Siste nytt

Julestemning i Fossmarka

Etter ei veke med særs mykje regn, storm og uvær, gjorde det godt med glimt av blå himmel og snø på trærne. På Jøsneset må ein litt opp i høgda for å få slik stemning, men heller ikkje lengre enn innover mot Fosstemmen – Her ligg det kvitt, og det går an å gå på …

Koselig førjulstreff på Mikals Laks

Muligens det næraste me kjem «black-friday»-tilstander her på Jøsneset  For det blei kø rundt salgsborda då Mikals Laks saman med andre lokale produsentar hadde invitert til førjulskos. Salget gjekk unna på røykelaks, og Astrid måtte springe inn på lageret etter meir fisk gang på gang. Og kva passer betre til røykelaksen enn frisk eplesaft frå Buhagen …

Ny info Juleverkstad

Juleverkstaden i gymsalen på Søndag koster 50kr pr.pers.

JULEVERKSTAD sønd 10 des kl 11 – 14, Gymsalen

Det er snart jul og tida er inne for å sette av dag og tid til førjulskos i godt selskap. Det er ulike aktiviteter ut frå kva ein sjølv vil og ynskjer. • juledekorasjon • julekrans • juletrepynt • julepynt • lysstøyping • julepynt i papir, vatt, stoff, m.m. Enkel servering – 100kr pr pers. …

Julekakebakekveld – mand 11 des

Velkommen til julekakebake-kveld MANDAG 11.DES kl 18.30 på kjøkkenet på skulen. Opplegget blir i år som i «alle år» (ja, for nå er det jo faktisk tradisjon): Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig på din ønska kakesort – og kom heim med x antall sortar – alt etter kor mange som møter opp. Raskt – …

Susanna utkonkurrerte nissen !

Stemningen kunne ikkje vore bedre om det var sjølvaste julenissen som kom !! Ja, for ofte pleier jo Nissen dukke opp på juletrenninga i bygda. Men denne gongen var det banksjef Susanna Poulsen som dukka opp – og stemingen blei vel så høg, for ho hadde med seg ein stor sjekk på kr 28 500,- …

Damekveld 29.11.17

SISTE DAMEKVELD FOR DETTE ÅRET ONSDAG 29.NOV KL 19:30  Kom å bli med på ein roleg og hyggelig kveld, med eller utan håndarbeid. Drøsen sit laust over ein kopp kaffi eller te. Ta med ein eller fleire du kjenner for ei hyggeleg sosial kveld i Trivselstova.   mvh Styret  

25års-jubileum for Seniortreffen

Onsdag denne veka feira Seniortreffen på Jøsneset med marsipankake i høve 25års-jubileumet. Berit T Skiftun kom overraskande på seniorgjengen med kaka, og hadde òg med seg masse bilder og avisutklipp frå den 25 år lange historia.  Og Cesilie i Jøsneset Helselag kom òg overraskande med ei blomstergåve til Berit T Skiftun, som i mange år …

Frå Skiftuvika til Singapore

  Buhagen melder på si facebookside at Buhagen Eplemost frå vesle Skiftun nå snart er å få kjøpe på den store matmarknaden i Singapore !  To pallar med heilt nypressa friske hausteple frå Skiftudalen er nå på veg til SørøstAsia  – og til Snorre Food og FISK Seafoodbar and Marked.   Snorre Food er storeksportør av mat frå Norge – primært …

Damekveld 25.Oktober

ONSDAG 25.Oktober DAMEKVELD I TRIVSELSTOVA KL 19:30. Kom og ta ein kopp kaffi i godt selskap. Med eller uten strikketøy, så får me ein kjekk kveld saman. . Vel møtt Helsing Styret

TAKK for alle bidrag til TV-aksjonen

Takk alle saman for gode, rause pengegåver til TV-Aksjonen UNICEF . Kun via bøssene og vipps kom det inn 98 712 kr  – og av det kom over 17 000 frå Jøsneset. Ganske stort bidrag frå så lita bygd !! Så takk frå bøssebærarane frå Jøsneset Helselag, som meldte at det var ei glede å gå frå hus …

Saker til Bygdarådet

I forkant av møtet om ferjekaien mandag 23. oktober har Bygdarådet styremøte. Har du saker du vil at Bygdarådet skal ta opp eller jobba med? Send dei ein e-post til bygdaradet@josneset.no eller kontakt leiar Unni Fossaa på tlf 40394743

Badevaktkurs 19.okt – Hjelmeland symjebasseng

Røde Kors Hjelmeland arrangerer badevaktkurs i Hjelmeland symjebasseng på Ungdomskulen torsdag 19.oktober kl 18.45. Det trengs godkjente badevakter til helsebading og familiebadinga som nå startar opp. Kurset varer 1,5 time og varer berre ein gong, Då er ein godkjent som badevakt fram til neste haust. Det er mangel på badevakter, så det er veldig fint viss …

TV-AKSJONSKAFÈ OG EPLEDAG

Glede og nytte går ofte hand i hand. Bli med å støtt ei orntlig god sak for UNICE – og samtidig kos deg dampande varm eplekake – for på søndag er det BÅDE TV-innsamlingsaksjon OG den internasjonale epledagen. Då MÅ det bli kafè ! Her finn du heile PLAKATEN og hjartleg velkommen i Trivselstova på …

Ope infomøte om ny ferjekai Nesvik

Det er banebrytande arbeid på gong: Hjelmeland-Nesvik er vald til å bli verdas første hydrogenelektriske ferejsamband ! Statens Vegvesen har varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for Nesvik og Sande ferjekai. Det blir ope informasjonsmøte om planen på Nesvik her på Jøsneset i Trivselstova mandag 23.okt kl 19.30 Omlegging av drifta vil medføre behov for større og doble ferjekaiar. Det …

Bli med til BANDÅSEN – sønd 8 okt

Dette må vere den perfekte turen for alle Jøsnesbuar 😉 Er jo perfekt utsikt him te Jøsneset heile vegen: heilt frå ferjeturen over fjorden, til oppstart ved Tuftene 0 moh, vidare opp via Tjeltveit ca 100 moh og Helgaland 300 moh – og ikkje minst frå toppen på Bandåsen – ca 500 moh.. Men ikkje …