Minner om gå-og joggegruppe TORSDAGSKVELDAR Kl 19.00. Joda, det stemmer: det er vått og det er surt, og det fristar kanskje meir å sitje inne? Men tenk heller at det er også friskt og mildt, og kveldane BLIR faktisk lysare!! – så ingen grunn til å sitje inne å vente på godværet. Rett antrekk i kveld; …
Hei! Onsdag 19 feb(neste onsdag) kjem konsulenten for Mary Kay og viser oss produkter for hud/hår/negler og make up i Trivselståvå kl.19. 00. Det er mulighet for å kjøpe/bestille varer og du kan få goe tips og råd om pleie av huden. Kom også gjerne bare for ein kaffikopp og litt drøs sosialt Hilsen …
Joda, badetidspunktet var i sterk konkurranse med Bjørndalens stjerneløp i OL denne laurdagen. Me bøyer oss i støvet og gratulerar den karen. Men badinga i Kogekjellå blei gjennomført denne laurdagen òg – kun 3 baderar, men forholda var nærast vårlege – kun sur vind og lett yr, men isfritt og friskt i vatnet. Så, joda Hanne Sørvaag….me …
Her er den vesle boka om den gamle sauebonden, som skapte både lang og god debatt i Lesesirkelen denne veka. Boka «Svar på brev frå Helga» handlar om den 90 år gamle sauebonden frå den islandske landbygda som endeleg «mannar seg opp» og svarar på brevet frå elskerinna Helga. Boka handlar om den …
Lokalavisa Strandbuen hadde fredag ein artikkel om Jøsneset Bygdaråd sitt engasjement kring dette. Bygdarådet etterlyser m.a. meir meir politisk støtte frå kommunen i sitt bygdeutviklingsarbeid. For dykk som ikkje har papirutgåva; nedanfor finn de artikkelen. Her finn du FORSIDA og her finn du ARTIKKELEN
Etter eit hektisk år går Jøsneset bygdaråd inn for landing med årsmøte tirsdag 18.februar klokka 19:00 i Trivselsstova. Sakslista bugnar av viktige saker, så me utfordrer deg til å møte! Her kan du lesa Bygdarådet si årsmelding, og heile innkallinga til årsmøtet finn du her. Velkommen!!
BASAR OG ÅRSMØTE FOR JØSNESET HELSELAG. TYSDAG 4.MARS KL 19:00 I …
http://www.youtube.com/watch?v=H6-TsOq4K-E
Me unne oss denne gladmeldinga nok ein gong….mens badinga går sin gang, og me ventar på sommarn…og Hanne! http://www.youtube.com/watch?v=H6-TsOq4K-E Set av 23.august – det blir ein kanondag med denne flotte dama i spissen ! Arr: Bulystgruppa/kulturkontoret
Det er tid for vinterens eventyr: skikarusell på Gullingen, MEN, snøen manglar framleis: så første renn er utsett ei veke til 10.februar.Følg med på nettsida til SULDAL IDRETTSLAG !
Det blei ein finfin skeisedag på Fosstemmen søndag 2 februar. På såpass kort varsel som ei lita notis på nettsida kvelden før, var det flott at over 20 stk møtte opp på den blanke, litt våte isen. Mildværet kom med søndagsmorgengryet, og derfor var det våte pyttar på isen – men ingen hindring! Har du …
Med hjelp av desse to små uskarpe øyeblikksbildå kan dokke nå tippa om dagens baderar og dagens fotograf syns det var kaldt i Kogekjellå i dag?? I dag var det Ingeborg som tok ansvar, og drog til med sleggå og kakka akkurat stort nok hol i isen for at ein og ein badar kunne få vekas …
Nettsida fekk følgjande SMS-melding ikveld: «Skeisedag på Fosstemmen søndag 2.feb. Oppmøte fra kl 13. Vegen er open og folk kan kjøre heilt opp. Benytt sjansen før mildværet kjem» Brannvesenet presiserar : ikkje gjer opp ild !!
Husk gå- og joggegruppe TORSDAGAR kl 19.00, Skiftukrossen. Torsdag 30. januar er det òg damekveld i Trivselstova kl 20.00 – så alle damer: då rekk dokke akkurat ein fin, frisk gåtur først.
Oppmøtet på volleyballen har stort sett halde seg stabilt gjennom vinteren. På siste trening onsdag kveld var det veldig bra: 6 stk på kvart lag!! Også denne kvelden blei det «gamlingane» (+ ein innleigd) mot ungdommane – alltid spennande: stor innsats på begge sider. Så møt opp vidare utover vinteren folkens !! Nye spelarar er òg velkomne …
…..Rauetødne, Busteidn, Revastien, Presthammarflådå ….ja, alt dette og mykje, mykje meir er lokale stadnamn på Jøsneset. Bildet ovanfor viser døme på eit kart med namnelister som me har mottatt. Me har digitalisert inn mange kartlagde namn, og mange fleire namn fekk me inn på samlinga onsdag denne veka. Det var ein ivrig og kunnskapsrik gjeng som var samla i …
NORLED melder at Ombo-turane utgår i kveld mandag 27.januar grunna uvær, sjå DRIFTSMELDINGAR NORLED.
Stengde vegar, innstilte ferjer og kolonnekjøring pga uvær og storm laurdag 26 januar. Stormen rasa og sjøsprøyten stod i høgaste veret uti Ombofjorden. Også på Jøsneset blei det kolonnekjøring denne laurdagen…..eller skal me heller kalla det «kolonnebading». Isforholda i Kogekjellå medførte at det berre var plass til ein badar om gongen – og når 11 stk …
Torsdag 30 januar kl 20:00 startar me opp att med damekveld. Alle er hjertelig velkomne til eit uformelt sosialt lag i trivselstova. Dei neste damekveldane er; 27. Februar, 27. Mars og 24. April ( I april blir det kanskje tema for kvelden). Helselaget arrangerer årsmøte 4. Mars 2014. Meir info kjem seinare. Huga å set …
TV Vest har ein flott programserie som heiter RYFYLKEVEGEN – ein serie som tar for seg ulike folk og stader langs vegen. I program 5 kom de innom Sand – og der møtte de Paula Foss – innehavar av kafeen og puben » Kjedlaren «. Paula er busett med familien i Knutsvik koseleg innslag som du finn ved …