Bremnes Seashore har anlegg fleire stader i Ryfylke; og det går fint å bu på Jøsneset og jobbe på eitt av deira anlegg. Dei lyser ut fleire stillingar: sjå her på BREMNES SEASHORE
ÅRSMØTE I JØSNESET UNGDOMSLAG LØRDAG 21 FEBRUAR KL 15:00 I TRIVSELSTOVA. Årsmelding 2014. på årsmøtet 2014 vart Jon Brandal vald for leiar for andre året på rad. Frode Tjeltveit vart kasserar og Lene Kaldheim referent. Øvrige styremedlemmer vart Sondre Fosså og Sven Gil Westersjø. Første arrangement me var med å arrangere var Jøsnsmeisterskapet på …
Gå gruppa er klare for ny tur kvar Tysdag kl 19:00. Oppmøte er som alltid frå brannstasjonen, så ta på deg spasersko/tursko/joggesko og bli med på ein kjekk felles tur saman med oss. Helsing styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
I Oslo blei det i dag, 07.02.15, sett Norgesrekord i isbading – heile 320 stk plaska uti den kalde Oslofjorden samtidig, sjå VGTV og OsloByNyheter. I Kogekjellå på Foss var det ikkje slike folkemengder; kun 4. Men sett i forhold til innbyggjartalet så var den prosentvise deltakinga laaangt høgare på Jøseneset enn i Oslo …dermed …
Lesesirkelen» rullar og går», bok etter bok blir lest og diskutert i Trivselstova ein gong pr månad. Siste bok ut var intet mindre enn «Markens grøde» av Knut Hamsun – den boka som kom ut i 1917 og som Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur for i 1920. Også denne boka skapte god diskusjon i gruppa. …
Heile innkallinga med sakliste og valnemda sitt forslag finn du HER
Første februarveke 2015 kjem til å gå inn i historia som ei herleg vinterveke. Snøen som falt sist veke glitra som silkestøv i minus 5-7 grader i fullmåneskinnet. Fullmånen var dominerande på nattehimmelen; som ein lyskastar, i følgje med planeten Jupiter. For oss som bur på bygda utan masse kunstig lys, var veka som skapt …
På Kleivane veks det tett granskog; og den var så tett at siste sving mot Foss var nesten som ein tunnel. Men dette er nå i ferd med å forandre seg. Grunneigarane langs vegen har sagt JA til skoging, og fredag var dugnadsgjengen i sving: Richard, Kurt, Sven, Saulius og 4 søsken Hjorteland – Johan, Unni, Torild …
Torsdag 29.01.15 er det tid for Damekveld igjen. Denne kvelden er det ny tid. KL 19:00 Sjå plakat her.
Dei tilsette i barnehagen melder om at det stadig vekk er hundebæsj å finne både på leikeplassen og i ballbingen – og det er ekkelt !! Dei har ikkje føreteke genetisk DNA testing av bæsjane, så dei kan ikkje seie om dette kjem frå store hundar, små hundar, byhundar eller bygdehundar. Men dei er heilt sikre …
Send oss gjerne eit tips om ting du syns me burde informert om på Jøsnessida. Aktuelle ting? Arrangementer? Stort og smått ? Send oss også gjerne foto. bygdaradet@josneset.no
Ta turen innover til Fosstemmen – der er ei «anna verd» enn slapset og sorpa i låglandet. Har du først forsert Fossbakkane; så kjem du inn i vinterland. Finfine skiforhold også. Men ver rask: været vårt er jo som kjendt særs skiftande; så også her gjeld det: NYT ØYEBLIKKET – der er jo ikkje sikkert det …
Vinteren har vore røff! Mørke, regn, tordenvær og storm – uvanleg surt ! Som eit herleg pusterom i vintermørket kom desse herlege januardagane denne veka. Øyeblikket måtte nytast ! Det gjorde Paula Watkins Foss, som stoppa fem gonger på veg heim frå jobb frå Sand for å ta foto av solnegang og vinterhimmelen. Månen heng einsam …
Den årlege skikarusell startar måndag 26. januar. All info finn du hos SULDAL IDRETTSLAG
TAKK til alle sprøe friskusar som møtte opp på opning av Friluftslivets år-arrangementet på Foss, Jøsneset 13.januar. Været viste seg frå si mest ustadige side; lyn, torden, haglebyger, snøklessa og vind, ja, eit såpass heftig vær at Jøsnesbygda og delar av Hjelmeland var straumlaus denne kvelden. Trass i alt dette; 37 små og store møtee …
Det har vore utvask på skulen ila helga ! Der er det funne ein del ting som sannsynlegvis er gjengløymt. Det gjeld nokre fat/tallerkar, ein kakeboks og eit fat (sikkert frå nyttårsfesten). Det er òg ein del klær som ligg att; sjå foto under.Ta kontakt med Unni Fossaa om du ser noko du savnar blant …
Uværet «Nina» herja stort i heile regionen laurdag 10.januar 2015. På Jøsneset var det straum-laust i mange timar lørdag ettermiddag og utover kvelden. Vinden piska godt og sjøen stod svært høgt; så bølgene herja dualigt inn mot kysten. Her er eit eiketre tatt av vinden; flaks at det ikkje traff hytta; vegen til Nesvik blei …
Klikk på plakaten, så får du den større.
Tilbodet gjeld for morgonfuglar: Hurtigbåt frå Nesvik kl 05.20 KOLUMBUS SKRIV: Nytt pendlertilbud fra Hjemleland, Ølesund, Sandanger og Fister: Hurtigbåten starter på Nesvik kl. 05.20, går via Hjemleland, Ølesund, Sandanger, Fister og Fisterøyene, før den ankommer Judaberg kl. 06.15. På Judaberg er det båtbytte, og hurtigbåten ankommer Stavanger kl. 07.05. Dette innebærer at det vil …
Me treng fleire badevakter Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag er eit av fleire lag/organisasjonar i kommunen som er med å held symjehallen open for publikum. Gjennom familie og helsebading på måndagane. Men for at dette og andre tilbud i symjehallen skal opprettholdast treng me fleire badevakter. Alle som vil driva organisert symjeaktivitet i Hjelmeland symjehall …