Gøy når treningsinstruktørsommarvikarane står «i kø» – Denne veka vil Rikke Rynningen ha treninga i gymsalen både tysdag 26 og torsdag 28 juli. Rikke driv VILJE TRENING i Oslo men ferierar nå i Skiftuvigå…..der ho tydeligvis finn treningsinspirasjon ! Ho kjører litt anna opplegg enn vanleg sirkeltrening – men det er bra, for då kan trimmarane kanskje få gangsperr …
Det meldes bra vær til lørdag !! Jøsneset er klar for storinnrykk og det blir satt opp buss fra/til Nesvik kai. Og NB: me set opp buss frå Knutsvik Dalastykkjet kl 19.05 – så hyttefolk: kast dykk på bygda sin storfest på lørdag. Og husk at bilettsalget stenger kl 19.15 – kjøp gjerne billettar på …
Styrketrening i gymsalen med sommarvikaren Jone i kveld – tysdag kl 19.30. Opent for alle – velkommen!Satser på torsdagstrim òg som vanleg på torsdag 19.30
Har du mista klokka di? I såfall har du nok òg tatt turen til Gunlanuten – for denne låg i turpostkassen på toppen. Den har vore utsatt for stor fuktighet, så det er slett ikkje sikkert den går- men den er i alle fall tatt med ned i låglandet og opna opp for uttørking….. så …
Om du er tiltakslaus og har lite å finne på – så kan du kanskje gjere som desse to spreke byguttane frå hyttefeltet i Knutsvik!! I fjor haust bestemte seg for å gå frå Knutsvik til Blåsjø – Alexander Buer Mikalsen 18år til venstre og Rick Andre` Opedal 17 år til høgre. Nå sist veke gjorde de …
Torsdagstrimmen ruller og går – eller hopper og sprett – bøyer og tøyer – puster og pese – løfter og drar – denne gongen med Jone Hjorteland som sommarvikar – kl 19.30 TORSDAG som vanlig. Treng du litt inspirasjon? Nokre aktivitetstips? Treng i alle fall ikkje vere redd for å gjere noko feil – viktigste er …
Har du sett Ellen Mari traske rundt i bygda i helga med sekk på – ja, så er det fordi ho har gått frå postkasse til postkasse med den nye, oppdaterte turstifoldaren – «Turstikart for Jøsneset – Ta turen – Jøsneset ventar på deg». Kartet er nokså likt det som blei produsert i 2004, men …
Nei, Trimmen har ikkje tatt sommarfri – det trimmes vidare også torsdag 7.juli kl 19.30, så vil du utfordre mage, armar, lår og kne – så velkommen til alle både fastbuande og ferierande !
Denne gongen blir torsdagstrimmen rett og slett på TORSDAG – nærere bestemt kl 19.30 den 30.juni – møt opp !
….og ikkje kva som helst av lys !!!! Medan Island skriv europeisk (og nesten verdens) fotballhistorie til glede for oss alle, så skriv me her på nordsida europeisk (og nesten verdens) tunnelhistorie – òg til glede for oss alle .For som den første tunnelen i Europa blir nå Kjøladalstunnelen (den vesle nærast Eiane) opplyst v.h.a solcelle-panel . …
Jøsneset helselag si gågruppe går turar kvar tysdagskveld. Men akkurat nå har de tatt sommarferie. Starter opp att i august. Det vil komme info om oppstart på nettsida Men ingen grunn til å legga seg nerpå for det – få med deg ein feriegjest og ta ein tur ut i det grøna graset, i den frodige skogen, opp på ein …
Tradisjonen tro – jonskok blir feira «på dagen» felles for alle i Skiftustranda. Kvelden var fin – fjorden var stille og folk benka seg til med campingstolane i ei lang rekke på kanten av frukthagen – snautt 50 – Kveldsmåltidet blei tilberedt rundt felles grill og barna var ivrige krabbefangarar. Premie til dei som fant …
Torsdag 23. juni er Jonsok, og trimmen er derfor flytta fram til onsdag 22. juni klokka 19:30. Velkommen
Vinnar av logokonkurranse for Jøsneset Viltlag er kåra – det blei den lokale deltakaren OLA SKIFTUN. Juryen i Viltlaget vektlegg at han har fått med seg kronhjorten oppunder Gunlanuten i soloppgang i solbygda, og Ola sjølv skriv at frå toppen av Gunlanuten er det utsikt over alle jaktvald på Jøsneset. Det kom inn forslag frå …
Det blir tradisjonell Jonsok-feiring i år og – sjå plakat med informasjon her
Har du ein draum om å bu på Jøsneset? Kanskje nettopp denne tomta kan oppfylle din draum? Masse info på FINN.NO
Trimmen går dessverre ut denne torsdagen!!
Finale i RyfylkeQuissen gjekk føre seg fredag kveld på Sand under opning av Ryfylkedagane. 7 lag beståande av 8.klassingar frå 6 Ryfylkekommunar deltok – med 6 stolte ordførarar som tilhøyrarar. På Hjelmelandslaget stilde Kristiane Westerjø, Niklas Svendsen og Amund Thomsen. Dei vant semifinalen i mars, og kom difor til superfinalen – og der dei fekk ein fin 4.plass.Det …
To dagar denne veka blei brukt til grusing på skogsvegen opp til Fosstemmen – 103 tonn grus blei lagt ut for å gjere vegen fri for djupe hjulspor slik at regnvær ikkje skal øydelegge dei fine vegane innover heia. Det er Foss Skogsvegforening som har utført arbeidet – Foto Sven Westersjø
Dei brune, slimete krypa er langt frå utrydda, og små sneglar blir raskt store i det varme været! Det mest effektive middelet mot brunsneglane er Nemaslug, som inneheld levande parasitter . Størst effekt får me når alle i nabolaget gjer ein innsats, og søndag 5. juni kl 18 blir det «snegledugnad» hos Silje Sværen. Du kan då …