Sidan delar av grøntrabatten rundt Bygdarådet si oppslagstavle hadde blitt luka på ein tidlegare ryddedugnad, var det på tide å få plante i noko nytt ! Passa godt å få det litt finare der til 17.mai. Marit i Bygdarådet hadde handla inn sommarblomar frå Randøy, medan Svanhild spedde på med diverse stauder frå eigen hage. …
Stor innsats for å få det finare til 17.mai !! Årets ryddedag blei gjennomført 10.mai – litt uheldige med regnbygene – alle blei kliss klass våte. Men innsatsen var bra og folk stilde opp med traktor, motorsager, sakser, sopekostar, hakker og river. Og som alltid blei alle vegane i bygda saumforne etter søppel. Så nå …
Vårens vakraste eventyr nærmar seg – set av datoen 4.juni (1.pinsedag) – Då blir det Hardhausen og 3.nutstur på Jøsneset. ARR: Nasjonalforeningen for folkehelsen JØSNESET HELSELAG og JØSNESET UNGDOMSLAG I år kombinerar me arrangementet med 10-års-jubileum for den flotte gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen. Det blir i år difor ikkje idealtid – men alle som deltar …
Då er det tid for HJARTEMARSJ igjen – og turen går rundt Nullen – med start og slutt i Trivselstova. Det blir QUIZZ undervegs og etterpå servering av kaffe/te/saft og lappar. Dette er eit realt lågterskeltilbod, så her kan alle trygt bli med uavhenging av alder og fysisk form . Kom å bli med på …
Cesilie på Nauste på Nesvik melder følgjande: «Vi på Nauste treng meir extrahjelp i helger,ferier og kvelder. Så viss du liker å yte salg/service og stå på «bånn gass» i perioder(for det kan vera ganske hektisk med desse «titte» ferjeavgangane ☀️ ,) og mye folk som kjem innom. Så ta kontakt. Jobben består ellers i …
Vårens vakraste eventyr nærmar seg – set av datoen 4.juni (1.pinsedag) – Då blir det Hardhausen og 3.nutstur på Jøsneset. I år kombinerar me arrangementet med 10-års-jubileum for den flotte gapahuken «Kalvagaren» ved Fosstemmen. Det blir i år difor ikkje idealtid – men alle som deltar på toppturgåinga blir med i trekninga av fine premiar! …
På gymbygget er det ein lekkasje i taket, og det skal skiftast ein del utvendig kledning. JØSNESET BYGDARÅD har fått materialer frå kommunen, men sjølve arbeidet må utførast på dugnad, sidan bygda nå skal drifte bygget sjøl. Bygdarådet ønskjer kontakt med nevenyttige, frivillige som har lyst å bli med på denne jobben ! Ein satsar på …
KANSKJE DETTE KAN VERE ALTERNATIV TUR FOR GÅGRUPPENE OG TRIMGRUPPA PÅ JØSNESET ?? LETT RUSLETUR – PASSER FOR ALLE – KJEKT Å SJÅ KOSS LIVET PÅ HELGØY ER ! TURLAGET HÅPAR PÅ GODVÆR OG VARME FRAMOVER SÅ DET KANSKJE BLIR LITT BLOMSTRING ÒG
Jøsneset Helselag minner om DAMEKVELD som vanleg – siste onsdag i mnd – altså nå onsdag 26.april kl 19.30 Det blir uformell drøs rundt strikketøy og en varm kopp kaffe ! Velkommen !!
JØSNESET BYGDARÅD arrangerer ryddedag/dugnad på skuleområdet lørdag 29.04 kl 09.00 – 15.00. Det blir utvask av gym.sal, Trivselstove m.m. I tillegg blir det rydding av uteområdet. Ta med bøtter, filler, spade, rive o.l. som du trur du treng + godt humør og herlig arbeidslyst Det blir servert hamburgerar, kaffe og saft. Den årlege …
Påskeaften inviterte Jøsneset ungdomslag til familiekonsert med Jose Altamirano i gymsalen. Han hadde med seg «gjesteartistar» frå kulturskulen og ein ekstra gjestesolist. I tillegg lova påskeharen å stikka innom! Jose diska opp med ei lang rekkje hits i eige arrangement. Han var innom Beatles, Leonhard Cohen, Elton John og Rolling Stones berre for å nevna nokre. …
Tausanibbå 500 moh er vel verdt eit besøk !! I år har du ekstra grunn til å besøke turposten her ute på kanten av Herefjellet, for Tausanibbå er ein av fleire av kulturkontoret sine KODEJAKT -postar . Koden finn du ved turposten, og ruta opp frå Åsland er godt merka, og nå er det òg kome …
Gapahuken ved Fosstemmen er eit populært turmål, og fasilitetene der er til allmenn bruk. Då er det viktig at alle forlet staden slik dei ønsker å finna den! Det er ikkje kjekt å starta rastepausen med å rydda søppel! Bygdarådet vil oppmoda alle som bruker området om å – rydda opp etter seg og ta …
Påske ingen hindring – det blir styrektrening i GYMSALEN som vanleg: SKJÆR- TORSDAG – kl 19.30. Me kan ikkje love skulderpress med hest – med mindre Silje tar med fjordingen – men det blir vanleg styrketrening + pust-og-pes-kondisøkt og goood uttøying – Alt dette gjer godt for mage, knær, rygg, armar…..hjerte og humør . Alle velkomne – fastbuande, hyttefolk, …
Vår alltid like blide og gode JOSÈ ALTAMIRANO held familiekonsert PÅSKEAFTA kl 17.30 – ca 19.00 i gymsalen !! Han får òg med seg elevar frå Kulturskulen – så dette blir bra !! KR 100,- for vaksne – barn under 16 år gratis ! PS: fleire har sett påskeharen spretta rundt oppå Herefjellet denne veka, så …
Bedehusbasar på Jøsneset bedehus onsdag 12. april 2017 kl. 19.00 Andakt ved Natalie Bjørkeland – Matsal i kjellaren – Kakeutlodning – Vanleg utlodning Vi treng som vanleg gevinstar til basaren. Alt blir teke imot med takk. Vel møtt til alle! Bedehusstyret
Bli med å lage fleire skilt – Det nærme seg vår – og jo fleire me klarer å lage nå, jo fleire får me satt ut i terrenget når tur-sesongen byrjar for fullt i skog og hei!! Det er jo veldig kjekt å sjå desse skilta dukkar opp både her og der 😉 Kontaktinfo …
Damekveldar her i bygda er kanskje ikkje som andre damekveldar – Her går spøt og skiltmaking om ein aen – Medan 2-3 stk fresa skilt i sløydsalen (med tilhøyrande bråk og fresestøv) , blei namna på skilta malte i Trivselstova – og då passa det godt å kombinere det med Helselaget sin damekveld 😉 litt …
Er dette dine briller? Låg igjen i Trivselstova – sannsynlegvis etter årsmøtet i Helselaget tidleg i mars. Kjekt å få de att? Kontakt Svanhild 97007636