SMASHING JØSNESET: Me set opp buss t/r NESVIK. KR 20,- pr tur/ein veg. Tilpassa NORA-konserten: 17.15 ferja frå Hjelmeland, med retur 20.15-ferja Tilpassa REIDAR-konserten: 20.00 ferja frå Hjelmeland, med retur etter festen, siste ferja frå Nesvik: 00.45. Takk til sponsor Suldal Billag som stiller buss til disposisjon. Og her finn du ferjerutene Hjelmeland – Nesvik.
SMASHING JØSNESET: Me set opp buss t/r NESVIK :kr 20,- Tilpassa NORA-konserten: 17.15 ferja frå Hjelmeland, med retur 20.15-ferja Tilpassa REIDAR-konserten: 20.00 ferja frå Hjelmeland, med retur etter festen, siste ferja frå Nesvik: 00.45. Suldal Billag stiller med buss
Scenen er pynta med sommarblomar frå Ryfylke Planter – Ådland gartneri, og alt er klar for NORA JABRI og REIDAR LARSEN…..og sola skin !!! Ragni Ådland på Ådland Gartneri på Ombo var raus med sommarblomane til Smashing Jøsneset – dei prydar nå scene og partytelt. Gå inn på Facebook og lik/del vår SmashingJøsneset-side …
Då klarte YR å knuse draumen om sommarens deilige, varme solskinnstur heile fjorden til endes til Førre!! Med utsikter for 9 grader, regn og litt vind, ville vel turen inn blitt hutrete og gufsen, så Bygdarådet avlyser den planlagde båtturen lørd 18.juli. Kanskje me kan ta det på sparket ein dag/kveld då sola veljer å bli …
Som de nok kanskje har lagt merke til så er det graving på gang rundt om i bygda – for LYSE sitt fibernett. LYSE har sendt eit infoskriv til kommunen der dei orienterer om status for utbygginga rundt om i dei ulike bygdene i Hjelmeland. Brevet finn du HER
Det blir trening for alle i gymsalen kl 20
Ta gjerne ein sommartur til den flotte gapahuken «Kalvagaren» – solid og vakker der den ligg ved Fosstemmen. Dette er eit populært turmål på Jøsneset I gapahuken er det bålpanne til grilling og bord/benker både ute og inne – ta med litt grillkol og grillmat, så kan du ha middagsselskap her. Kaffekjel er på plassen …
«….ingen barnehage er som deg» !! Ja, det har bygdefolket sunge taktfast i 17.mai-toget gjennom mange år! Nå har me sunge det òg for siste gong ! Barnehagen blir nå nedlagt fordi det er for få barn i bygda. Men dei 3 jentene som har fullført siste året i barnehagen har gjort det med god …
Lokalavisa STRANDBUEN melder at det er avklart: det blir to ferjer i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Skipavik ! Les artikkelen HER
Det blir felles trening i kveld, tirsdag, i gymsalen kl 20!
Felles trening i gymsalen er flytta frå tirsdag til onsdag 24. juni klokka 20
LØRDAG 25 JULI blir ein smashing flott dag i Solbygda Jøsneset – Masse aktivitetar frå formiddag til langt på natt for alle aldersgrupper.Mange gode grunnar til å bli og komme til Jøsneset denne dagen !! Jøsneset Ungdomslag arrangerer Aktivitetsdag på Skiftun kai kl 12.00 – 16.00 – ingen påmelding – bare moro, leik og underhaldande 5-kamp på sjø og …
Legevaktsaka fekk litt ulike utfall då dei blei behandla i kommunestyrene i Strand og i Hjelmeland. I Hjelmeland blei det i saka påpeika at saka hasta, for å få sagt opp avtalen til rett tid. Kommunestyret gjekk då òg inn for saka – rett nok med ein garanti at folk på nordsida av fjorden kan nytte seg …
Hjelmeland Turlag inviterer til tur – 28.juni går turen til ULLADALEN-ØREKVAM – samarbeid med Suldal TurlagSiste melding er at det er snø på Blåsjøvegen (hovudvegen inn frå Gullingen) – dersom det framleis er snø på søndag, blir det å gå tilbake til bilane i Ulladalen.Tydeleg sti frå Ulladal til husmannsplass Bakkane – meir utydeleg sti vidare til …
Me drømmer om stille fjord og nydeleg varm sommar! Kva er vel då betre enn å putre inn fjorden til Førre ! Bygdarådet tek initiativ til fellestur med eigne småbåtar – med bålkos, bading og grilling der inne. Meir info HER
Me er på jakt etter materiale til eit flott bål: ta kontakt med Odd Fosså 977 05 273 el bygdaradet@josneset.noMeir info om fellesfeiringa her på PLAKATEN. Velkommen frå Helselaget, Bygdarådet og Ungdomslaget:-)
Felles trening i kveld klokka 20 i gymsalen!!
Bygdarådet var på eit ope infomøte om legevaktordninga, som er under endring. Formannskapet valde å utsetje saka etter innspel frå 4 bygderåd i kommunen, inkludert Jøsneset. Neste behandling blir tysdag 16.juni. Bygdarådet vil sende ny uttale i saka; der me mellom anna vil peike på at me er bekymra for at ambulansebåt-ordninga kan bli svekka av at …
Juni starta røfft! Men nyt dei flotte glimta innimellom!! Knutsvik er staden for flotte kveldshimlar! Så ta ein spasèrtur! Send oss gjerne foto frå «din» kveldshimmel – eller anna frå junisommaren. Send oss òg gjerne tips om ting som skjer eller som kan formidlast her på sida. bygdaradet@josneset.no
I postkassane til fastbuande er det nå delt ut ei lita Friluftslivets år-brosjyre ! Det er Kulturkontoret som med dette gir turrelaterte utfordringar til oss alle. Mellom anna å besøke 6 utvalde turpostar i kommunen ila året. Håvehammar er ein av postane – så då kan jo det vere ein enkel, fin start for …