14 damer +2 takker+ 1 nordlandslefsedeig + 1 krotekakedeig = lystig lag i Trivselstova! Takkene dampa, mjølet rauk, kjevlene rulla, lefsepinnane svinga og bakepraten stod i taket. Slik er Damekveldane i bygda Svanhild og Olga rullar ut første krotekake – husk halvvarm takke og ikkje spar på mjølet når du kjevlar ut. Bruk gjerne baksida …
Vil du framstå som ein innfødd Jøsnesbu og diska opp med heimelaga lefser, krotekaker, lammerull og sylte til jul? Då har du sjansen no! Bygdarådet inviterer til lefsekurs 3. desember og påleggskurs 16. desember. Påmelding til leiar i Bygdarådet Berit S. Hjorteland seinast mandag 2. desember på tlf 950 50 427 eller e-post bygdaradet@josneset.no …
Torsdag sist veke inviterte Bygdarådet til Bygdakveld i gymsalen. Bygdefolket strøymde til og fekk både møte kommunen sin nye rådmann Dag Flackè og Jøsneset sin nye kjendis-vær!! Jaaa, enig… snodig kombinasjon…men: ER ME PÅ BYGDA SÅ ER ME PÅ BYGDA . Me fekk òg møte det aller siste nye innslaget på Jøsnes-himmelen; damebedåraren og sildeentusiasten «Gunnar Vik» frå Haugesund (foto ovanfor)…..i …
Temperaturen i Foss-kulpen sank frå 6 til 4 grader ila siste veka, men talet på badegjester stig! Denne gongen kasta 10 stk seg uti. For medan folk flest er travelt opptekne med julemesser og innekosing, så boltrar Jøsnesbuane seg i det friske elvevatnet – og denne gongen var det Jøsneset Brannvesen som imponerte mest For her boltrar …
Håvehammar er vår mest besøkte turpost på Jøsneset – eit svært populært turmål for store og små. Hittil har den markerte fjellknausen vore nokså overgrodd av braje (einer), som hindra både utsikt og ferdsel utanom stiane. Men nå har gardbrukar Sven vore ute med saga; og alt av braje-kratt er rydda vekk. Naturen og utsikten …
Måndag 25 november er siste dag med familie og helsebading før jul. Desember månad er det stengt.
Minnar om damekveld på torsdag 28 november kl 19:30. Tema for kvelden er nordlandslefser og krotekakebaking saman med Olga og Marta. vel møtt. arr. Helselaget.
Me minner om at det brakar laus i gymsalen i kveld klokka 18:00! Jo fleire me blir, jo triveligare blir det!! Du kan lesa heile invitasjonen her
..Buhagen Epesaft nytes i 6 gr-kulpen på Foss i november i skodde, regn og blest «Sol ute, sol inne, sol i hjertet…..sol i sinnet !! Åååå…» Endeleg kom paraplydrinkane!! og denne gongen blei det uavgjort Skiftudalen – Foss ! Ja, me reknar med Tania òg i det reknestykket: ho bur på Tonå! Midt mellom …
Det hender me får ros og tilbakemeldingar frå dykk nettsidelesarar. Her ein dag fekk me ei artig melding frå ein ny lesar; Svein Hauge, oppvaksen på Jøsneset i etterkrigsåra, nå busett på Notodden. Han har tydelegvis ikkje gløymd barndommen på Jøsneset, for han samanliknar nettsida vår med ei hending frå den gong, samanfatta slik: «Heimesida …
Volleyball-trening i gymsalen ONSDAGAR kl 20.00 !!Passar for alle frå ungdomskulealder og oppover – sosial og moro trim !!Velkommen til alle !
Den øydelagde ferjelemmen er fiksa. Første avgang i ordinær ferjedrift er kl 20.15 frå Nesvik torsdag 14.11.I 1 1/2 veka har ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland vore ute i drift pga kollisjonsskaden. Les meir på Aftenbladet.
To værar blir lett til fem høns…eller?…nei,nei,nei !! To værar på nettsida vår blei plutselig til dagens radio-innslag i NRK Rogaland!! Fekk du ikkje med deg radiointervjuet med Sven og Jon Arne om dei to værane som skulle over fjords til gards for å sikre veksten?? Då kan du høyre det på nytt her i …
Hausten er ei herleg lesetid !! Er du glad i å lese bøker ? Har du lyst å prate med andre om bøkene du les? Få tips og idear til bøker du elles kanskje ikkje hadde lest? Utvide bok-horisonten? Ein lesesirkel kan vere tingen for deg då Ein lesesirkel er ei gruppe leseglade mennesker som …
Ferjekrasj og trafikk-krøll……»vær»-dagen må gå sin gang for det! Og då er det ein fordel med fleksible og praktiske retta skysskarar som Helgøyen og Co. Det fekk sauebøndene Ingeborg og Sven erfare: som hadde kjøpt to værar på Hjelmeland. I staden for å ta lastebilen med på ferja frå Nesvik til Tau, og deretter kjøre til Hjelmeland for …
Du trudde kanskje badesesongen var over?? Å neida !! Full aktivitet i kulpen i Foss-ånå òg denne lørdagen. 5 grader, pøsregn og lågt skydekke; joda, kulpen berre KALLAR slike dagar. Det blei hopping, dykking og lange, herlege tak i det friske vatnet. Helselagsleiar uteblei akkurat denne dagen; helsinga til henne er kort og godt: Spania …
Saka om barnehagestruktur i Hjelmeland var oppe i Oppvekstutvalet 06.11, les saksframlegg og vedtak HER. Oppvekstutvalet går inn for nybygg og utviding av Årdal og Fister barnehagar, medan barnehagane på nordsida av Jøsenfjorden skal bli to avdelingar under Hjelmeland barnehage. Innspelet frå Jøsneset Bygdaråd (sjå brev i link i artikkel nedanfor) blei ikkje imøtekome. Saka …
Les meir om Per Husby og sjå heile plakaten HER
Etter at ferja krasja i ferjelemmen på Hjelmeland i går, onsdag 6.nov, er sambandet vårt ute av ordinær drift. Dette kan pågå ei god stund, i beste fall ut i neste veke, dvs veke 46.. I værste fall 2 veker! NORLED har nå sett opp ferjerute mellom Nesvik-Skipavik-TAU. Rutene finn du HER. Trafikkmeldingar HER. Elles blir …
Onsdag 6. november skal oppvekstutvalet i Hjelmeland handsama ei sak om framtida for barnehagane i kommunen. Det er mellom anna forslag om å leggja ned ein av barnehagane enten på Jøsneset eller i Jøsenfjorden! Du kan lesa saksframlegget frå rådmannen her. Bygdarådet har skrive ei uttale i …