Siste nytt

Torsdagstrening

TORSDAGSTRENINGA HELD FRAM – ALLE VELKOMNE !!  Treninga er kvar torsdagskveld kl 19.30 i gymsalen. Det er både styrke og kondisjon + strekk !  Det er òg ein del apparat som tredemølle, romaskin, vekter og ergometersykkel som blir nytta i treninga !  Velkommen

Bli med på strandrydding – start 2.september kl 17.00

BLI MED PÅ EI NYTTIG OG SOSIAL AKSJON – ME RYDDAR AVFALL LANGS STRENDENE VÅRE !! Hjelmeland kommune har satt av pengar frå Havbruksfondet som skal gå til frivillige lag som bidrar med å rydde avfall langs kystsona vår. Jøsneset Bygdaråd har meldt inn ansvar for utvalde strandsonestrekningar på Jøsneset ,jf kart under. I tillegg til betaling …

INNSAMLING ROMANIA 2019 FREDAG 13 SEPT

Innleveringa skjer fredag 13. seotember kl 17.00 – 18.00 ved Skiftun Brannstasjon Inger Apeland frå Suldal er igjen initiativtakar, og ho skriv: » Me tar imot: ungdomsklær , herreklær, dameklær, barneklær, sportsklær, varme klær, sko, joggesko, vintersko, kjøkkenutstyr, gryter, sengklær, ulltepper, leker, soveposer, sykler, barnevogner osv Alt må vere reint og i orden og pakka …

Haustskyting i Jøsenfjorden – og siste sjanse til skyteprøve

Onsdag 7. august blir det samling på skytebanen i Jøsenfjorden. Haustskyting byrjar klokka 18, og frå ca. klokka 19 blir det høve til prøveskot og skyteprøve for storviltjakt for siste gang i år.  

Super Smashing-lørdag

Med tidenes beste Smashing-værmelding var forventningane høge før lørdagskvelden; telt og bord var på plass, scenen var pynta, artistane klare og dugnadsfolk pilte rundt som flittige maur. Med 230 gjester blei det fort høg stemning rundt langborda, og då 3 Busserulls entra scenen blei det både allsong og dans. Publikum sette tydeleg pris på Busserull-hitane …

Rigge-dugnad til Smashing Jøsneset

Fredag blir det rigging av telt med meir på skuleplassen kl 17 og alle er velkomne på dugnad! Bli med og gjer klart konsert og fest på laurdag – og HUSK å bestilla billetter!

Mobil-ladar funnet

Mobil-ladar funnet – Ta kontakt med Svanhild 97 00 76 36

Blå jakke savna !

Kåre Tjeltveit var på heiatur i går mandag 15.07, og hang fra seg ein BLÅ NIKE-JAKKE på stikrysset til Valafjellet. Då han kom ned igjen var jakken borte. Sikkert nokon som fant den og tok den med ned til bygda. Han vil gjerne ha jakken tilbake . Kontaktinfo Kåre 416 94 513

Stilige sokkar på kanotur

STILIGE SOKKAR har fått seg ein liten sommartur : vandra ned frå høgda på Røssenibben og ned til vatnet på  380 moh – Der de til og med fekk seg ein liten kanotur .   Dette skjedde sist veke, og viss ingen andre har plukka de opp – så ligg de å vente på neste tur på ruta i turkassen …

Smashing Jøsneset nærmer seg

Ikkje lenge til 3. august! Det blir også i år tilbod om kollektivtransport til og frå skuleplassen!

Og vi maler og vi maler, og vi gjør så godt vi kan !

 …og me held fram med dugnaden og nyttar godværet – DET BLIR NY MALINGSØKT FREDAG 28. JUNI kl 17.00 igjen !! Nå er første strøket tatt i frontfasaden ned mot bygda – det var ein god gjeng på plass torsdag kveld.  Og nå er det siste strøket som gjenstår ! Det trengs folk som kan stå …

Ingen trim i dag

På grunn av maledugnad og finvær blir det ikkje trim i gymsalen i dag, torsdag 27/6. Ta i staden på deg arbeidsklede og still opp på dugnad kl 17!

Ny maledugnad TORSDAG 27. juni kl 17.00

Godvær er godt malevær må nyttast !!  Difor fortsett maledugnaden TORSDAG kl 17.00 og utover !  Det var ein god gjeng på plass onsdagskveld i kveldssola. Så og seie alt mot aust, nord og vest er ferdig ! Men det gjenstår ein god del i fasaden mot vegen. Ein god del av vindauga i 1.etasje er …

MALINGSDUGNAD ONSDAG 26.JUNI kl 17.00

Den planlagde maledugnaden mandag måtte utgå pga REGN !!  Ikkje enkelt å få det til i slikt skfitande vær. Værmeldinga er for øvrig god til onsdag – Me prøver igjen !! Onsdag 26.juni kl 17.00 !! eller når det måtte passe for den enkelte – gi bare beskjed til Unni 403 94 743

NY MALEDUGNAD MANDAG 24 juni kl 17 !

MALING AV GAMLESKULEN HELD FRAM !! DEN SKAL BLI KVIT OG VAKKER IGJEN ! DÅ TRENGS INNSATS FRÅ ALLE !Bli med mandag 24juni kl 17.00 og utover kveld. Har du lang stige med krok så er det fint. Treng nå folk som kan male frå stige ! I front er det stilas.

Ny maledugnad torsdag 20.juni kl 17.00

Arbeidet går framover! Folk har vore å jobba på bygget både lørdag, søndag, mandag og nå i kveld tysdag var det 8 stk på plass på fellesdugnad  i +/- 3 timar. Mesteparten på framsida blei skrapt, og det blei malt vidare på baksida.  Det er framleis mykje arbeid som gjenstår. Det blir NY FELLESDUGNAD på TORSDAG 20.JUNI kl 17.00 …

Ny dugnadsøkt maling/skraping – Skulebygget

Ny felles skrape-og maledugnad: TYSDAG KVELD 18.juni frå klokka 18.00 og utover kvelden. Ta med skrape og/eller stige viss de har! Ellers er det stilas og alt maleutstyr på plassen. Dersom tidspunktet ikkje passar; gi gjerne beskjed til Unni i Bygdarådet 403 94 743. Det er ein relativt stor jobb som skal gjerast, så alle …

Felles jonsokfeiring Skiftunstranda !

Bygdarådet ønskjer alle velkommen – og her kan du lese meir jonsokfeiringa

Bli med på maling av gamle skulebygget

Gamle skulebygget med Trivselstove-tilbygget skal skrapast og malast.  Første dugnadsøkt er allerede lørdag 15.juni kl 10.00.  Har du sjanse å komme då, så flott ! Ta gjerne med skrape. Det er sett opp stilas på nedsida og ellers er det alt utstyr som trengs Som alle veit er det nå bygdefolket som skal drifte skulebygga, …

Stilige sokk på ny nut

Det var ikkje bare Hardhausar som forflytta seg frå nut til nut på 1.pinsedag. Også dei stilige sokkane fekk seg ein forflytting – med god hjelp av, ja, nettopp ein Hardhaus kom de seg avgårde frå Norda Høgaste til   kassen ved denne varden. Ser du kor det er ? Ja, då kan du gå opp å …