STATENS VEGVESEN melder om ein del endringar på kjøre/ferdsel-mønster frå og med førstkommande helg 13.-14 februar. Statens Vegvesen skriv: Det vil bli en del større justeringer på Nesvik fra kommende helg. Viser til kartskissa. – Fergen nå kommer til å gå fra ny pir. – Ny hurtigbåt kai vil bli tatt i bruk.– Nytt venterom/servisebygg …
Det blir felles årsmøte i Jøsneset Bygdaråd, Jøsneset Bedehus og Jøsneset Ungdomslag torsdag 11.mars på skulen . Skriftleg innkalling kjem på nettsida og i posten ca. 14 dagar før møte.
INFO FRÅ STATENS VEGVESEN: Rv 13 fergeavgang mellom Hjelmeland og Nesvik natt til fredag 29.01.21 vil siste avgang fra Nesvik være kl 0000 begynner å gå igjen ved avgang 0455 fredag morgen. Det vil være mulig for utrykningskjøretøyer å passere ved at vi avbryter graving og fyller igjen kryssing viss behov. Livar Thomassen, Statens vegvesen, …
NRK melder at det er opprør blant yrkesfiskarane som driv med leppefiske pga nye krav til teinene. Jøsnesfiskaren Joachim Langvik blir sterkt berørt av regelendringane, og engasjerer seg i saken òg på vegne av andre yrkesfiskerar. Saken er nå er løfta opp til fiskeriminsisteren sitt bord. Her kan du lese HEILE ARTIKKELEN I NRK Foto: …
Drøymer du om å bu landleg på eit lite småbruk; ja, då har du sjansen nå. Eigdommen på Skiftun 107 på Skiftun er til salgs. Eigedommen er ANNONSERT PÅ FINN.NO, og det står mellom anna: Unikt småbruk med strandlinje, naust og verksted: Fantastisk eiendom med sørvestvendt og solrik beliggenhet og med mange muligheter for de som vil …
Det er is og fine forhold på Fosstemmen for tida. Mange har allerede funne skeisene fram ! Ta turen ut i naturen ! Laurdag på dagtid er det fyr i bålpannene, så du kan jo ta med eigen grillmat eller anna bålmat/drikke – og ordne for deg og dine. Ta gjerne me skeiser, så kan …
Kulturkontoret har laga til ny turkonkurranse; den såkalla «Vinterturen 2020-21». Opplegget er litt liknande Kodejakt, men er småturar i låglandet. Eitt av 10 turmål er på Jøsneset, nærare bestemt Sjiddknatten på Nesvikheia. Det er undervegs langs løypa hengt opp litt «ord for dagen» og på sjølve turmålet finn du spørsmåla som skal svarast ut. Det …
Her kjem JULEHELSING FRÅ BYGDARÅDET 2020
Jøsneset Bygdaråd har engasjert seg i sak om endra ruter for hurtigbåten. Forslaget som fylkestinget skal behandle på tysdag legg opp til at hurtigbåten til Hjelmeland og store deler av indre Ryfylke vil forsvinne. Det er etablert ei facebookgruppe «Hurtigbåten i Indre Ryfylke’s venner» og aksjonsgruppa har skrevet brev som har gått til fylkespolitikarane, Stavanger …
Du har kan hende lagd merke til at det lyser frå «lærarrommet» om kveldane? Der foregår det litt av kvart no for tida! I januar kjem det nye kjøkkenet, og det er mykje som skal på plass både før og etter at skap og skuffer er på plass. No treng me hjelp frå DEG til å …
Jøsneset Bygdaråd melder: «I år blir det dessverre ikke arrangert den tradisjonelle juletretenningen med fakkeltog og grøt som vi har hatt på Jøsneset. Det vil allikevel bli satt opp tre og lysene tennes søndag 29. november kl. 18.00. De som har lyst kan komme og se når treet tennes, men det er viktig å holde …
Gymbygget på Jøsneset skule er under kraftig oppussing for tida. Vestibylen har fått ei fargerik oppgradering, og kjøkkenet og lærarrommet er ikkje til å kjenna igjen! Bygdarådet sitt årsmøte vedtok å bygga nytt kjøkken i gymbygget. Helselaget søkte og om pengar frå Frivilligfondet til å pussa opp vestibylen, og fekk 30000,-! Vegger, lister og ytterdør …
Det blir ny strikkekveld torsdag 05. November Kl 19.00 til ca Kl 21.00 i Trivselstova. Alle er velkomne både med og utan strikketøy til eit uformelt treff. Me tar hensyn til gjeldande smitteregler! Arr.
Den haustkalde fjorden var ingen hinder for gjengen som plaska uti Skiftuvika til ære for TV-aksjonen «Et hav av muligheter» : WWF sin innsamlingsaksjon for eit reinare hav ! I år blei det utendørskafè på Skiftukaien i regi av Jøsneset Bygdaråd, og frisk bading i Skiftustranda. Jøsneset Bygdaråd oppretta ei digital bøsse – som ein …
Frå klokka 15 i dag blir det bading, god stemning og kaffi på Skiftunstranda! På kaien er det fyr i bålpanna, og det blir sal av kaffi, kaker, boller m.m. til inntekt for årets TV-aksjon. Bli med og fyll opp Jøsneset si virtuelle bøsse: Legg penger på bøssa her Du kan og støtta aksjonen med …
Søndag 18. oktober er det igjen tid for den tradisjonsrike TV-aksjonen på NRK, og kalla verdas største dugnad. I år går pengane til aksjonen «Eit hav av moglegheiter» i regi av WWF, Verdas naturfond. På Jøsneset vil me markera dagen med bokstaveleg talt å hoppa i havet! Det blir «Beach-party» på Skiftunstranda klokka 15 til …
Det blir strikkekveld torsdag 15. Oktober Kl 19.00 til ca Kl 21.00 i Trivselstova. Alle er velkomne både med og utan strikketøy til eit uformelt treff.> Har du ikkje anledning til å komma på torsdag, men kan tenke deg å vera med ein annan gang, så er det fint om Ellen Mari får ein tilbakemelding …
Jone Laugaland har ein finfin blogg for alle som er interessert i Ryfylkestoff. Den heiter JONEBLOGGEN, og denne gongen kan du lese om den blide busseigaren Sven Gjil Westersjø ….som mellom anna skyssar skuleungane att og fram over fjorden !
Jone Laugaland har ein finfin blogg for alle som er interessert i Ryfylkestoff. Den heiter JONEBLOGGEN, og her kan du lese om den ivrige fiskaren Oddvar Skiftun som drog ut på Ombofjorden ein vakker haustdag….og drog i land denne store ruggen !!
Jøsneset helselag har denne veka hatt digital demensaksjon. Hjarteleg takk til alle som vippsa inn pengestøtte !! Tilsaman blei det samla inn kr 4 450 via Jøsneset helselag sitt vippsnummer. I tillegg kom det inn kr 2250,- via Facebookaksjonen som helselaget blei oppmoda til sentralt (det beløpet blir registrert inn til Nasjonalforeningen avd Rogaland). …