Meir info på PLAKATEN
På grunn av EKSTREM skogbrannfare er det no totalforbod mot å gjere opp alle typar eld i Hjelmeland kommune Forbodet gjeld ALL bruk av open eld, slik som bålfyring, propanapparat, eingongsgrill eller bålpanne. Det er IKKJE tillete å bruka tillaga bål- eller grillplasser. DETTE GJELD OGSÅ BÅLPANNE OG GRILLPLASS VED FOSSTEMMEN!! Forbodet blir ikkje oppheva …
No som både 17. mai og Hardhausen er vel overstått, er det på tide å sjå fram mot neste høgdepunkt i solbygda: Smashing Jøsneset!
1.pinsedag 2018 var historisk – deltakinga på Hardhausen 2018 var dobbel så stor som det har vore tidlegare. Totalt var det nesten 200 innom Fosstemmen, derav 97 som gjekk 4 nutar og blei Hardhausar, og 70 stk som gjekk 1-2-3 nutar. Turbøkene frå toppane NordaHøgaste, Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet er historisk og festlig lesing. Aldri nokon …
Alle hadde gløymd tåka frå i fjor. Denne dagen 20.mai 2018 skein sola om kapp med nesten 200 deltakarar tilsaman. Desse 5 er dei einaste som har deltatt på arrangentet alle 10 gongene !! Frå venstre Vebjørn Fosså, Roald Jensen, Rick Andre Opedal, Lene Hjorteland og Jakob Hjorteland Gbada !! Bravo – Ein fantastisk dag …
Jiopi – værmeldinga er BRA !! 20 grader og sol/lettskya, vindstille – perfekt for vandring frå nut til nut !! Pakk sekken, få med ein venn – KOM !!! For dei som ikkje har lyst å gå så langt: ta turen til oss i sekretariatet på Fosstemmen . Der er det fyr på bålpanna og kaffe …
Fantastisk flott 17.mai-dag – og veldig kosleg tradisjonell feiring på Jøsneset, Fleire foto HER
Kulturkontoret i Hjelmeland kommune kjører òg i år Kodejakta ! Gunlanuten er eitt av 10 turmål som det er lagt ut kodar på. Koden på Gunlanuten finn du ved sida av Jøsneset Helselag sin turpostkasse som heng på varden på toppen av Gunlanuten, 829 moh. Gunlanuten er òg sentral i arrangementet HARDHAUSEN og 3-NUTSTUR, så …
De huske kanskje historia frå i fjor?… om Ørjan sin uglekasse i Knutsvik – og om ugleparet Makkapakka og Hukatta som då fekk familieauke i uglekassen. Ugleparet held seg framleis i området, og òg i år har dei klekka ut egg og fått 3 flotte uglebarn !! Og naturfotografen Ørjan følgjer med og dokumenterer det …
Eldrerådet i kommunen arrangerte denne veka busstur til Udladalen – Det var full buss med folk frå heile kommunen med, og 8 stk frå seniorgruppa på Jøsneset. Jøsneset Helselag var med å sponsa turen for deltakarane. Håkon Helgøy var turvert og guide, og de stoppa undervegs i Udladelen og fekk mange gode og interessante historier. Og …
Unni i Bygdarådet etterlyser nøkkelen sin til gymsal/skulebygg!! Siste ho huskar til den var at den sannsynlegvis blei lånt ut rundt vinterferietider – men huskar ikkje til kven ! Nå har ho leita hus og heim rundt, utan å finne den – Etterlyser den difor her. Kan du huske om du har lånt den? ……og …
JØSNESET BYGDARÅD kalla inn til ryddekveld denne veka – og 25 stk stilde opp – i eit flakse fint vær ! Langs vegane var det lite søppel, så der var det fort gjort (og det var godt, for det var vel ingen som hadde gått på kurs og blitt «godkjent søppelryddar») . Derfor blei mesteparten …
Det blir tradisjonell ryddedag, les meir om dette her
Helselaget arrangerer ny Damekveld i dag, onsdag 25. april klokka 19:30 i Trivselsstova. Velkommen
Vår betyr oppstart av aktivitetar på skytebanen i Jøsenfjorden, og her ligg ei terminliste for sesongen
Jippi – me på Jøsneset er stolte av å kunne inviterte til HARDHAUSEN for 10.gong !! Dette er blitt ein flott tradisjon, og folk har vandra i fjellheimen vår i strålande sol, silande regn, snødekt terreng, tørre bakkar, grauttjukk tåke og lavt skydekke – Men same korleis været og forholda har vore: deltakarane har vore imponerande smilande og glade ved målgang – …
Ingen påske på Jøsneset utan den tradisjonelle bedehusbasaren – og i år var det igjen fullt hus og god stemning. Salg av lodd gjekk unna, og kjekt var det, for dette er ei av dei viktigste inntektskildene for å drifte Jøsneset Bedehus. Andakt høyrer til på bedehusbasaren. I år var det Anne Kari Øygard Dale …
Turstifadder for Brynå, Ellen Mari Fosså, har vore i aksjon på stien «sin» – Det gamle skiltet var ramla ned og låg halvveis begravd under kvist og kvast, og var ødelagd. Nå er det laga nytt skilt og ruta er friska opp mellom Austad og Brynå. Og det rette stadnamnskiltet er kome på plass ved …