Siste nytt

Kanoar – åpningsfest

Her kjem sommarens fyrste sosiale happening   Les meir her

Flott sommartur

Klikk på plakaten så får du den større

Hanne Sørvaag med ny låt !!

Du har vel sett av datoen 23.august til HANNE SØRVAAG og SMASHING JØSNESET ?Kanskje ho speler denne nye herlege låten??  set i gong å øv

Skaff deg samleutgåva JØSNESPOSTEN

Til avslutningsfesten for Jøsneset blei det produsert opp eit opplag av samleutgåva av Jøsnesposten, 32 årgangar frå 1982 til 2014 er nå samla i 2 tjukke bind.  Nå er det kun 20 eksemplarer igjen av dette unike ultra-lokalhistoriske verket på tilsaman 700 sider. Løp og kjøp !! Mesteparten av samleutgåvene blei seld på avslutningsfesten, men det …

Johanna Langvik var dåtidas SFO

Svein Hauge held eit minnerikt innlegg på avslutningskvelden for Jøsneset skule. Svein er oppvaksen på skulehuset, og faren var lærar Andreas. I bilderike ordlag delte han sine barndomsminne med dei 170 frammøtte på festen – Gjekk du glipp av dette? Her får du innlegget som han kalla:  «IT NEEDS  A HOLE WILLAGE TO RAISE A CHILD» («Det …

Minnerikt

Jøsnesbygda kjempa for å behalde skulen – men tapte !  Nå ER skulen historie! Likevel klarte bygdefolket saman å skape ei festleg og verdig avslutning for denne viktige bygdeinstitusjonen. 170 påmeldte frå alle generasjonar var samla – og det var både nåtid – fortid og framtid som stod i fokus. Dagens elevar ved Jøsneset skule – …

Snegl-deg-vekk

Sjølv om været er fint og tørt om dagen, lever brunsneglane i beste velgåande! Me oppmodar derfor ALLE til å gjera ein innsats for å bli kvitt desse uønska gjestene, og inviterer til «snegledugnad»     Møt opp onsdag 18. juni klokka 18:30 hos Silje Sværen på Bøen! Slik gjer du: – finn deg ei …

Minnerik kveld – Jøsneset skule

Fredag 13. juni vart historisk – avslutningsfest for Jøsneset skule –  ei 121 år lang historie er over. Desse fantastiske elevane skapte igjen ei herleg stemning og drog kvelden i gong med rå trommesolo og gledeleg sang og lystig dans ! Salen var stappa full av alle generasjonar . Fleire bilder og stemningrapportar følgjer. Førebels TAKK …

Klar for avslutningsfest

Bygdefolket jobbar på spreng for å gjere klart til den store avslutningsfesten i kveld. 170 stolar står klar i salen, blomane skal pyntast ut i lokalene,  kaker blir baka og mat tilberedt – talar skal skrivast og sangar skal øvast – aviser skal bindast samen og kjolar skal strykast. Me gjer vårt beste for å …

Jøsnesposten – samla verk

Det jobbast intenst på Jøsneset desse junidagane!!  Me førebur til den store avslutningsfesten for Jøsneset skule på fredag. Ein av mange førebuingar er å få klar «samlede verk» av Jøsnesposten. Komplett utgåve av 32 årgangar er nå under produksjon, og me håpar at desse blir klar for salg på avslutningskvelden. På Jøsneset har me gode …

Årets resultat

Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag                  Jøsneset Ungdomslag   Først og fremst så vil me retta ei stor takk til alle dykk som er så tøffe som tar sekken på ryggen, sko på føtene, masse turglede, og legg ut på 3-nut tur eller hardhaus 1.pinsedag. Nokre har gått alle seks …

Hanne Sørvaag kjem….kjem du?

Klikk på plakaten for å få den større. Meir info følgjer etterkvart – berre hald av datoen nå !!! Dette blir kanooon – gøy

An Svein kjem…..og mange med han

Svein Hauge har ikkje berre gått på Jøsneset skule som elev, han er òg oppvaksen på skulebygget – der som nå barnehagen er! Han er dessutan son til Lærar Andreas Hauge – så Svein er karen som fekk  «full dose» Jøsneset skule gjennom heile barndommen i etterkrigsåra. Faren Andreas var heilt aleine som lærar på skulen i …

Klar for ny sneglekrig

Gjer dykk klar til ny snegleaksjon !! Brunsneglane er i ferd med å ta seg opp igjen, og det må me gjere noko med i saman, om me skal klare å bli kvitt dei for godt. Silje har kjøpt inn ny dose av NEMASLUG. Nå ventar me på fuktig vær, slik at det blir lett å …

Hu Anne kjeme….kjeme du?

Anne Hjorteland, her i rolla som sjølvaste Lucia, var ei av dei som opplevde det som går an på småskular som Jøsneset: å vere heilt aleine i si klasse !! Ho gjekk på Jøsneset skule på 90 talet, og er nå sjølv lærar på ein stooor skule i Stavanger. Korleis var det å vere heilt aleine …

Kom og bu med oss !

Det som me fastbuande i Solbygda Jøsneset ønskjer oss aller,aller mest, er fleire med-bygdingar !! Nå har du sjansen: ein flott bustadeigedom i Knutsvik er til salgs!!!Me håpar at nokon har lyst å ta turen inn til oss i vakre Ryfylke,  og slå seg ned i denne fine, sosiale og spinnherlege bygda.  Alt om eigedommen …

3.plass til «Team Jøsneset»….

……ja, av 3 startande lag altså – På Fisterløpet.  Men likevel: laget kjempa mot 2 andre reine herre-stafett-lag, medan «Team Jøsneset» var ein god aldermix-lag av barn og godt vakne og jenter/damer og gutt/mann….mangfoldet lenge leve !! Kristiane 12 til venstre starta veldig lett og friskt, tett fulgt av den litt lett pesande «gamlemor» Svanhild, vidare …

«Team Jøsneset» running!!

Jøsneset stiller med stafettlag på Fisterløpet – «Team Jøsneset» . Me røper ikkje kven deltakarane er; du får samle saman slekt, venner og naboar og dra til Fister å sjå de i aksjon – Kr. Himmelfartsdag – løpstart kl 14.00. Me kan røpe såpass: teamet består av: lange bein og korte bein, spretne bein og …

Hardhaus og 3 Nut-tur 2014

Nasjonalforeningen Jøsneset helselag              Du har vel ikkje gløymt kva som skjer 8.juni??? Her kjem ei påminning Då arrangerer Jøsneset ungdomslag og Nasjonalforeningen Jøsneset helselag  Hardhaus og 3 nut- tur.  Starten er som vanleg frå Fosstemmen mellom kl: 09:00-11:00.  Nytt av året er at det vil vera ein deltakarpris for …