Siste nytt

Snart nye ferjeruter

Stavanger Aftenblad har ein artikkel om dei nye ferjerutene som kjem etter nyttår – «fylkets beste» blir det hevda. Les artikkelen HER

Torsdag = trim

Som vanlig er det trim for alle i gymsalen torsdag 19:30. Sist var me 12 stk men det er plass til fleire

Bildekveld i Jøsenfjorden

Jøsenfjorden Fritidsklubb inviterer inn fjorden til ein flott fotokveld med SULDAL FOTO v/Jarle Lunde. Her vil de garantert få sjå mange fantastiske bilder frå natur, landskap mm: Sjå eksempler på SULDAL FOTO eller følg Suldal foto på facebook.

SOLTRIM !!!

Madelen Langvik og Kristiane Westersjø inviterar til noko spennande:  SOLTRIM  i gymsalen på torsdager. Dei fortel at første oppmøte vil vera den 22. Oktober klokka 17.30-18.45, og alle frå 1-10 klasse er inviterte! Det vil vera aktivitetar som passar for alle, ta gjerne med ein venn !! Bravo jenter !! Torsdag ser då ut til å bli …

Takk for alle regnskogbidrag

Takk til alle som støtta med bidrag til årets TVaksjon til Regnskogfondet ! På Jøsneset var det Jøsneset Bygdaråd som stod for innsamlinga, og kjørte rundt i bygda og ferjekøen på Nesvik – saman med to frivillige som hadde meldt seg som bøssebærarar. Været var nydeleg – sikkert derfor ein del ikkje var å treffe inne. …

«Hjelmelandsfjord» sin siste dag

  Er du ein av dei som hugsar «fjordabåttida»? Hugsar livet på kaien, lasting og lossing, stemninga om bord dei tre timane til byen? Alt bygdeliv skjedde «via landgangen»; sauer til slakt, melkespanna til meieriet, nybaka brød i kassar til butikken, fisk ut og kassar inn, posten inn og ut, reisande folk med byærend – og …

TV-aksjon KAFÈ

I år går årets TV aksjon til REGNSKOGFONDET. Les meir om TVakjonen på BLIMED.NO    

Husk trening i kveld

Det blir trening i gymsalen i kveld 19:30. Alle er velkomne 

Fiberutbygging

Fiberutbygginga går sin gang – her er det kabeltrekking på gang i røyr langsmed kommunal veg Skiftun som pågår-Dette medførte at vegen ned mot Skiftun kai var stengd delar av dagen i dag, tysdag 6.okt.  

Har du lyst å bli med å lage nyttårsfest?

Me i bulystgruppa har lyst å gjenta den vellykka nyttårsfesten 2014/2015. Dette var relativt enkelt å stelle istand; for opplegget var at kvar familie tar med sine matfat – dermed fekk me eit fantastisk og uforgløymeleg matbord !! Jobben til komiteen blir å sende ut invitasjon, ta påmeldingar, handle inn litt fellesting og pynte lokalet. …

Trening for alle i gymsalen

Helselaget startar opp igjen trening i gymsalen torsdag klokka 19:30! Det blir styrketrening i ulike former, kondisintervaller og god utstrekking! Målet er at det skal vera utfordrande men overkommeleg for alle på sitt nivå. Me vil spesielt utfordra mannfolka i bygda til å møta opp – slik at dei ikkje blir heilt overkjørte av spreke …

Ny benk på Nesdalsfjellet

Nå er det kome ny benk på Nesdalsfjellet. Initiativtaker her var Aud Jensen. Lørdag 19. sept samla ho nokre naboar og fekk den på plass. I tillegg så er det laga til eit lite bord. Etter at dette var på plass så måtte både benken og bordet prøvast, og Aud hadde med både kaffi, kjeks …

Damekveld 24.9.15

Torsdag 24.september kl 19:30 er det endeleg tid for Damekveld i Trivselstova igjen. Uformelt treff for damer i alle aldrar. Vel møt. Helsing Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag.  

Gratulerar

Ein Jøsnesbu er nå vald inn som fast medlem i kommunestyret – Sven Westersjø – APAv andre med fast bustadadresse 4146 Skiftun finn me:  Oddvar Skiftun, 2.vara AP og Lars Reidar Nesvik 4.vara Venstre.Komplett representant-liste etter kommunevalet 2015 finn de på HJELMELAND KOMMUNE  

Gå gruppa startar opp att

Me startar opp att med Gå- gruppa Tysdag 15/9/15       Kl 18:30 Me ynskjer nye og gamle turgåerar hjertelig velkomne. Ta på deg gode kle og refleksar så møtes me ved brannstasjonen. Helsing Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag   

Gå gruppa er tilbake

Hausten er her og gå-gruppa startar nå endeleg opp att. Tysdag 15/9/15 kl.18:30 frå brannstasjonen. Nye og gamle turgåerar er hjertelig velkomne til ein kjekk tur saman. Helsing Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag

Demensaksjonen 2015

Demensaksjonen 21-27.sept. «Huske dem som glemmer»   Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag går med bøsse på Jøsneset; Mandag 21.sept og Onsdag 23.sept. Kl 18-20 Av totalt innsamla midler går 70% til forskning og 30% til lokal aktivitet. Sandra var 11 år da faren fikk demens. » Det er synd at jeg aldri ble kjent med faren min …

Emissærtriks? Tåkeprat?

Sjølv om det i den politiske debatten onsdag kveld både blei påstått at H/KrF driv med emissærtriksing og at AP driv med usakleg tåkeprat, så blei det halden ein god, allsidig og interessant debatt. Alle parti minus SV stilde til debatt med to representantar – og oppmøtet frå bygdefolket var bra – ca 45 stk derav både barn, ungdom og …

«Skiftunjentene» inntok Oslo

Sjeldan har vel hovudstaden sett så mange flotte Jøsnesdamer på ein gong i byens gater !! Denne spreke flokken gjekk under Team-namnet  «Skiftunjentene» og inntok Bislett og KK-mila med liv og lyst !!  Frå venstre: Kristine Rosså, LinnAina Rosså, Ingunn Nesvik, Kari Skiftun, Lise Tjeltveit og Lene Hjorteland. Ingen av de bur på Jøsneset nå, men …