Aksjonen heiter: «Bare forskning kan stoppe demens». Jøsneset helselag Vipps til 562037 – mrk. Demensaksjonen. I år arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsen DEMENSAKSJONEN for 20.gang, men i år utan bøsser. På grunn av koronaepidemien kan me ikkje gå frå dør til dør og ha den tradisjonelle bøsseaksjonen. Men Jøsneset helselag har eige Vipps-nummer 562037. Innsamla beløp …
Velkommen til hyttefrokost i Hjelmeland! Me inviterer deltids- og fritidsbuande i kommunen til hyggeleg frukostmøte laurdag 10. oktober kl. 9-11. Sett av tidspunktet allereie no! Nærare info om tidspunkt/stad: følg med på Facebook og på heimesida til kommunen. Antal deltakarar og påmelding ifølge gjeldande smittevernreglar. Arr: Hjelmeland Naturlegvis/Hjelmeland kommune
I løpet av perioden 5.-20. september inviterer Hold Norge Rent til nasjonal ryddedugnad. Dei som ønsker å vere med kan hente sekker og lodd hos Hanne C Tjeltveit, telefon 47668501. Fint om du også gir beskjed hvor du har tenkt å rydde. Bygdarådets si oppmoding går til alle, og dersom det er hyttefolk som ønskjer å …
Den nydelege Jøsenfjorden er verdt å sjå ovanfrå i heile si lengd. Ila av to dagar har Turlaget fellestur på ytre delar av Jøsenfjorden:– Laurdag 12. september første etappe: Dale-Ramsfjell-Indre Eiane– Søndag 13.september andre etappe: Ytre Eiane – Røssenibben – Nesvik Du kan vere med på ein av turane, eller begge. Påmelding, så følg linken …
Like trufast som trekkfuglane er Romania Aid. Dei hadde innsamling ved branngarasjen på Skiftun i går, fredag 05.september. Og allereie dagen etterpå blei alt lasta inn i stor trailer og kjørt avgårde til Romania. Dei fortel om to prosjekt de satsar på i 2020: to dagsenter fordelt på to ulike byar; Bucharest og Tirgu Mures, …
Hanne Tjeltveit sendte inn bidrag til Hjelmeland Turlag sin Facebook-konkurranse «Små turperler i Hjelmeland» – og jammen blei ho trekt ut som vinnar av kr 10 000 til sitt lokale bygdelag: Jøsneset Bygdaråd. Her er Hanne sitt turtips: Sjiddknatten på Nesvikheia. Denne flotte utsiktsplassen ligg like ovanfor hennar bustad, på merka ruta over Nesvikheia. Hjelmeland …
Desse to driftige karane hadde ein liten forretningsidè denne sommaren: salg av heimelaga fuglekassar. Gutane er Mathias Kåsen Nesvik og Joachim Kåsen Nesvik og er 11 og 8 år gamle. Faren sagde plankane med sirkelsag, medan gutane sjølv hamra og skrudde dei saman…..og sette «prikken over i-en» : bora hol Gutane har levert fuglekassar på Nesvik …
Årets Bedehusbasar blei i år avvikla på «korona-vis» utan tett sosialt drøs inne på bedehuset. I år blei lodda solgt pr vipps eller etter «dør-til-dør»-metoden. Basaren blei likevel eit suksess, og brutto resultat er 28 830,- . Styret i Jøsneset Bedehus takkar både bedrifter og privatpersonar som har gitt gevinstar, og takk til alle som …
Her er VEDTEKTENE FOR JØSNESET BYGDARÅD
På grunn av corona blei påskebasaren på bedehuset dette året avlyst. Som kjent for dei fleste, er dette hovudinntekta vår, og inntekta går til drift av huset som bygda eig. Vi prøver no ein ny vri, og vil ha sommarbasar med coronavri. No kan du bli den heldige vinnar av bl.a.ein sykkel, billettar til sightseeing på Jøsenfjorden …
Strålande sommarvær, glovarm grill, flott bål, ivrige krabbefangerar, spente fiskerar, god mat , god badetemperatur – 31 stk benka seg til i Skiftustranda i finfin koronaavstand ! Koseleg, sosialt Jonsok-treff ! Tradisjonell krabbefangstkonkurranse: Ronja fant den største og Pia fant den minste – Begge fekk gåvekort på Enkel-butikken i premie. Ivrige fiskerar, fekk lønn for …
Jippi – etter ein lang korona-pause har òg me her på Jøsneset fått lov å opne treningsrommet igjen Rommet er ope for alle som betaler medlemsavgift og som er friske/symptomfrie. Kun inngang via garderobedør med kodelås ! Her er meir INFO OG TRENINGSREGLAR.
Tradisjonen tro – med litt koronavri – blir det felles jonskofeiring – les meir på PLAKATEN
Bygdarådet melder at de har fått søknad om utvida produksjonsvolum av laks på lokaliteten på Fosså på høyring. Bygdarådet vil sende ein uttale, og informerer om at dette er ei open høyring som kven som vil kan sende uttale til på eigen hand. De kan òg ta kontakt med Bygdarådet ift kva dei har gjort/meint …
Jøsneset Bygdaråd har sendt denne meldinga: «I forbindelse med strandryddingen me hadde så va der mye tilbakemelding på kor enormt mye tau som låg i strendene. Bygdarådet tok derfor kontakt med Mowi og sendte over bilder og ba om ein kompensasjon for jobben som blei gjort av frivillige i bygda. Mowi svarte at denå har gått …
Det var varmen og romantikken som seira i årets Hardhausen på Jøsneset. Juryen falt for dette bildet av to 1.gongs-Hardhausar, ja, som første gong gjekk dei 4 nutane NordaHøgaste, Gunlanuten, Valafjell og Røssenibben. Og flott at dei ikkje berre sprang på, men faktisk tok seg tida til å sitje ned, vere til stades, nyte sola, fjordutsikten og kvarandre ! Fotograf …
Ei fantastisk pinsehelg som skapt for Hardhausar og andre hausar ! Pinseafta var det 19 stk som meldte inn løysingsordet frå dei 4 toppane, altså 19 Hardhausar. Og 2 stk melde inn frå 3 nutstur. Me oppmodar om å ta turen for topp til topp eller frå post til post ila pinsehelga. Meld gjerne inn …