HER kjem ei jule»gåve» frå VONI og Jøsneset Ungdomslag. Ungdomslaget har jo mange årgangar av VONI (seinare VONA) heilt tilbake starten av 1900-talet. VONI var på ein måte då-tidas «nettside» for Jøsneset. Folk i bygda skreiv i boka, dei les opp historiene på ungdomstreffa og boka gjekk slik på omgang frå treff til treff – til glede og underhaldning. …
Mandag kveld møtte spende kursdeltakarar og minst like spende kurshaldarar opp på Bøen for å sikra bygda sylte og lammerull til jul. Under kyndig veiledning frå Berit og Silje sette ivrige hender i gang med å skjera, krydra og sy. Først blei det ribberull av svin. Her er Ellinor i fint driv …
Om du lurte….jada, julebadet er unnagjort!! Og det ser ut som det friska opp og gjorde godt for dei to «himvendte» bylærarane Lene og Lise. Og Lise er historisk; første badar austafor Fosskrossen – dette lovar godt for fortsettelsen! 11 stk hoppa uti den friske ånå i årets julebad, ja 2 av de bada …
Bygdarådet avsluttar eit hektisk år med denne elleville julehelsinga. God fornøyelse!
For den som trudde Julebadet var unnagjort….det er feil, det skjer i dag i Kogekjellå på Foss kl 16.00. Ferierande julegjester og himkomne ungdommar er særskildt oppfordra til å ta seg ein frisk dukkert i lag med urinnvånerane Bli inspirert her:
Joda, Jøsneset skule er liten, men likevel kan dei 21 elevane kunsten å lage program og underhalda mykje folk! Torsdag 19des inviterete skuleelevane begge bygdene Jøsneset og Jøsenfjorden inn til tradisjonell bygdekveld – og her var det litt av eit program med song, dans, rollespel og musikk i nesten 1 1/2 time utan pause – …
Laurdag 14 desember var det tid for både julebad, julegraut, julegløgg og sjølvsagt «sprang» rundt juletreet. Det heile i og rundt Kogekjellå på Foss – og utdeling av mandariner frå ein veldig snodig firbeint Nisse ved namn «HelgøyPrinsen»….ja og så var lokalavisa STRANDBUEN på besøk og laga både avisreportasje og videosnutt. Klikk på bidet for …
Pga rigging og førebuing til Bygdakvelden på torsdag 19 blir det ingen volleyballtrening onsd 18.des.Men…..kva med ein liten romjuls-volleyball-turnering??
JØSNESET SKULE INNBYR ALLE, BÅDE STORE OG SMÅ I BEGGE BYGDAR, TIL BYGDEKVELD, TORSDAG 19.DESEMBER KL 18.00 på JØSNESET SKULE. TEMAET ER: JUL OG JULETRADISJONAR.Dette er aller siste gong Jøsneset skule innbyr til førjuls-bygdekveld, så møt opp! PROGRAM: Gjennom song, dans og rollespel hjelper elevane oss med å skape den rette julestemninga. MATØKT (me høyrer …
LAURDAG 14 des kl 16.00 , Kogekjellå i Krogane på FossBli med på årets friskaste julesamling ute i friluft. Det blir bading, så har du lyst på ein frisk dukkert, så finn fram badeklær, nisselue og hopp uti !!Men har du berre lyst på julekos, så fyrer me opp bålpannå og tenner juletreet, og alle …
…..JULEBADING, JULEGRAUT, GLØGG ….og «Nissebesøk»….i KOGEKJELLÅ på FOSS Lørdag ettermiddag 14 des – tidspunkt litt uavklart foreløpig !
Laurdag kveld på Samfunnshuset kl 19.30 kan du oppleve Hjelmeland Ungdomsteater si sjølvlaga teateroppsetning «NO ER DET JUL, IGJEN!» Her deltek masse flinke barn og ungdommar frå heile kommunen, deriblant Malena, Malin og Madelen frå Jøsneset. Bilettsalg i døra; Vaksne kr 150 Barn kr 100 Familie kr 400.
Laurdag låg julesnøen kvit og fin over Jøsnesbygda Heldigvis hadde stormen stilna før ei nyhogd julegran var på plass foran brannstasjonen. Godt kledde i kulda samla barn og vaksne seg på Skiftu-kaien for å tenna faklane, og så la nissetoget i veg mot brannstasjonen. Vel framme samla alle …
Nå er endeleg hjartestartaren på plass på veggen. For dei som ikkje allereie har sett den, så heng han på veggen på brannstasjonen til venstre for porten.
Tradisjonen tro: Jøsneset skule lagar alltid til stor bygdekveld før jul – også i år – men i år blir det for siste gong!! Neste år er jo skulen vår blitt historie. Så til alle på Jøsneset og Jøsenfjorden : Set av kvelden 19. desember – få med deg dette !! Meir info kjem. Arkivfoto
Skumringa seig inn over den julekortkledde bygda, månen steig opp på den vinterblåe himmelen, kulda trakk ned gjennom dalen til minus 6 grader….men likevel 6 småtrippande, badekledde Jøsnesbuar hakka hol i isflaket på Kogekjellå – klar for bading !! Flott, mjukt iskaldt snødekke på land – og klar for 1.5 grad i ånå !! Svanhild på Foss var første kvinne uti, og …
Lørdag 7.desember tenner me juletreet ved brannstasjonen. Det blir gang rundt juletreet, julesongar, gløgg, pepparkaker og sal av pølser. Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien klokka 17 Faklane kostar kr 50,- Hjarteleg velkomne store og små! Bygdarådet
Det nærmar seg jul, likevel held badinga i 4-graderskulpen «Kogekjellå» på Foss fram som før…..også nå på lørdag blir det bading, og lørdagen etter det: Helselaget inviterar til festlig juletreff, kaldt julebad og varm julegrøt LØRDAG 14 des!! Då kjem det også besøk av ein «Nissekar» ud-ante…..hm…kven kan det vere???Og tør han å bade?? Set …
På an igjen: 31 november, 4 grader i elva..9 stk plaska uti det iskalde vatnet som kjem ovante snødekte Jøsnesheia. Det varma godt med gløgg og solboller etterpå. Frisk dukkert – set gang i blodomløpet !! For første gong gjekk Skiftudalen seirane ut; med sine 5 bade-deltakarar. Foss stilde med 4 stk; og denne …
Det er grunn til å feire siste dag i november 2013 – som blei ein stille, kald og solrik dag. Det er nettopp på dei solrike dagane på vinterhalvåret at bygda lever opp til begrepet «Solbygda» – bygda ligg bada i sol heile dagen!! Me feirar sola, livet og bygda med nybakte Solboller og varm te for …