Siste nytt

Ferske bakevarer i Krambuå i dag

I dag (laurdag) får du kjøpt Øyvind sine ferske brød, skuleboller og kanelsnurrar i Krambuå  

PR-turnè for Smashing Jøsneset

Team Tverrbekken har turnert Middelhavet for å laga blest om Smashing Jøsneset!  Både på stranda, volleyballbanen og på ute- og spisestader har folk fått med seg det glade Smashing-budskap. HUSK at du må sikra deg billetter i løpet av helga for å få dei til best pris!  Billetter får du kjøpt HER

Kryssing av RV13 for mjuke trafikantar

Dei som sykler og går frå og til Nesvik ferjekai må i dag kryssa riksveien for å nytta fortauet, og det kan vera eit skummelt prosjekt mellom bilistar med dårlig tid både til og frå ferja! Jøsneset Bygdaråd har ønska at det blir laga gangfelt over vegen, men dette meiner Statens Vegvesen ikkje er eit …

Ballbingen open igjen f.o.m måndag 26.juni

Velkomen tilbake til ballbingen frå og med måndag 26.juni No er nytt kunstgras utan fyllmasse på plass. Måla har fått nye nett. Graset må setje seg litt før det kan brukast. Bli med å TA VARE PÅ det nye graset: Ikkje dra med deg grus inn i bingen!Stor takk til gjengen som fjerna gamalt gras …

Ballbingen open igjen f.o.m måndag 26.juni

Velkomen tilbake til ballbingen frå og med måndag 26.juni No er nytt kunstgras utan fyllmasse på plass.  Måla har fått nye nett.  NB: Graset må setje seg litt før det kan brukast.   Bli med å TA VARE PÅ det nye graset: Ikkje dra med deg grus inn i bingen!   Stor takk til gjengen …

Velkommen til Jonsok-feiring

Fredag 23. juni blir det tradisjonell Jonsok-feiring i Skiftustranda kl 18. Enn så lenge gjeld forbodet mot bål og grilling, men sosialt samvere, fiske- og krabbekonkurranse blir det uansett! Ta med deg mat og drikke og møt opp

Info om arbeid hos MOWI Fosså

Me har fått følgande melding frå MOWI: »Der har vært en økning i lusenivåene de siste ukene, og vi må derfor i gang med behandling mot lus på Fosså denne uken. Oppstart blir en gang ila tirsdag. Vi får inn to brønnbåter til å hjelpe oss med behandlingen. De skal samtidig flytte noe fisk over …

Gamle vegar fram i lyset

Mandag var nærmare 20 jøsnesbuar samla på Grendahuset for å læra meir om veg- og stinettet på Jøsneset før bilvegane kom. Det blei ein triveleg og interessant kveld med felles kveldsmat.           Ådne Skiftun starta med å forklara litt om vegane på Jøsneset før «Postvegen» frå Nesvik til Knutsvik blei bygd. …

Bli med på Seniortur til Helgøy !

Påminning: Det er 4 ledige plasser i bussen til seniorturen til Helgøy onsdag 14. juni. Sven hentar folk med bussen rundt i bygda. Me tar 10.00 ferja. Norunn Helgøy møter oss ved brua Helgøy og me får ein liten guida tur rundt på øya. Etterpå blir det lunsj med kaffe og dessert på Epleriet. Eigenandel …

Gamle vegar og snarvegar på Jøsneset

Tysdag 13. jun klokka 19 inviterer Bygdarådet til ein sosial og lærerik kveld på Grendahuset. Ådne Skiftun har teke initiativ til å informera og samla stoff om gamle snarvegar på Jøsneset. Ådne og fleire andre jøsnesbuar har mykje kunnskap om dei gamle ferdselsårene i bygda, og kanskje får me merka opp nokre av dei igjen? …

Dugnad på Grendahuset

Det skjer mye på Grendahus-området for tida! Mandag 5. juni kl 18 blir det ein runde med dugnad på uteområdet, så ta på deg arbeidshanskane og møt opp. Det blir sjølvsagt også tid til kaffi, is og drøs. Velkommen!

Effektiv dugnad på bedehuset

Ikkje så reint få bøtter og klutar var i aksjon då 6 dugnadsklare damer satte i sving. I strålande ettermiddagssol og med godt humør gjekk arbeidet unna.  Etter ein times tid var det meste av arbeidet gjort. Då var vindauga pussa og stolar, skap og gulv vaska. Då alt var ferdig blei det tid for sjokoladekake og …

Vaskedugnad på bedehuset

Bedehusstyret arrangerer dugnad på bedehuset torsdag 1. juni, kl 18-20. Det trengs blant anna ein skikkelig vask i salen oppe, kjellaren og kjøkkenet. Dersom det blir tid, bør og vindauga få seg ein vask. Gi beskjed til Ellen Mari på mobil 92463675 om du har anledning til å bli med. Kjekt om mange kan stille! Helsing …

Hardhausen 2023

Hardhausen blei gjennomført for 15. gong 1. pinsedag. Deltakerane fekk alle årstider, men dei 48 som starta såg ut til å ha hatt ein fin tur. 14 gjekk for første gong, og alle kan kalla seg hardhausar. Eilef Foss deltok for 10. gong, medan Rick Andre Opedal, Jakob Hjorteland Gbada og Vebjørn Fosså har deltatt …

Ring funnet

Har nokon mista ein gullring? Ein ring blei funne ved Norda Høgaste tidligare denne veka. Den låg like ved postkassen.  Gi beskjed dersom du saknar den – enten til oss i redaksjonen eller til Ole Geir Åsland (som fann ringen).

Hardhausen 1.pinsedag 2023

Det nærmar seg pinsehelg og Hardhausen med stormskritt. Følg med på værmelding! Ha med mat og klær etter forholda. Her finn du MEIR INFO OM HARDHAUSEN

Stenging av ballbingen

Ballbingen på Jøsneset vert stengd f.o.m. måndag 22. mai. Det gamle utslitte graset skal fjernast. Underlag skal gjerast klar for nytt kunstgras utan gummigranulat. Dette skal etter planen leggjast i løpet av sommaren. Ber om INGEN AKTIVITET i bingen i denne perioden. Takk! Helsing «Ballbingefedre» og Hjelmeland IL

Ønske om å leige båtplass

Jøsnes-sida har fått ein henvendelse fra nokon som ønsker å leige ein båtplass på Jøsneset i sommar. Ein stad mellom Nesvik og Knutsvik, for ein båt på 21 fot. Dersom nokon har ein båtplass til låns kan dei ta kontakt med oss i redaksjonen (Silje, Svanhild eller Solveig, eller epost til nettside@josneset.no).