Trimmen går dessverre ut denne torsdagen!!
Finale i RyfylkeQuissen gjekk føre seg fredag kveld på Sand under opning av Ryfylkedagane. 7 lag beståande av 8.klassingar frå 6 Ryfylkekommunar deltok – med 6 stolte ordførarar som tilhøyrarar. På Hjelmelandslaget stilde Kristiane Westerjø, Niklas Svendsen og Amund Thomsen. Dei vant semifinalen i mars, og kom difor til superfinalen – og der dei fekk ein fin 4.plass.Det …
To dagar denne veka blei brukt til grusing på skogsvegen opp til Fosstemmen – 103 tonn grus blei lagt ut for å gjere vegen fri for djupe hjulspor slik at regnvær ikkje skal øydelegge dei fine vegane innover heia. Det er Foss Skogsvegforening som har utført arbeidet – Foto Sven Westersjø
Dei brune, slimete krypa er langt frå utrydda, og små sneglar blir raskt store i det varme været! Det mest effektive middelet mot brunsneglane er Nemaslug, som inneheld levande parasitter . Størst effekt får me når alle i nabolaget gjer ein innsats, og søndag 5. juni kl 18 blir det «snegledugnad» hos Silje Sværen. Du kan då …
På grunn av eit foreldremøte må trimmen på torsdag avlysast. Dei som likevel vil svetta litt før helga kan møta opp i gymsalen fredag klokka 18.30, merk tida!!
http://www.youtube.com/watch?v=fKZqwrH403w&feature=youtu.be Like årvisst som sauablomen og trekkfulglane – så er òg makrellpakkingå på Skiftunkaien eit sikkert vår-og sommarteiken. I år starta første pakking 18.mai – og då med heile 13 tonn. Her er ein god del Jøsnesbuar involvert i produksjonslinjå: alt frå sidjenodå i fjorden – opptak og frakt inn til mottaket – og pakking …
Ryddedugnadsånda ved Fosstemmen vil ingen ende ta – denne gongen var det Foss Skogsvegforening som kalla inn til lørdagsdugnad – og dei rydda mellom anna vegetasjon langs vegen på nordaustsida av vatnet – dei gravde òg ein god del stikkrenner for vatn nedover dei brattare partia langs vegen – og fleire planar for vegen har …
Lørdag 6 august vert Smashing Jøsneset arrangert igjen! Denne gong har me invitert Leif og Kompisane Trio til å spele for oss. I tillegg kjem musikaren Ole Alexander frå Stavanger for å spele for oss utover kvelden! Det vil bli servert god grillmat og drikke. Salg av øl og vin. 18 årsgrense. Det vil bli …
Silje meiner det er på tide å få trimma av seg festkake-bomene frå Pinsen og 17.mai – så då blir trim som vanleg torsdagskveld kl 19.30. Nye og gamle kake-og/eller trim-elskerar er velkomne !
Foto: Helga Havnerås Årets 17.mai-feiring blei tradisjonell – nær og kjær. Toget blei relativt «snedde» i år med færre barn og relativt få tilreisande – men det er jo kje plent kvantiteten som gjeld – men kvaliteten – og i front kjørte Vebjørn med sine blåe Ford – tett fulgt av flaggbærarane, komiteen, kommunelegen og bygdefolket – …
Det blei ein draumedag på årets 3-NUTSTUR OG HARDHAUSEN !! Stille, sol og lettskya, litt kjølig – men supert turvær i lett og tørt terreng. Det blei rekorddeltaking med 85 små og store som tok turen til Jøsneset sitt tak denne vakre 1.pinsedag. Vinnar HARDHAUS: CECILIE NATLAND med 5 t 54 min – hemmeleg idealtid: 5 …
Det blei ein draumedag på årets 3-NUTSTUR OG HARDHAUSEN !! Stille, sol og lettskya, litt kjølig – men supert turvær i lett og tørt terreng. Det blei rekorddeltaking med 85 små og store som tok turen til Jøsneset sitt tak denne vakre 1.pinsedag. Vinnar HARDHAUS: CECILIE NATLAND med 5 t 54 min – hemmeleg idealtid: 5 …
Dugnadsåndå har ridd Jøsnesbuen dei siste vekene – både i låglandet og her i høglandet : Nå er gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen klar for innrykk av hordar av turglade heiavandrarar – nå òg med eiga badestrand !! Dette er basen for arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUREN. Her blir sekretariatet å finne frå start kl 9.00 og …
VELKOMMEN TIL ÅRETS NASJONALDAL-FEIRING PÅ JØSNESET – her er PLAKATEN
I desse dagar blir det sendt ut ein liten flott brosjyre i postkassane til alle husstander i Hjelmeland – klikk på bildet så finn du brosjyren. Det er kulturkontoret i kommunen som igjen trigger til aktivitet og friluftsliv. KODEJAKT !! 10 hemmelege kodar er spreidd ut i vår vakre natur i Hjelmeland – i brosjyren …
Meir info på PLAKATEN
18.små og store trossa vær og vind, og gjekk turen rundt «Nullen». Me fekk bryna oss på 20 quis spørsmål undervegs, så me fekk også trimma hjernen i tillegg til hjerta. Nysteikte lappar, vannmelon, saft, nykokt kaffi/te sto og venta på oss då me kom tilbake frå turen. Sjå foto HER Ingen hadde 20 …
Fram med turskoa og gjer deg klar for vårens vakraste eventyr. Søndag 15.mai (1.Pinsedag) arrangerer JUL og Helselaget Hardhausen og 3-nut-tur Flott topptur , midt i hjarta av Ryfylke. 3-nuts-tur: Gunlanuten, Røssenibben og Valafjedle Hardhaus: 3-nutane + Norda Høgaste på Herefjellet. Alle stiane er merka med skilt «Hardhausen» og/eller stadnamn og røde merker. Dette …
Kven var gladast mon? Folket på Tonå? ….eller Kasper sjølv? Hunden Kasper dukka nemlig plutseleg opp att i heimen – etter å ha vore sporlaust forsvunnen i nesten ei veke. Familien Auglend og naboar/venner har leita og leita og leita- og Kasper har vore etterlyst i sosiale mediar. Han var borte med eit langt band/kjetting på seg – …
Border collien Kasper har vore sakna frå Tonå siden i går! Det er ikkje uvanlig at han tek seg ein tur i nabolaget, men heilt unormalt at han ikkje kjem heim om natta. Kasper drar ein kjetting etter halsbandet, så matmor Anne er bekymra for at han kan ha sett seg fast ein stad. Kasper …