Hjelmeland Turlag har klart TURPROGRAMMET 2014 (deriblandt tur til Herefjellet). Men Turlaget startar året med ein innandørskveld og ein laaaangtur:
Kristiane Westersjø – som nå har bada kvar lørdag sidan okotober – sjekkar forholda for dagens bad: 1,5 grad i elva, omtrent det same på land, sur austavind og litt isflak i kantane på «bassenget» . Ingenting av dette hindra verken Kristiane eller 5 andre hardhausar å hoppe uti: Livet går altså sin vandte gang på …
Auståvind, storm, snøføyk, regn og rusk….,ja, du trudde kanskje badelivet var parkert. Ånei då – siste to lørdagane har det – trass i det sure dritværet, vore jamnt og godt frammøte, ca 10 stk første lørdag i januar og 11 stk sist lørdag; det er hopping, dykking og svømming i Kogekjellå……så òg i morgon….me satsar …
På opninga av Norges stand på Grûne Woche i Berlin fekk Mikal Laks overrakt prisen «Spesialitet Unik Smak» av landbruksminister Sylvi Listhaug.» Kvalitet i alle ledd gjør at norsk sjømat står så sterkt og verdsettes over hele verden for sin unike smak. Mikal Laks er en utmerket representant for dette» uttalar direktør i Matmerk Nina …
Me inviterar til nytt STADNAMNTREFF I TRIVSELSTOVA TIRSDAG 28.januar kl 19.00 Me har alt fått inn nokre kart med påteikna lokale stadnamn; m.a frå Nevik, Fosså og langs sjøen rundt Jøsneset. Her var det mange artige namn, og svært lokalt. Desse namna har me fått lagt inn i kartbasen. For dei som fekk utdelt kart etter førre …
Minner om volleyballtrening kvar onsdag kl 20.00 i gymsalen
Dei siste åra har det vore tradisjon med påskefest og revy på påskeafta på Jøsneset. For å kunna videraføra denne tradisjonen, treng med fleire som kan vera med å snekra saman ein ny revy. Me treng både tips og idear til innhald, scenearbeidar og ikkje minst aktørar. Har du lyst å vera med? Ta kontakt …
Les invitasjonen HER
8 reflekskledde friskusar av begge kjønn med god alderspredning møtte torsdagskveld sist veke opp til gå-og joggegruppe. Som eit lite under var himmelen stjerneklar og kvelden stille – ein flott kveld for utandørsaktivitet. Nokon ville gå ein tur, andre hadde lyst å jogge; gruppa delte seg i to, og alle gjorde det de ville. Det var ingen «ville …
Foto: Aftenbladet Felles GÅ- eller JOGGE- gruppe ?? Kun 1/5 av vaksne folk i Norge følgjer helsemyndigheitene sine råd om minst 30 minutt fysisk aktiviet til dagen: det er jo for-gale, for 30 minutt er ikkje lenge !! Og inaktivitet er i ferd med å bli eit samfunnsproblem…..Gjeld kanskje ikkje oss hardhausane på Jøsneset, trur …
Jøsneset Viltlag har nå avlevert sin fellingsrapport for hjortejakta 2013. Denne viser at det felt totalt 45 dyr på Jøsneset denne sesongen, og det stemmer godt med avskytingsplanen som la opp til 50 felte dyr (det kunne vært tatt 5 hjortekalvar til etter planen). Fordelinga på dyra var slik:
Som tidlegare annonsert her på nettsida vår, har me nå starta ein LESESIRKEL på Jøsneset som nå består av 10 stk. Første bok er lest og første samling avhalden. Gruppa fant ut at ein kan legge ut nokre synspunkt om bøkene som blir lest, til eventuell inspirasjon til andre. Første bok ut var «Det vi …
Me startar opp att med volleyball-trening ONSDAGAR kl 20.00. Ungdom og vaksne, kvinner og menn, spreke og uspreke – alle er VELKOMNE !!!
Bli med å gjer nettsida vår meir variert, meir aktuell og meir mangfaldig : Send oss tips, send oss bilder, send oss tekst !!! Ingenting er for smått for Jøsnessiå. Kontakt ungdomslaget@josneset.no, helselaget@josneset.no eller bygdaradet@josneset.no
Etter 10 freske kulpbad og eitt viltert fjordbad i perioden oktober til nyttårafta, så skulle ein kanskje tru at folket nå «drog inn bikiniane» – men neida: Badinga fortsetter som før i Kogekjellå på Foss kvar lørdag kl 16 utover ettervinteren. Me håpar (?) på flotte snø-og kuldeperiodar og ønskjer nye og «gamle» baderar velkommen!! God folkehelse i kvart dypp
2013-romjula har vore storm-og regnfull. Natta til 31.desember var værst – mange låg søvnlause og høyrde på stormen og regnet som piska i den mørklagde straumlause bygda. Litt utenkeleg då; å sjå for seg strandfest og badeliv i Skiftustranda same dagen. Men neida – denne glade badegjeng heiv seg uti den nyttårsfriske fjorden medan nyttårsrakketten fauk til …
Regnbygene og stormkasta har stått i kø denne romjula 2013; også lørdag den 28.des. Dette til trass; 8 stk kasta seg likevel uti Kogekjellå på Foss på slaget kl 16 for årets romjulsbad – denne gongen 4-4 til Fossdalen – Skiftudalen Litt dykking ned Kogekjellås dyp !! For den som trudde det var årets siste bad……sjekk eigen artikkel !
Årets badesesong avsluttast med eit fyrverkeri av eit NYTTÅRSBAD i SKIFTUVIGÅ Nyttårsafta kl 15.00. Det blir midtvintersbål, servering av sprudlane champagne(-brus), høg sigarføring (?) og ein smule partyfaktor. NVE melder om store nedbørsmengder og flaum….omtrent som jonsok-værmeldinga altså. Kan me bade då – kan me bade nå !! Utfordringa går spesielt til Fossdalsbuen – som nå …
På Solveig Bog Bouzane sin 2.juledagstur kom ho over denne frimodige saublomen. Definitivt ein hardhaus innan planteriket! Spørsmålet er: er det årets siste?? Skulle det dukke opp nye vårteikn før nyttår er det berre å sende de over til ungdomslaget@josneset.no.