Foto: Norsk sau og geit Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjeterhundlag inviterar til ope arrangement/familiedag på FOSS på Jøsneset laurdag 29. sept kl 10.00 – 16.00. Det blir ein variert, spanande, sosial og lærerik dag med sau i fokus : Værkåringsjå – dette er ein tradisjonsrik konkurranse, og denne dagen blir det premiering av Hjelmelands …
ONSDAG 19 OKTOBER FRÅ KL 18.00 GÅR JØSNESET HELSELAG RUNDT MED BØSSER MED INNSAMLING TIL DEMENSAKSJONEN.Les meir om aksjonen og om demens og alzheimer her – støtt det viktige forskningsarbeidet !! Du kan òg støtte aksjonen direkte på nett HER, eller via bøsse som står på Nauste på Nesvik heile dagen !
Det blir dessverre ikkje trening i gymsalen i kveld, men torsdag i neste veke er me på plass kl 19:30!
I eit av klasseromma på skulen er det innreda ei koseleg stove med bøker, filmar, lydbøker og spel. Dersom du vil låne bøker, blad, film eller lydbok er du hjarteleg velkommen! Det går og an å treffast for å spela spel eller ta ein kaffikopp medan du tek ein lesepause i sofaen Det er …
Det er framleis ledige biletettar til julebordshowet på Sola 7.desember, og Bygdarådet utvidar nå påmeldingsfristen til UT SEPTEMBER !! Bygdarådet inviterar til ein hyggelig, sosial og dugnadsfri kveld – som gjerne kan kombinerast med julehandel i Stavanger. Bli med på julebordshow på Quality Airport Hotel Sola – fredag 7 desember. Bygdarådet har reservert plasser – …
Den nå tradisjonsrike torsdagstrimmen har hatt sommarferie, men i kveld startar me opp igjen. Nye og gamle trimmarar i alle aldrar og på ulike nivå er velkomne i gymsalen 19:30
Bygdarådet inviterar til ein hyggelig, sosial og dugnadsfri kveld – som gjerne kan kombinerast med julehandel i Stavanger. Bli med på julebordshow på Quality Airport Hotel Sola – fredag 7 desember. Bygdarådet har reservert plass til 30 stk, og kan halde på plassane fram til førstkommande søndag – så OBS: kort påmeldingsfrist 26.aug – påmelding til Unni …
Turboka på Gunlanuten blei utskreven tidleg denne veka, dvs over 500 personar har vore der ila 2018. Dette medførte at NY bok måtte opp. Regnbygene stod i kø denne veka. Men dette til trass: sprekingen Lene Kaldheim lot regn vere regn, og tok turen opp på lørdag — SÅ NÅ ER NY TURBOK på plass Det er allereie blitt …
Gunlanuten har vore eit populært turmål i år – og nå er turboka til Helselaget der utskriven. Det har hittil vore 502 stk på Nuten. Denne fine august-mandagskvelden var det 7 stk på toppen. Viss nokon veit de skal opp nå snart, så er det kjempefint om de kan ta med opp ny bok. Ta …
Her er LINK TIL ANNONSA PÅ FINN
Jøsneset Bygdaråd v/ Unni Fossaa TAKKAR alle som stilde på Smashing Jøsneset både dei frivillige i bygda som jobba dugnad før/under/etter arrangementet – og til alle glade deltakarar !! Spesiell takk til Odd Fosså, Sven Gjil Westersjø og Silje Sværen som er hovudkomiteen og legg ned ein enorm jobb for dette ! The Kvednabekkjers skapte godt …
På skuleplassen er alt klart for Smashing Jøsneset; no venter me bare på sola!
Rom blei som kjend ikkje ferdig på ein dag, og den nye scenen på skuleplassen blei ferdigstilt i løpet av fire dagar! Det blei snekra, skrudd, malt og montert for harde livet, med fagleg bistand frå Roar og Johan Langvik. Teamet besto ellers av Odd og Vebjørn Fosså, Sven Gil og Kristiane Westersjø samt …
Marine Harvest arbeider nå med endringar og utvidingar av oppdrettsanlegget i fjorden like utanfor Fosså. I samband med desse endringane har Jøsneset Bygdaråd invitert Marine Harvest til å kome å informere om dette. Det blir då eit OPE MØTE I TRIVSELSTOVA ONSDAG 8. AUGUST kl 19.00. ALLE VELKOMNE !!
Det nærmer seg raskt Smashing Jøsneset 4. august, og ein ny flott scene er under bygging. Det er mykje som skal vera klart til den store dagen, og me inviterer difor til dugnad på skuleplassen torsdag 2. august. Ta kontakt med Odd Fosså på tlf 977 05 273 dersom du har anledning!
Mange gode grunnar til å kome og bli i Hjelmeland helga 4-5 august. I Hjelmelandsvågen blir det Sankefestival både lørdag og søndag. Og på lørdag kveld blir det god gang på Jøsneset med Hanne Sørvaag og The Kvednabekkjers ! KOM – KOM – KOM !
Jøsneset Helselag har ein dåpskjole til utleige. Nå er det nokon som ønskjer å leige denne dåpskjolen. Men problemet er at dåpskjolen ikkje er å finne ! Cesilie i Helselaget har leita på lageret, og vore i kontakt med mange i bygda, men har framleis ikkje klart å spore den opp. Difor denne «etterlysninga» her. …