvant» i skoddå: Det hølja ned og Herefjellet låg kapsla inn i tåke. Ikkje forsvarleg å legge ut på den planlagde turen; ingen som møtte opp heller; klokeleg nok. Turlaget v/ Svanhild og Anne Kari tok …

Damekveld

Damekvelden 26.september har me sett bok som tema. Me får besøk av bibliotekar Grete H Sandvik frå biblioteket på Hjelmeland. Ho vil fortelja litt om ulike bøker, så set av torsdagskvelden til ein kjekk og triveleg damekveld. Damekvelden startar 19:30 denne gongen

Eldretreff

Eldretreffen startar opp att 19 september i trivselstova kl:10:00. Gamle så vel så nye er hjertelig velkomne. For ytterligere opplysningar ta kontakt med Olga Hjorteland. 

Eldretreff

Eldretreffe startar opp att 19. September kl.10 i Trivstova.  Nye så vel som gamle kjente er hjertelig velkomne. Ytterligere informasjon kan ein få hjå Olga Hjorteland.

Bli med på Herefjellet !!

Les turomtale i magasinet Mitt Hjelmeland og les heile plakaten HER

Valgdagen på Jøsneset

Politikarar kjem og politikarar går, regjeringar skifter…..men valpersonalet på Jøsneset består ! Rasin, Johanne og Olga er alle drevne i å passe på mantallslister og stemple på stemmeseddelen før den går ned i den godt brukte stemmeurna. Desse tre, og òg Elbjørg Tednes, har utført denne viktige jobben i «alle år» Klokka 18 på valgdagen …

Bru over Jøsenfjorden??

I følge Aftenbladet går Statens Vegvesen vekk frå tanken om underjøisk tunell under fjorden (det såkalla Jøsenfast), og vil heller utgreiie ulike alternativ for Jøsenfjorden bru. Alle alternativa inkluderer tunnell på Hjelmelandsida. Les heile artikkelen i AFTENBLADET  

Bra lokal innsats i Stavanger Marathon

Sist helg blei Stavanger Marathon arrangert, og det stilde Jøsnesbuar i alle tre distanseløpa: Marathon, Halv-marathon og 10 km.            Astrid Fossa Viga (ja, me reknar deg enda som Jøsnesbu: født og oppvaksen her, driv Mikal Laks her, men bur på Hjelmeland). Ho sprang inn til ein ny flott personleg rekord …

Jøsenfast skal utgreiiast

Samferdselsdepartementet har vedtatt av ferjefri kryssing av Jøsenfjorden; den såkalla Jøsenfast skal utgreiiast nærare i ein KVU. Dette kan du lese om i AFTENBLADET. Kan dette vere første vesle skritt mot ei framtidig realisering ??

Gratis båt frå dansekveld

 Me har fått gladmelding om at det blir GRATIS båt heim frå lørdagsdansen på «Frukt og Laks» i år òg Båten går kl 01.10. Dansen sluttar 01.00. Det er «Goggen and the Pacemakers» som spelar coverlåtar og dansemusikk denne lørdagskvelden. Her finn du elles heile FRUKT-OG LAKS-PROGRAMMET FOR 2013.

Damekveld

Nå damer kan dykk ta fram kalenderen og notera ned datoane for haustens damekveldar.  Me startar opp Torsdag 26.september, torsdag 24 oktober er neste og me avsluttar damekveld hausten 28.novenber der tema er bakekveld.  Meir info om tema for alle kveldane kjem me tilbake til og me vil og få lagt inn datoane i kalenderen.

Familiebading og Helsebading

Familiebading og Helsebading startar opp igjen Måndag 14.oktober. Familiebading er frå kl 17:30 – 18:30 og er for nyfødd og til 6 år. Barnehageborn. Helsebading er frå 18:30 – 19:30 og er for vaksne. Me vil få lagt inn datoane i kalenderen til høgre når alle datoar er bestemt.  

Fellestur frå Åsland

Fellestur frå Åsland til Fosstemmen Søndag 6.oktober inviterer helselaget alle til å vera med på fellestur frå Åsland til Fosstemmen.  Turen starte 10:30 frå Åsland og det er ein tur for både små barneføtter, firbeinte og vaksne i alle aldrar. Helselaget ordnar med varme i gruva, så ein kan ha med seg grillmat om ein …

Barnetrim

Onsdag 4 september startar barnetrimmen opp igjen. Alle born i barnehage og skule vil få lapp med seg heim om dette.