Vel er værmeldinga grå og litt våt ! Men me er overbevist : også årets deltakarar er smilande og glade for det !! Me oppfordrar alle årets deltakarar til å sende oss foto frå vandringa – gjerne ein selfie frå ein av nutane ! Gjeld alle uansett kor langt de går ! Den friskaste, sprøaste, løgnaste …
– For 11. gong har me gleda av å ønskje velkommen til Hardhausen – ei vandring frå topp til topp på Jøsneset. Alt er klar, bortsett frå værmeldinga: det meldes regn og 12 grader, så ha på gode klær, gode sko og mat og drikke i sekken. Me lovar fyr på bålet og varm kaffe …
Onsdag 5. juni er siste opningsdag for biblioteket før sommaren. Opningstidene er 18:00-19:30. Lesesirkelen treffest i biblioteket 19:30, og er open for alle som liker å lesa!
Nøkkelen til gymbygget som skal ligga i nøkkelboks ved gymsalen er vekke. Bygdarådet håper det er ein ivrig trimmar som ikkje har hugsa å legga den tilbake etter trening! Dersom den er mista vil me også gjerne ha beskjed!
Laurdag var det duka for det første Smashing Jøsneset junior, og både etablerte og rykande ferske artistar entra scenen Dei knapt 50 store og små som trassa regnet fekk med seg sprø musikalske innfall frå Smell&Sprell, sang frå Bente og rykande ferske talent. God grillmat med heimelag lakseburger frå Odd og Ellen Mari sitt kjøkken freista …
Det nærmar seg Hardhausen 2o19 – meir info om arrangementet
Sjølv om værmeldinga ser bra ut, har me telta klare på skuleplassen slik at alle kan sitja tørt uansett vær! Ta turen og få med deg «Smell&Sprell», unge lokale talent og Bente Tednes. Me har kjempegod grillmat, god drikke samt kakre og brus. Velkommen!
Lørdag 18.mai inviterte Bygdarådet til Pub-Quiss i gymsalen. Ca 60 personar møtte opp til ein triveleg kveld. 8 lag stilte til skarp kunnskapstest – Elsa var Quiss-general, medan Ingeborg flittig holdt styr på poengtavla. Det blei ganske jevn strid; sikkert fordi kunnskapsnivået er rimeleg høgt Delar av «Sentrums-laget», som til slutt (etter nokre ekstraspørsmål) gjekk …
Foto: Øyvind Oaland Med strålande sol og sommartemperatur blei det ein flott dag for dei over 80 personane som fekk med seg 17. maifeiringa i Solbygda I år gjekk toget frå bedehuset til skulen, altså ikkje nokon langtur! Fjordhest og vogn leda an, og hadde i år med ein snodig passasjer. Han dukka opp som …
Så snart me har lagt nasjonaldag og pubquiz bak oss er det klart for nok ei festhelg på Jøsneset – laurdag 25. mai går Smashing Jøsneset junior av stabelen! Scenen er oppgradert og finvêret er bestilt, så det er bare å setta av dagen. Det er ikkje for seint å gripa sjansen til å stå på …
Det har blitt ein tradisjon på Jøsneset med skytekonkurranse 16. mai. Her kjemper ein både om ære og om den gjeve skyttarpokalen! I tillegg til pokalstriden er det og høve til å få godkjend 15 av dei 30 obligatoriske prøveskota som er naudsynte for å ta skyteprøve til storviltjakt. Arrangementet går føre seg på «skytebanen» …
Værmeldinga er flott og programmet er klart! Velkommen til tradisjonell feiring på Jøsneset skule!!
Påmelding til Unni 403 94 743 – og her er heile PLAKATEN
Denne gjengen var på flott merketur over Nesvikheia ein finfin kveld denne veka; turen gjekk frå Trodlaskar i nord til Øspelundalen i sør, og 9 lokale stadnamnskilt blei hengt opp, kratt blei rydda og vakre utsiktspunkt opna opp. Frå høgre: Marit, Berit, Rasin, Kåre, Svanhild og Kåre + Unni var med på turen. Turen starta frå …
Nok ein gong har det vore beisedugnad på gymbygget. Nå er det den nybygde øvre delen i front og på sidene som er blitt beisa to strøk. Bygdarådet takkar dei som var med: Jonas H Gbada, Jasin H Gbada, Lars Bog, Øyvind Oaland, Odd Fosså, Johan Fosså og Johan Langvik + Jostein Hjorteland som skaffa liften. Det var …
Første onsdag i månaden er biblioteket opent frå klokka 18:00 til 19:30. Ta turen dersom du ikkje har vore innom – lån deg ei bok, ein film eller ei lydbok, eller berre ta ein kaffikopp! Lesesirkelen treffest klokka 19:30, og gamle deltakarar er velkomne
MOWI avd Fosså melder at dei skal ha med seg elevar frå Strand vidaregåande skule ut for å rydde på strender på Jøsneset mandag 6.mai
Ca 30 personer var med åpen dag på Mowi sitt anlegg på Fosså lørdag 4.mai. De tilsette tok gjengen med på ein kjekk og lærerik omvisning på anlegget og merdene. De serverte nydeleg fiskesuppe med tilbehør ute på Skiftun kai i etterkant. Bygdarådet takkar for eit bra initiativ og ein kjekk dag. Rognkjeks blir brukt …
Jøsneset Bygdaråd inviterer både til pub og quizz – her finn du PLAKATEN – husk påmelding !