På grunn av Korona-krisa blir det ikkje mogleg å gjennomføra Smashing Jøsneset i år, og komiteen har beslutta at årets musikkfest blir flytta til 7. august 2021! Artistane er dei same og stemninga blir minst like god, så det er bare å setta av datoen!
Alt er annleis i 2020! Også Hardhausen på Jøsneset ! Dët vil i år ikkje bli eit sekretariat eller ein felles sosial happening ved Fosstemmen, slik me pleier! Me oppmodar likevel folk å ta turen frå post til post, og frå nut på Jøsneset. Me strekkjer tida ut, så du kan sjølv velge å gå …
Takk alle saman – for ein feiande flott og annleis 17.mai ! Takk for alle foto og videoar som blei sendt inn til oss !! Alle desse ligg på Jøsneset si Facebookside ! Så mykje kreativt og koselig de alle har funne på; frå griseløp til maraton-quiss, frå luftgeværskyting til eige 17.mai tog ! Fantastisk …
Gratuelerar med nasjonaldagen 2020 ! Dagen kan gjerne starte med JØSNES-QUISSEN 2020. Men ta deg ein pause kl 12.30 Tale ved Malena Altamirano direkte på Facebook. OG husk premieutdeling kl 18.30 på Facebook direkte frå Trivselstova Husk at svara må sendast på sms samla til 991 01 365 innan kl 17.00 . Lykke til og …
17.mai 2020 kjem til å gå inn i historiebøkene som vår tids mest speseille nasjonaldagfeiring. Bygda vår er lita og me er få. Likevel vel me òg her sosial distanse og svært alternativ feiring pga korona. Men me håpar alle «blir med oss» inn i denne vakre dagen, og følgjer oss på to direktesendingar på …
Kulturkontoret si populære KODEJAKT er nå i gang, og nok ein gong er det farting rundt i heile kommunen på 11 ulike turmål for å finne kodar, og bli med i trekning på fine premiar. Jøsneset er representert i år òg, og denne gongen med ein av våre aller høgaste flottaste toppar : Røssenibben 718 …
Grøntanlegget rundt skulebygningane treng luking og vårpuss !! Bli med !! Tirsdag 5 og onsdag 6 mai – frå kl 18 – vil det vere aktivitet der, så flott viss fleire blir med – god mulighet for riktig koronaspredning i beda der !! Ta med hageredskap ! Dersom du ikkje kan dei kveldane, kan de gjerne kome …
Bygda sin miljøstasjon er plassert på ein usedvanleg flott utsiktsplass på Nesvik v/RV13, som òg er Nasjonal Turistveg. Då er det særs viktig at kun det avfallet som skal INN i kontainerane blir levert der. Ingenting skal stå utanfor kontainerane ! Viganeset gjenvinninstasjon er open ! Sjekk IVAR Renovasjon Ryfylke ! Skrot og avfall som ikkje …
I små bygder er det kjekt å glede seg over dei små ting Det «drypp»ut med lokale stadnamnskilt i terrenget ! Denne gongen er det Austadsvingen som er blitt pryda med sitt eige skilt. Ja, du veit vel at Austadsvingen er første svingen på veg opp den bratte, svingete vegen mot Åsland. Og går du …
I år blir det ikkje felles organisert ryddedag, men Jøsneset Bygdaråd oppfordrar til individuell dugnad. Her er info frå Bygdarådet: I forbindelse med strandrydding har Jøsneset fått på plass en kontainer fra Ryfylke Friluftsråd. Denne er nå på plass og er plassert på parkeringsplassen ved Bedehuset. Vi vil i uke 18 rydde langs veiene, strendene …
17.mai 2020 kjem definitivt til å gå inn i historia som ein svært spesiell nasjonaldagsfeiring. Pga koronasituasjonen er det ikkje mogleg å feire så feiande flott i lag, slik me er verkeleg er kjent for her i Norge. Heller ikkje på vesle Jøsneset kan årets feiring bli heilt som vanleg. Sjølv om me er få …
I dag 20 april 2020 er Arthur Westersjø 100 år ! Heile Jøsnes-bygda gratulerar masse ! Jøsneset Bygdaråd og Jøsneset Helselag har sendt ei lita blomsterhelsing til han. Han får sikkert òg mange andre helsingar frå bygdefolk, mellom anna via videohelsingar som familien har laga til. Arthur feirar dagen på Årdal Omsorgsenter.Koronasituasjonen gjer det slik …
Fleire lokale stadnamnskilt er sett ut i terrenget, denne gong på strekningen Nesvik-Baslid. Les meir på Jøsnes-sida på Facebook. Har du lyst å vere med å produsere fleire stadnamnskilt, er det berre melde frå anten til bygdaradet@josneset.no eller til Svanhild 97 00 76 36. Bygdarådet har kjøpt inn material, fresemaskin og maling, og utstyret ligg klart …
Det er jamnleg og aktiv bruk av turstiane våre. Det betyr at mange av stiane er nokså tydelege og greie å finne. Men er ein ukjent på staden, og litt i tvil om retningane, så er det veldig godt at stiane både er skilta og merka. På Jøsneset er det 13 frivillige turstifadrar, som har …
«Velkommen-til-Jøsneset»- skiltet i Nesvikbakken er altså pussa opp og malt i nye fargar, og det er planta vårblomster. Me gledar oss stort til den tida som kjem, då både hytteeigarar, slekt, venner, turistar og andre besøkande kan reise og feriere som før, og me kan samlast igjen saman i bygda vår. Med denne oppussinga vil me …
Påskeharen har vore på besøk i bygda !! Ta deg ein tur ut og kikk – sjå om du finn sporet ! Send oss gjerne eit foto på 97007636 når du finn det
Jøsneset Helselag har kjøpt inn ny bålpanne til gapahuken ved Fosstemmen – God påske og god tur !!
Det er laga ferdig ein del fleire stadnamn-skilt, som er klare til utsetjing i terrenget. Det passar jo bra nå på våren! Kjenner du til kor desse skilta skal vere, og har du lyst å setje de ut ? Supert ! De ligg klar på sløydsalen. Ta kontakt med Svanhild 97 00 76 36 om du …
Frå Kåre Nesvik har me fått desse bildene og denne meldinga: » Eg tar meg ein strandtur og rydder litt av og til. Gir mange bonusar: god mosjon ! balansetrening ! bøy og tøy ! frisk luft ! og ikkje minst godt for miljøet ! Kanskje andre òg kan ta ein tur av og til? …
Elsa Nesvik Altamirano sendte oss dette bildet og denne meldinga: «Sender bilde av eit par solbriller som blei funne på tursti mellom Knutsvik og Høgafjellet » . Så ja, om det er du som har mista brillene, så ring til Elsa 951 56 137