Takk til alle 53 stk som møtte opp til uformell og sosial grill/kake/kaffe/lappar/fotball/prate-lag søndag kveld – i 27 varmegrader på skuleplassen !! Så kjekt å treffe nye trivelege tilflytterarar til Nesvik og Foss, baby m/mor og oldemor frå Åsland, tilreisande besøk – og ja… sjølvsagt alle dokke andre «gode gamle» . Sola skein og det blei ein varm flott dag/kveld, og barneflokken spela …
Fiberutbygginga til LYSE går sin gang. Nå i helga 22.aug har det vore jobbing i Skiftuvika med legging av sjøkabelen som går inn i land i stranda, lagt ut frå spesialbåt i sjøbotn. Leif har vore å gravd ned kobingskummar og røyr på land tidlegare. Han jobbar med fibergraving rundt om……så ja, det går framover nå …
Øyvind Oaland er blitt ein orntlig motbakke-knusar, og nøyer seg ikkje berre med motbakkane på Jøsneset. I dag sprang han Hilleknuten Opp – og slo til med ein 3.plass i mosjonsklassen 3,7 km i sin klasse M40-49, og 5.plass totalt blant alle 91 menn med tida 35.07. Veldig bra !! Me gratulerar sprekingen! Resultatlista frå …
Journalist i Strandbuen Magnar Riveland tykkjer det er på sin plass å heidre ein av dei som nå går UT av politikken – den framtidsfokuserte 95-åringen…..ja, sjølvsagt Arthur Westersjø, AP. Les heideren HER. og klikk på bildet så får du høyre Arthur sitt innlegg i siste kommunstyremøte 17.juni – der han fekk tale om ei …
Alle i bygda inviteres til felles søndagskos på skuleplassen nå SØNDAG 24.august kl 18.00. Me har masse å feire: sola, sommarværet som endeleg kom, skulestart, sjø-fiberkabelen som er på veg inn, nyasfaltert veg, makrellsesongen, bygda vår, oss sjøl og ikkje minst nye tilskudd til Jøsneset !!!….mellom anna den norsk/mexicanske familien som har flytta til Foss . Me fyrer opp bålpannå, og griller og koker …
For ein gjeng !!Mandag var det skulestart, og på Fosskrossen blei det nærast «trafikk-kaos» då alle desse 9 skuleborna frå Foss skulle ta skulebussen. For nå er det ikkje nok med den eine bussen; nei,bussjåfør Andreas frå Jøsenfjorden må svinge utom for å hente nokre av dei, for at alle skal få plass. Her er skulegjengen …
Torsdag 27.august arrangerer Jøsneset Helselag tur til Galleri Hagalid. Me organiserer skyss frå Nesvik ferjekai kl 17:30. Me blir møtt av Hanne Sundbø, som vil orientere litt om korleis husa er satt i stand samt fortelje litt om utstillinga, kunst og kunsthåndverk I Sofiehuset får me servert; Kraftig kjøtsuppegryte m/påfyll og heimebakt grovbrød og …
Turpostane på Jøsneset har hittil i år hatt godt besøk, og aller mest i juli månad ! Håvehammar (foto) er nok bygdas mest populære turpost – godt tilgjengeleg både frå Foss, Tonå, Asheim og Åsland. I juli var det 275 besøkande – og 1090 totalt i år – derav 139 barn. Det betyr at turboka for vaksne …
Det var bra frammøte då Silje på Bøen inviterte til snegleaksjon onsdag denne veka. Ho hadde handla inn NEMASLUG og folk strøymde til med spann med sneglar i. Sneglande fekk seg eit bad i Nemaslug-blandinga. Deretter blei sneglebad-blandinga tatt med heimatt i hagane rundt om i bygda, sneglane klipt i to – og blandinga blei …
Ny felles aksjon for å bekjempe brunsneglane !Møt opp onsdag 5.august klokka 18:30 hos Silje Sværen på Bøen! Slik gjer du: – finn deg ei bøtte el.l. med lokk. Gå ut seint om kvelden eller tidlig om morgonen og plukk små og store snegler opp i bøtta. Sett på lokket og oppbevar godsakene i skyggen …
Måndag 3.August kl 19:00 blir det Volleyball trening/kamp på Westesjø Centrecourt i Fossdalen. Ingeborg «legger opp» til «serve-ring» av sine mjøsinspirerte lappar, medan Sven «sun-blokkar» seg med faktor 25 på førehand. Blir fint ver! Velkommen te volley i Fossdal…
Ta deg ein svipptur til Valafjell 713moh – på merka sti frå Foss. Følg skogsvegen til Skiftustølvatnet, vidare på sti i retning Gunlanuten. Ta av frå Gunlanutstien like ovanfor Grøna Lia. Stien er godt merka, og lyngen ligg nå «nedpå» så det er lett og fint og gå. Fin variasjon til Gunlanuten, om ein då ikkje …
Ungdomslaget arrangerte både 5-kamp og JM i Morellsteinspytting sist helg. Her er resultatlistene: 5-KAMP – KÅRING AV ÅRETS KVIGA OG ÅRETS STUT :Konkurransen fann stad i Skiftun strand og på Skiftun kai. Greinene var: Vannbæring, presisjonskast makrell, pilkast frå iskar, økekast, pingpong frå isbad og deretter palleløp i sjø. MORELLSTEINSPYTTING:Konkurransen fant stad på Skiftun Kai:Vinnar …
Masse blide folk var å sjå på Jøsneset 25 juli 15 ! Frå midt på dagen til langt på natt var det smil og latter, aktivitet og dans, god mat og god musikk. YR-meterologane holdt komiteen på pinebenken, og meldte regn….men dagen gjekk over i historia som ein av dei bedre 2015-sommardagane: stille og god temperatur – …
Stjernene leverte på SMASHING JØSNESET på lørdag ! NORA JABRI : den unge, flotte stjernekampvinnaren med den kraftfulle, nydlege vokalen – ja, verda ligg for Noras føtter !! REIDAR LARSEN : veteranen med den råe bluesrøsta og drevne pianospelet – som har stadig nye låtar på lur !! Ulike artistar, ulike sjangrar. Men begge leverte 100 % – begge …
Laurdag 25.juli 5 skal òg «Årets Stut» og «Årets Kvige» kårast!! Den tittelen kan du få ved å delta i 5-kampen på Skiftun kai – Skiftun strand. Start kl 12.00. Det blir : Øksekast, Palle-til-vanns-løp, Pilkast frå is-kar, Vannbæring og Makrell-slengjing. Deltakaravgift kr 50,- Smart å ta med badeklær, tørre håndkle og varme klær. Det blir òg …
Sven Gjil Westersjø frå SMASHING JØSNESET var på NRK LOKALEN i dag fredag 24 – høyr innslaget HER. Håpar DU får lyst å komme til oss !
SMASHING JØSNESET: Me set opp buss t/r NESVIK. KR 20,- pr tur/ein veg. Tilpassa NORA-konserten: 17.15 ferja frå Hjelmeland, med retur 20.15-ferja Tilpassa REIDAR-konserten: 20.00 ferja frå Hjelmeland, med retur etter festen, siste ferja frå Nesvik: 00.45. Takk til sponsor Suldal Billag som stiller buss til disposisjon. Og her finn du ferjerutene Hjelmeland – Nesvik.
SMASHING JØSNESET: Me set opp buss t/r NESVIK :kr 20,- Tilpassa NORA-konserten: 17.15 ferja frå Hjelmeland, med retur 20.15-ferja Tilpassa REIDAR-konserten: 20.00 ferja frå Hjelmeland, med retur etter festen, siste ferja frå Nesvik: 00.45. Suldal Billag stiller med buss
Scenen er pynta med sommarblomar frå Ryfylke Planter – Ådland gartneri, og alt er klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN…..og sola skin !!! Ragni Ådland på Ådland Gartneri på Ombo var raus med sommarblomane til Smashing Jøsneset – dei prydar nå scene og partytelt. Gå inn på Facebook og lik/del vår SmashingJøsneset-side …