Siste nytt

Liten smakebit….

http://www.youtube.com/watch?v=n1yA0mvU0RM …frå Ryfylke Visegruppe-konserten.

Lunt og vakkert

Ryfylke Visegruppe heldt ein vakker og melodiøs konsert på Jøsneset søndag kveld.  Her var det godt samspel, herleg gitarklang og vakre tonar frå vokalistane. Konserten varte i ein god time – og her var det gjenhør med gamle slagerar heilt tilbake til 1981 – og nyare stoff. Gruppa var i bygda òg for 5 år …

Fossdamebaderane

Kogekjellå har òg i haust hatt flittig badebesøk…..og det er Fossdamene som er hyppigast på den iskalde dyppingå. Svanhild har vore den aller stødigaste badar utover heile hausten, og får ofte med seg nabo Ingeborg….og nå òg barnebarn frå byn siste par lørdagarbrrrr – den skal tidleg krøkast som god Kogekjellebadar skal bli !  Men nå …

Fellestur på Søndag

KOM OG BLI MED UT PÅ TUR.Søndag 22.november kl 11:00 inviterer Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag alle med på fellestur til Nesdalsfjellet.Møt opp i Nesvik v/Jørgen kl 11:00.Helsing Styret.

Lær å strikke sokker

Vinteren er rett rundt hjørnet, og jula nærmar seg med stormskritt. Trekken opp mellom golvplankane har allerede blitt merkbart kaldare, og julegåveidèane står ikkje akkurat i kø.  Kva passar vel betre enn å strikka varme sokker som kan leggast under juletreet? Ellen Mari Fosså inviterer alle som har lyst til å lære seg kunsten å strikke …

Flott danseforestilling

9.klassingane Tania og Ida inviterte søndag kveld til danseforestilliing i gymsalen – Dei to har «innsats for andre» som valfag på ungdomskulen, og har brukt høstkveldar til å instruere og trene opp dansegruppa «Little Mix». Denne novemberkvelden viste LittleMix fram sine talentfulle trinn på scenen på Jøsneset – flotte, flinke jenter: to søstre frå Åsland, to søstre …

Danseforestilling

I haust har 9. klassingane Ida og Tania hatt valgfaget «innsats for andre», og prosjektet deira har vore dansegruppa «Little Mix» . No blir prosjektet avslutta med forestilling i gymsalen søndag 15. november   Kvar onsdag ettermiddag i haust har barn i 1. – 10. klasse hatt eit ekstra fritidstilbod på Jøsneset; då har «Little Mix» …

Juleverkstad 29/11

JULEVERKSTAD 29.NOVEMBER KL. 11-15 -oppdatert No er snart jula her igjen og då er det tid for sosiale og stressfrie stunder i lag med familien. Då er juleverksted eit perfekt arrangement å bli med på. Det er ope for ALLE, 0-100 ÅR. Dørene opnar kl: 11:00 og held ope til kl 15:00. Så det er opp til kvar enkelt …

Juleverkstad

JULEVERKSTAD SØNDAG 29.NOVEMBER I GYMSALEN. meir info kjem. helsing Lene,Sven ogJøsneset Ungdomslag

Fotokonkurranse

Hjelmeland Turlag har fotokonkurranse som varer ut 2015 – Turlaget ønskjer foto frå naturen i heile kommunen. Det har alt kome mange flotte foto, men håpar på enda fleire. Sjå alle fine bidrag hittil på Hjelmeland Turlag si opne Facebookside. Frist ut året, send til hturlag@gmail.com  

Husk påmelding til påleggskurs!

Meld deg på julepåleggskurset seinast tirsdag!

KONSERT RYFYLKE VISEGRUPPE

 RYFYLKE VISEGRUPPE KJEM TIL JØSNESET IGJEN!! Me hadde besøk av dei i 2010, og nå kjem dei att med nye songar og med ny vokalist Anita Nymann Tønnesen…omtalt i Aftenbladet som «vokalistgullet! Me gledar oss til gjenhør ! Set av datoen alt nå ! Les meir om Ryfylke Visegruppe her i presseomtalen

Julemat-kurs

Det har blitt ein liten tradisjon på Jøsneset at me har ein kveld saman der me lagar kjøtpålegg til jul. Det vil Bulyst-gruppa og laga til i år, og me tek sikte på tirsdag 8. desember klokka 19 hos Silje på Bøen For å få kjøpt inn råvarer vil me gjerne ha påmelding seinast tirsdag 3. november til Silje …

Julebord på spa-hotell Velvære

Bulyst-gruppa har fått reservert ein del billettar til julebord på spa-hotellet fredag 4. desember   Denne kvelden blir det flott julebuffet i restauranten, og så spelar vår eigen Jose Altamirano til dans! Julebord og dans kostar kr 690,-/person. Vil du vera med så kontakt Odd Fosså på tlf 97705273 seinast onsdag 28. oktober Les meir …

Julebord på spa-hotellet

Bulyst-gruppa har fått reservert ein del billettar til julebord på spa-hotell Velvære fredag 4. Desember  Denne kvelden blir det flott julebuffet i restauranten, og seinare på kvelden spelar vår eigen               Jose Altamirano til dans!  Julebord med dans koster kr 690,-/pers. Vil du bli med så kontaktar du Odd Fosså  på tlf …

Snart nye ferjeruter

Stavanger Aftenblad har ein artikkel om dei nye ferjerutene som kjem etter nyttår – «fylkets beste» blir det hevda. Les artikkelen HER

Torsdag = trim

Som vanlig er det trim for alle i gymsalen torsdag 19:30. Sist var me 12 stk men det er plass til fleire