Siste nytt

Torsdagstrimmen flytta til fredag

På grunn av eit foreldremøte må trimmen på torsdag avlysast. Dei som likevel vil svetta litt før helga kan møta opp i gymsalen fredag klokka 18.30, merk tida!!

Nå è me i gong !!

http://www.youtube.com/watch?v=fKZqwrH403w&feature=youtu.be Like årvisst som sauablomen og trekkfulglane – så er òg makrellpakkingå på Skiftunkaien eit sikkert vår-og sommarteiken. I år starta første pakking 18.mai – og då med heile 13 tonn.  Her er ein god del Jøsnesbuar involvert i produksjonslinjå:  alt frå sidjenodå i fjorden – opptak og frakt inn til mottaket – og pakking …

Ny ryddeøkt ved Fosstemmen

Ryddedugnadsånda ved Fosstemmen vil ingen ende ta – denne gongen var det Foss Skogsvegforening som kalla inn til lørdagsdugnad – og dei rydda mellom anna vegetasjon langs vegen på nordaustsida av vatnet – dei gravde òg ein god del stikkrenner for vatn nedover dei brattare partia langs vegen – og fleire planar for vegen har …

SMASHING JØSNESET 2016

Lørdag 6 august vert Smashing Jøsneset arrangert igjen!  Denne gong har me invitert Leif og Kompisane Trio til å spele for oss. I tillegg kjem musikaren Ole Alexander frå Stavanger for å spele for oss utover kvelden!  Det vil bli servert god grillmat og drikke. Salg av øl og vin. 18 årsgrense. Det vil bli …

Trim av deg festkakene !

 Silje meiner det er på tide å få trimma av seg festkake-bomene frå Pinsen og 17.mai – så då blir trim som vanleg torsdagskveld kl 19.30.  Nye og gamle kake-og/eller trim-elskerar er velkomne !

Gratulerer med dagen !

Foto: Helga Havnerås Årets 17.mai-feiring blei tradisjonell – nær og kjær. Toget blei relativt «snedde» i år med færre barn og relativt få tilreisande – men det er jo kje plent kvantiteten som gjeld – men kvaliteten – og i front kjørte Vebjørn med sine blåe Ford – tett fulgt av flaggbærarane, komiteen, kommunelegen og bygdefolket – …

Slik var Hardhausen 2016

Det blei ein draumedag på årets 3-NUTSTUR OG HARDHAUSEN !!  Stille, sol og lettskya, litt kjølig – men supert turvær i lett og tørt terreng. Det blei rekorddeltaking med 85 små og store som tok turen til Jøsneset sitt tak denne vakre 1.pinsedag. Vinnar HARDHAUS: CECILIE NATLAND med 5 t 54 min – hemmeleg idealtid: 5 …

EIN DRAUM FOR HARDHAUSAR

Det blei ein draumedag på årets 3-NUTSTUR OG HARDHAUSEN !!  Stille, sol og lettskya, litt kjølig – men supert turvær i lett og tørt terreng. Det blei rekorddeltaking med 85 små og store som tok turen til Jøsneset sitt tak denne vakre 1.pinsedag. Vinnar HARDHAUS: CECILIE NATLAND med 5 t 54 min – hemmeleg idealtid: 5 …

Klar for HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR

Dugnadsåndå har ridd Jøsnesbuen dei siste vekene – både i låglandet og her i høglandet : Nå er gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen klar for innrykk av hordar av turglade heiavandrarar – nå òg med eiga badestrand !! Dette er basen for arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUREN.  Her blir sekretariatet å finne frå start kl 9.00 og …

17.MAI – JØSNESET

VELKOMMEN TIL ÅRETS NASJONALDAL-FEIRING PÅ JØSNESET  – her er PLAKATEN  

Kodejakt !

I desse dagar blir det sendt ut ein liten flott brosjyre i postkassane til alle husstander i Hjelmeland – klikk på bildet så finn du brosjyren. Det er kulturkontoret i kommunen som igjen trigger til aktivitet og friluftsliv. KODEJAKT !!  10 hemmelege kodar er spreidd ut i vår vakre natur i Hjelmeland – i brosjyren …

RYDDEDAG TYSDAG 10.MAI

 Meir info på PLAKATEN

Vel gjennomført Hjartemarsj

  18.små og store trossa vær og vind, og gjekk turen rundt «Nullen». Me fekk bryna oss på 20 quis spørsmål undervegs, så me fekk også trimma hjernen i tillegg til hjerta. Nysteikte lappar, vannmelon, saft, nykokt kaffi/te sto og venta på oss då me kom tilbake frå turen. Sjå foto HER Ingen hadde 20 …

HARDHAUS OG 3 NUT- TUR 2016

Fram med turskoa og gjer deg klar for vårens vakraste eventyr. Søndag 15.mai (1.Pinsedag) arrangerer JUL og Helselaget  Hardhausen og 3-nut-tur   Flott topptur , midt i hjarta av Ryfylke.   3-nuts-tur: Gunlanuten, Røssenibben og Valafjedle Hardhaus: 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet.  Alle stiane er merka med skilt «Hardhausen» og/eller stadnamn og røde merker. Dette …

Jippi – Kasper kom heim !!

Kven var gladast mon? Folket på Tonå? ….eller Kasper sjølv?   Hunden Kasper dukka nemlig plutseleg opp att i heimen – etter å ha vore sporlaust forsvunnen i nesten ei veke. Familien Auglend og naboar/venner har leita og leita og leita- og Kasper har vore etterlyst i sosiale mediar. Han var borte med eit langt band/kjetting på seg – …

Har du sett Kasper?

Border collien Kasper har vore sakna frå Tonå siden i går! Det er ikkje uvanlig at han tek seg ein tur i nabolaget, men heilt unormalt at han ikkje kjem heim om natta. Kasper drar ein kjetting etter halsbandet, så matmor Anne er bekymra for at han kan ha sett seg fast ein stad. Kasper …

Dugnad ved Fosstemmen – lørdag 30 april kl 12

Bygdedugnad ved Kalvagaren ved Fosstemmen – lørdag 30 april kl 12.00Vedlageret på bildet er brukt opp – og det må løs opp eit nytt. Det er kjørt opp eit lass med sand, og denne skal fraktast bort til stranda ved gapahuken – det skal lagast sandstrand for glade badenymfer.Så skal det ryddast i busk/kratt langsmed …

Skiltdugnad torsdag 28 april kl 18.00

Skiltgjengen står på og møtes igjen i sløydsalen torsdag 28.april kl 18.00 – de ønsker nye skiltmakerar hjarteleg velkomne til spennande, sosialt og lærerikt samarbeid.….og moro med lokalhistorie: sjekk berre alle desse artige stadnamna!!  Dette er berre 7 av av maaange innsamla/kartfesta ultralokale stadnamn !!! Du kan berre begynne å bryne deg:  kor høyrer skilta hima mon?  Dei skal nemlig plasserast …

Ny skiltdugnad – tirsdag 19 april kl 18.00

Bli med på ny skilt-produksjons-kveld i sløydsalen tysdag kl 18.00 – Alle er velkomne. Sist var det 11 stk og jobben går bra framover nå.  Det er dei lokale stadnamna som nå blir frest opp på treskilt, malt opp og skal deretter setjast ut i landskapet.  Dette er moro, sosialt og nyttig lokaldugnadsarbeid   Inge …

Hjartemarsj 2.Mai 2016

  HJARTEMARSJ 2.Mai kl 18:00 Det er igjen tid for hjartemarsj og i år går turen rundt «Nullen». Oppmøte ved trivselstova og me avsluttar også her med quiz , kaffi/saft/te og lappar. Dette er eit realt lågterskel tilbod, så her kan ein trygt bli med uavhengig av alder og fysisk form. Kom å bli med …