Det var ein frisk gjeng som tok turen opp dei mørke, bratte bakkane frå Åsland til Tausanibbå, Herefjellet 500 moh tysdag kveld denne veka !! Sprekingane lot seg ikkje skremme av mørke og regntunge skyer. 11 stk stilde opp i gode klær og med hodelykter, og praten oppover den bratte, ulendte stien gjekk lystig. Det var fullmåne …
Regler for «Kalvatrimmen» Dei som vil bruka treningsfasilitetene på Jøsneset skule må teikna medlemsskap og betala medlemsavgift. Medlemsskapet gir rett til å få tilgang til gymbygget med gymsal, treningsrom og toalett. Medlemsavgifta skal dekke vedlikehald og reparasjonar av utstyr og lokaler. Alle kan teikna medlemsskap frå det året dei fyller 14 år Medlemsavgifta er …
I det tidligare lagerrommet ved gymsalen er det no blitt treningsrom! Bygdarådet har finansiert innkjøp av tredemølle, romaskin, knebøystativ og utstyr til benkpress. I tillegg er det matter, trenigsstrikker og kettlebells som kan nyttast. Seinare på våren vil Helselaget søka om pengar til m.a. treningssyklar og ellipsemaskin. Utstyret kan nyttast av ALLE mot ei lita …
Bygdarådet har mottatt melding frå MOWI om arbeid som skal utførast på opprettsanlegget utanfor Fosså: «Vi planlegger behandling av fisken i anlegget på Fosså uke 7. For å bli ferdig så fort som mulig planlegger vi oppstart Mandag 11/2-19 ca kl 12.00, og behandler kontinuerlig til vi er ferdige. Dersom alt går etter planen vi …
Årsmøtet startar kl 19.00 i Trivselstova. Velkommen til alle – her er PLAKATEN
Onsdag 6. februar er biblioteket/spelestova på skulen open frå kl 18 til kl 19:30. Her kan du låna bøker, lydbøker eller film, spela spel eller berre ha ein liten kaffipause. Velkommen!
Me som bur på landsbygda er heldige som kan gå ut og oppleve mørket, stjernehimmelen og fullmåneskinet ! Dette blir enda flottare når turen går opp til ei markant nibbe 500 m over fjorden – med panoramautsikt over heile Ryfylke. I mørket her kan du oppleve lyset frå bygdene rundt, saman med fjordbassenget og himmelkvelven! Wow …
ONSDAG 20 FEBRUAR kl 19.00 Innkalling og sakliste kjem seinare. Dersom de har saker de ønskjer Bygdarådet skal ta opp, gi melding til Unni 403 94 743 eller bygdaradet@josneset.noBygdarådet har styremøte 30.januar.
Nytt år – nye muligheter!! Kanskje me skal bli så sterke at me kan løfta ein hest ? Då er det på an igjen med trening !! Opplegget blir som før i GYMSALEN torsdagar kl 19.30. Det blir oppvarming, sirkeltrening med musikk og gjerne litt kondisjonsøvingar og god utstrekk på slutten. Silje blir med …
Årets aller siste dag blei litt gråare og våtare enn den nest-siste. Fleire turbøker er bytta ut. Både Gunlanuten og Høgafjell stod for tur i dag: På GUNLANUTEN har det vore rekordbesøk i år ! Aldri tidlegare har det vel vore så mange som 597 besøkande ! Dette er jo toppen på Jøsneset, og blir rekna …
Me minner om at lese-og spelestova er open som vanleg første onsdag i månaden, altså nå onsdag 2. januar 2019 frå kl 18.00 – 19.30. Alle er velkomne til å kome innom for å spele brettspel, låne bok/film eller berre for ein drøs !! Me minner òg om at første onsdag i månaden òg er …
Turåret 2018 ebbar ut, og det er på tide å bytte ut turbøkene. Søndag 30 januar 2018 var bittelitt for tidleg, for det gjenstod enda ein turdag av «det gamle året». Men været denne dagen var såå flott, at ein kunne nytte høvet med å få bytte ut ein del av bøkene på dei høgaste toppane. …
Det har blitt ein slags tradisjon å nyta ein siste dag på Skiftustranda før året er omme, og alle er velkomne til eit FRISKT bad i morgon, nyttårsaften kl 13!!
Det kimer nå til ROMJULSTRIM ….bli med torsdagskveld 27.12. kl 19.30 – Gymsalen !!
Har du lyst å bu ein stad med nydeleg utsikt og masse sol ! Ja, då er den rette staden til leige på Nesvik. Meir info her på FINN.NO
Vil du vera med på trivelig, sosial nyttårsfeiring i Trivselsstova? Meld deg på til nr 95062607!!
Kulturkontoret i kommunen er nå ute med eit nytt turrelatert tilbod som heiter SVIPPTUREN !! Det er ein kodejakt-liknande turaktivetet som går nå i vinter/vår-halvåret, og som er små svippturar til gapahukar og liknande. Det er 7 turmål tilsaman, og Kalvagaren ved Fosstemmen på Jøsneset er ein av turane. På kvar turpost er det lagt …
Då er NAUSTE på Nesvik historie. Alle var invitert til å bli med på siste opningstimen, som var søndag kl 17 – 18.00. Så stengde dørene for godt og nå skal det ryddast ut av Nauste og klargjerast for riving. Jøsneset Bygdaråd hadde med stor marsipankake og blomster, og takka Cesilie Wåland og Jarle Langvik …
Nå må me desverre snart legge den kjente revysangen – «Nauste nepå Nesvik – der har dei møje søtt…» – på hylla. Cesilie og Jarle har annonsert at siste opningsdag på Nauste er 09. desember. Jøsneset Bygdaråde ønskjer å invitere til ei markering av deira mange års innsats. Bygdarådet stiller med kake og Nauste med …
Då var det første onsdag i månaden igjen, og då minner me om at det er ope i bokrommet på gamleskulen frå kl 18.00- 19.30. Velkommen inn til boklån, prat og brettspel