Siste nytt

Hjelmelands mest humoristiske bygd ??

Nok ein gong utfordrar Hjelmeland Teaterlag alle bygdene i Hjelmeland !! Kven blir kåra som Hjelmelands mest humoristiske bygd??  Med dette er òg Jøsnesbygda utfordra og invitert !!! Årets Humorbattle skjer på Samfunnshuset på Hjelmeland 24 november.  Teaterlaget skriv:  Bygdene i Hjelmeland utfordres til å stille med et humoristisk innslag på opp til 15 minutter. …

Velkommen inn i bokhausten !

Me minner om OPE LOKALT JØSNESBIBLIOTEK i det gamle skulebygget kvar første onsdag i mnd frå kl 18.00 til 19.30.  Det er altå ope i kveld !! Her er det ei god samling med bøker, lydbøker, blad, filmar og spel som kan lånast. Rommet her kome til etter initiativ frå Bygdarådet.  Der er det varmt og koseleg, og Marit Wyller …

Kjekk gardsdag med værkåring og gjetarhundar

Laurdag arrangerte Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjetarhundlag open familiedag på Foss på Jøsneset.   Hovudtema for dagen var værlamkåring og gjetarhundprøvar.  Her er dei tre beste i gjetarhundprøven: Vinnar Per Hetland frå Bjerkreim med hunden Luke med 89 poeng. Kristiane Westersjø, Jøsneset og hunden Laika fekk 84 poeng.  På 3.plass Stian …

Trimmen avlyst

Trimmen blir avlyst i dag pga sjukdom

Kom og sjå flotte værar og flinke gjetarhundar

Foto: Norsk sau og geit Hjelmeland Sau og Geit i samarbeid med Rogaland Gjeterhundlag inviterar til ope arrangement/familiedag på FOSS på Jøsneset laurdag 29. sept kl 10.00 – 16.00.  Det blir ein variert, spanande, sosial og lærerik dag med sau i fokus : Værkåringsjå  – dette er ein tradisjonsrik konkurranse, og denne dagen blir det premiering av Hjelmelands …

Støtt demensaksjonen! Bøsseinnsamling onsd 19 sept

ONSDAG 19 OKTOBER FRÅ KL 18.00 GÅR JØSNESET HELSELAG RUNDT MED BØSSER MED INNSAMLING TIL DEMENSAKSJONEN.Les meir om aksjonen og om demens og alzheimer her – støtt det viktige forskningsarbeidet !! Du kan òg støtte aksjonen direkte på nett HER, eller via bøsse som står på Nauste på Nesvik heile dagen !

Torsdagstrim avlyst

Det blir dessverre ikkje trening i gymsalen i kveld, men torsdag i neste veke er me på plass kl 19:30!

Velkommen til lese- og spelestova

I eit av klasseromma på skulen er det innreda ei koseleg stove med bøker, filmar, lydbøker og spel. Dersom du vil låne bøker, blad, film eller lydbok er du hjarteleg velkommen! Det går og an å treffast for å spela spel eller ta ein kaffikopp medan du tek ein lesepause i sofaen     Det er …

UTVIDA PÅMELDINGSFRIST TIL JULEBORDSHOWET !!

Det er framleis ledige biletettar til julebordshowet på Sola 7.desember, og Bygdarådet utvidar nå påmeldingsfristen til UT SEPTEMBER !! Bygdarådet inviterar til ein hyggelig, sosial og dugnadsfri kveld – som gjerne kan kombinerast med julehandel i Stavanger. Bli med på julebordshow på Quality Airport Hotel Sola – fredag 7 desember.  Bygdarådet har reservert plasser – …

Trening i kveld

Den nå tradisjonsrike torsdagstrimmen har hatt sommarferie, men i kveld startar me opp igjen. Nye og gamle trimmarar i alle aldrar og på ulike nivå er velkomne i gymsalen 19:30

Bli med på Julebord fredag 7 des !!

Bygdarådet inviterar til ein hyggelig, sosial og dugnadsfri kveld – som gjerne kan kombinerast med julehandel i Stavanger. Bli med på julebordshow på Quality Airport Hotel Sola – fredag 7 desember.  Bygdarådet har reservert plass til 30 stk, og kan halde på plassane fram til førstkommande søndag – så OBS: kort påmeldingsfrist 26.aug – påmelding til Unni …

Ny turbok ER på plass på Gunlanuten

Turboka på Gunlanuten blei utskreven tidleg denne veka, dvs over 500 personar har vore der ila 2018.  Dette medførte at NY bok måtte opp.  Regnbygene stod i kø denne veka.  Men dette til trass: sprekingen Lene Kaldheim lot regn vere regn, og tok turen opp på lørdag — SÅ NÅ ER NY TURBOK på plass Det er allereie blitt …

Ny turbok må på plass på Gunlanuten

Gunlanuten har vore eit populært turmål i år – og nå er turboka til Helselaget der utskriven.  Det har hittil vore 502 stk på Nuten.  Denne fine august-mandagskvelden var det 7 stk på toppen.  Viss nokon veit de skal opp nå snart, så er det kjempefint om de kan ta med opp ny bok. Ta …

Gard til leige på Åsland – Jøsneset

Her er LINK TIL ANNONSA PÅ FINN

Smashing TAKK til alle !!

Jøsneset Bygdaråd v/ Unni Fossaa TAKKAR alle som stilde på Smashing Jøsneset både dei frivillige i bygda som jobba dugnad før/under/etter arrangementet – og til alle glade deltakarar !!  Spesiell takk til Odd Fosså, Sven Gjil Westersjø og Silje Sværen som er hovudkomiteen og legg ned ein enorm jobb for dette ! The Kvednabekkjers skapte godt …

Festplassen er klar

På skuleplassen er alt klart for Smashing Jøsneset; no venter me bare på sola!

Intens jobb med ny scene

Rom blei som kjend ikkje ferdig på ein dag, og den nye scenen på skuleplassen blei ferdigstilt i løpet av fire dagar!   Det blei snekra, skrudd, malt og montert for harde livet, med fagleg bistand frå Roar og Johan Langvik. Teamet besto ellers av Odd og Vebjørn Fosså, Sven Gil og Kristiane Westersjø samt …

OPE MØTE OM OPPDRETTSANLEGG FOSSÅ

Marine Harvest arbeider nå med endringar og utvidingar av oppdrettsanlegget i fjorden like utanfor Fosså.  I samband med desse endringane har Jøsneset Bygdaråd invitert Marine Harvest til å kome å informere om dette.  Det blir då eit OPE MØTE I TRIVSELSTOVA ONSDAG 8. AUGUST kl 19.00. ALLE VELKOMNE !!