Siste nytt

Tausanibbå på Herefjellet er klar for 2018

TAUSANIBBÅ – Turkasseboka blei bytta ut 2.jan i fullmåneskin. Litt snø på toppen, men ellers fint å gå.  I 2017 var det 413 personar som har skrive seg inn i boka.  Det var ein finfin auke frå 2016; då var det 158 stk.  Dette heng nok saman med at i 2017 var Tausanibbå ein av …

Er du glad i å lese bøker ?

Er du glad i å lese bøker – og syns det er kjekt å diskutere bøkene i lag med andre ? Då er LESESIRKELEN noko for deg !! Me er ein gjeng på 6-7 stk som møtes jamnleg kvar første onsdagskveld i mnd i Trivselstova og diskuterer månadens utvalde bok.  Ja, og utvalet i bøker …

Klar for nytt turår – 2018

Då er det klart for nytt turår på Jøsneset. Turbøkene på dei 4 turpostane i låglandet er nå bytta ut med nye uskrevne bøker, og resten av bøkene i høgare strok blir bytta ut etterkvart BRYNÅ er ein koseleg turpost i låglandet; stien går opp anten frå Austad, frå Asheim eller frå hyttefeltet i Knutsvik. …

Lysstøyping

LYSSTØYPING I KVELD -SØNDAG 10.des – I GYMSALEN KL 20

Julestemning i Fossmarka

Etter ei veke med særs mykje regn, storm og uvær, gjorde det godt med glimt av blå himmel og snø på trærne. På Jøsneset må ein litt opp i høgda for å få slik stemning, men heller ikkje lengre enn innover mot Fosstemmen – Her ligg det kvitt, og det går an å gå på …

Koselig førjulstreff på Mikals Laks

Muligens det næraste me kjem «black-friday»-tilstander her på Jøsneset  For det blei kø rundt salgsborda då Mikals Laks saman med andre lokale produsentar hadde invitert til førjulskos. Salget gjekk unna på røykelaks, og Astrid måtte springe inn på lageret etter meir fisk gang på gang. Og kva passer betre til røykelaksen enn frisk eplesaft frå Buhagen …

Ny info Juleverkstad

Juleverkstaden i gymsalen på Søndag koster 50kr pr.pers.

JULEVERKSTAD sønd 10 des kl 11 – 14, Gymsalen

Det er snart jul og tida er inne for å sette av dag og tid til førjulskos i godt selskap. Det er ulike aktiviteter ut frå kva ein sjølv vil og ynskjer. • juledekorasjon • julekrans • juletrepynt • julepynt • lysstøyping • julepynt i papir, vatt, stoff, m.m. Enkel servering – 100kr pr pers. …

Julekakebakekveld – mand 11 des

Velkommen til julekakebake-kveld MANDAG 11.DES kl 18.30 på kjøkkenet på skulen. Opplegget blir i år som i «alle år» (ja, for nå er det jo faktisk tradisjon): Ta med deg tomme kakeboksar og ein stor kakedeig på din ønska kakesort – og kom heim med x antall sortar – alt etter kor mange som møter opp. Raskt – …

Susanna utkonkurrerte nissen !

Stemningen kunne ikkje vore bedre om det var sjølvaste julenissen som kom !! Ja, for ofte pleier jo Nissen dukke opp på juletrenninga i bygda. Men denne gongen var det banksjef Susanna Poulsen som dukka opp – og stemingen blei vel så høg, for ho hadde med seg ein stor sjekk på kr 28 500,- …

Damekveld 29.11.17

SISTE DAMEKVELD FOR DETTE ÅRET ONSDAG 29.NOV KL 19:30  Kom å bli med på ein roleg og hyggelig kveld, med eller utan håndarbeid. Drøsen sit laust over ein kopp kaffi eller te. Ta med ein eller fleire du kjenner for ei hyggeleg sosial kveld i Trivselstova.   mvh Styret  

25års-jubileum for Seniortreffen

Onsdag denne veka feira Seniortreffen på Jøsneset med marsipankake i høve 25års-jubileumet. Berit T Skiftun kom overraskande på seniorgjengen med kaka, og hadde òg med seg masse bilder og avisutklipp frå den 25 år lange historia.  Og Cesilie i Jøsneset Helselag kom òg overraskande med ei blomstergåve til Berit T Skiftun, som i mange år …

Frå Skiftuvika til Singapore

  Buhagen melder på si facebookside at Buhagen Eplemost frå vesle Skiftun nå snart er å få kjøpe på den store matmarknaden i Singapore !  To pallar med heilt nypressa friske hausteple frå Skiftudalen er nå på veg til SørøstAsia  – og til Snorre Food og FISK Seafoodbar and Marked.   Snorre Food er storeksportør av mat frå Norge – primært …

Damekveld 25.Oktober

ONSDAG 25.Oktober DAMEKVELD I TRIVSELSTOVA KL 19:30. Kom og ta ein kopp kaffi i godt selskap. Med eller uten strikketøy, så får me ein kjekk kveld saman. . Vel møtt Helsing Styret

TAKK for alle bidrag til TV-aksjonen

Takk alle saman for gode, rause pengegåver til TV-Aksjonen UNICEF . Kun via bøssene og vipps kom det inn 98 712 kr  – og av det kom over 17 000 frå Jøsneset. Ganske stort bidrag frå så lita bygd !! Så takk frå bøssebærarane frå Jøsneset Helselag, som meldte at det var ei glede å gå frå hus …

Saker til Bygdarådet

I forkant av møtet om ferjekaien mandag 23. oktober har Bygdarådet styremøte. Har du saker du vil at Bygdarådet skal ta opp eller jobba med? Send dei ein e-post til bygdaradet@josneset.no eller kontakt leiar Unni Fossaa på tlf 40394743