Siste nytt

Dagens quiss !!

Nok eit superherleg bilde, av ein blid og nydeleg gjeng !! Men dagens quiss: kven er dei ???  Me røper litt:  Det er ikkje komplett klasse/skule-bilde; for nokon manglar.  Tre av gutane bur på Jøsneset, men ikkje så mange av jentene.  Det er 2×3 søsken blandt dei. Kun ein av alle her er meldt på …

Makrellen er her !!

Makrellsesongen er i full sving – og stor, feit, fin makrell blir pakka i isoporkassar for eksport på Skiftun Fiskemottak. Oddvar og Rasin er begge ivrige makrellfiskarar frå Jøsneset, og dei leverte tilsaman 4 tonn i dag. I tillegg var det leveranse frå andre lokale fiskarar og tilsaman blei det pakka 9 tonn denne nydelege maikvelden.  Det er eit heilt …

Rasin kjem! Men kjem…. ???

Rektor Rasin står sjølvsagt høgt oppe på påmeldingslista til AVSLUTNINGSFESTEN . Bra !! For her vart me jammen i tvil…..kan desse utanomjordiske her verkeleg vere tidlegare Jøsneset-skule-elevar??? Landa de i romskip? Var det eit utslag av mat-og helse-faget?? For hard gym? Me treng Rasin til å klare opp i dette her. Me håpar dei utanomjordiske melder seg …

An Jan Birger kjem ….kjeme du?

Jan Birger Foss (framme til venstre) gjekk i klasse med denne gjengen – dei byrja på Jøsneset skule på slutten av 1940 talet : Kari Mork (Langvik), Torunn Foss (Rødde), Nils Jostein Øglend og Klara Foss – for ein herleg gjeng saman med lærar Andreas Hauge.  Me håpar han får møte nokon av medelevane sine …

Rørande og koseleg 17.maifeiring

Storslagen grunnlovsfeiring over heile landet….så òg på Jøsneset. Det var mykje som gjorde inntrykk sidan det var siste gongen Jøsneset skule stod sentralt i 17.mai-feiringa i bygda  – men det som nok rørte dei aller fleste aller mest var den fantastisk flotte talen av dei tre 7.klassingane Ida, Tania og Sebastian Talen var personleg og nær, men samstundes òg …

Fibernett-utbygging

LYSE hadde denne veka eit ope folkemøte om utbygging av Fibernett på Jøsneset. Det var ca 40 personar som møtte opp, og mange av desse teikna seg på som framtidige Altibox-kundar. LYSE var nøgd med responsen på møtet, og vil nå desse tre vekenummer 20. 21 og 22 fortsetje salget ved å ta kontakt med …

Hu Magnhild kjem….kjem du?

Magnhild Meltveit Kleppa hadde sin første lærarjobb på Jøsneset skule –  og handskast då med denne herlege gjengen !! Hu Magnhild kjem på avslutningsfesten fredag 13.juni !! Då hadde det vel vore moro om ho hadde fått truffe sine første skulebarn igjen Alle av dei bur på Jøsneset/i distriktet. Så dette er muleg! Utfordringa går til dykk: Odd Magne, Jostein, …

Unge 17.-mai-talarar

Desse tre spreke 7.klasse-elevane på Jøsneset skule skal saman halde den historiske 17.mai-talen 2014. Tania Yu Auglend, Sebastian Altamirano og Ida Sværen Oaland er historiske fordi dei er tidenes siste avgangselevar frå Jøsneset skule, og historiske fordi de nok er tidenes yngste talarar her i bygda (12+12+13 år) og historiske fordi dei i år held …

Surrealistisk fabel med dybde i lesesirkelen

Berit T. Skiftun var spend på reaksjonane då ho delte ut «Og i mellom er der dører», skriven av broren Terje Bjørnø Torgersen, til dei kvalitetsbevisste damene i lesesirkelen. Alle fekk boka til odel og eige! Boka var utgiven på eige forlag, og forfattaren oppgir tidligare å ha «gitt ut to glass og en flaske …

JØSNESPOSTEN i salg

Den historiske 2014-utgåva av Jøsnesposten er nå i salg!  Dette nummeret av den populære Jøsneset Skule-avia er historisk nettopp fordi det er siste året den blir produsert – om ein månad er jo skulen nedlagd !!  Elevane på skulen har laga ei fyldig og fin avis, der du får masse nyttig og god informasjon om …

Hjartemarsj 8.mai 2014

NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG       Torsdag 8.mai la seks vaksne og sju born ut på tur til Håvehammaren. Turen starta frå Foss og det var hengt opp 10 postar der alle skulle svare på spørsmål om ulike tema. tema for turen var Hjartemarsj så det var tid for både drøs og pausar på vegen …

17.mai 2014

17.MAI PÅ JØSNESET.  I år er det ei spesiell 17.Mai då det er siste året til skulen på Jøsneset, samt at grunnlova har 200 år markering. Me kan difor stolt reklamere for eit innhaldsrikt og variert program for dagen.  Talerane for dagen er Ida, Tanja og Sebastian som er 7 klassingar på Jøsneset skule, kulturskule …

FOLKEMØTE OM FIBERNETT

LYSE inviterar til ope informasjonsmøte om FIBERNETTUTBYGGING PÅ JØSNESET!Trivselstova eller Gymsalen tirsdag 13.mai kl 18. 00. Påmelding. Les meir på PLAKATEN FRÅ LYSE På møtet vil du få informasjon om LYSE sine breidbandprodukt, som består av lynraskt fiberbreiband, telefon og TV. LYSE skriv: «Tilbudet fra Lyse er avhengig av tilstrekkelig interesse i ditt område. Snakk …

Invitasjon til alle:

  Det lakkar og lir mot siste skuledag her i bygda.  Me skal feire Jøsneset skule si historie med ein flott og verdig fest – og alle er invitert – her kjem vår INVITASJON

Tid for kusymre-tur

Deilig vår over bygda!! Akkurat nå blomstrar kusymra frodig oppunder Herefjellet – ta deg turen langs merka tursti frå Åsland til Håvehammar, så kan du nyte synet av massevis av den fine vårblomen; blanda med fioler, bekkeblom og siste rest av kvitveis. Eit syn !   Set deg ned i vårbakken og nyt våren.   …

Hjartemarsj

                              NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG                                                                           …

Fiksing av oppslagstavle

Bygdarådet si oppslagstavle v/branngarasjen er ødelagd. Fronten er difor tatt av for reperasjon, og det er difor ikkje så greitt å henge opp plakatar der nå. Reknar med at den snart er på plass igjen; like heil og fin

Bli med på ….

Det er deilig vår over bygda – og det nærmar seg nasjonaldagen ! Saman vil me gjere bygda enda vakrare og reinare. Rydding av søppel langs vegane. Vask av Trivselstova  – ta med bøtte, kost og klutar Dette er kjekt og sosialt team-arbeid og både små og store, unge og vaksne har masse å bidra …

Info Fibernett-utbygging

I fjor kunne folk her melde si interesse for fibernett inn til LYSE. Alle desse har nå fått eit INFORMASJONSKRIV.  Me legg dette informasjonsskrivet ut på nettsida; slik at infoen blir spreidd uavhengig om ein har meldt interesse eller ei. LYSE opplyser òg at dei jobbar med pristilboda, og vil vere klar med dei nå …

Hærverk i gapahuken

Det var eit trist syn som møtte ungane då dei var innom skulen og barnehagen sin fine gapahuk etter helga.   Kledning på fleire vegger var riven ned, og som «brekkjern» hadde vandalane nytta bålrista som dermed var knekt og øydelagd. Den fine grinda som ungane sjølv har laga, var slengd ned ein skråning og …