Siste nytt

Smashing Jøsneset 2021 avlyst – ny dato 06.08.2022

Då Smashing Jøsneset 2020 måtte avlysast på grunn av den pågåande pandemien sa artistane, Vestlandsfanden og Pakkers, ja til å spela på Smashing 2021. Komiteen håpa i det lengste at konserten 7. august kunne gjennomførast, men usikkerhet rundt smittevernsregler gjorde at avgjerda om å avlysa no er tatt. Heldigvis blir artistane med til Smashing Jøsneset …

Har du lyst å klippe gras?

Er du over 16 år og har lyst å tjene litt penger? Då kan du få oppdrag som plenklippar på uteområdet rundt skulen og brannstasjonen. Det er snakk om eit par timars arbeid pr gang, gjennom sommarvekene. Alle vil få opplæring Ta kontakt med Bygdarådet på mobil 47668501 (Hanne). Frist for å søke er 27. …

St.Hans-feiring i Skiftunstranda

  VELKOMMEN TIL FELLES FEIRING   Skiftun-stranda onsdag 23.06. kl 18.30 Me følger dei koronareglane som gjeld. Husk avstand til dei som ikkje er i same husstand. Hald deg heime dersom du ikkje er heilt i form. Me må ha ein oversikt over kven som kjem, så det blir lagt fram liste ein kan skrive …

Sankefestival – filial Jøsneset

Helga 26-27 juni er det Sankefestivalen i Hjelmeland ! Det meste av festivalprogrammet skjer i Hjelmelandsvågen. Men laurdag 26.juni er det òg eige program på Skiftun ; dette for å spre aktivitetane og for å vise fram ei av Hjelmelands frodige bygder, med fokus på lokale produkt og næringsgrunnlag. Besøk til Buhagen sitt gardsutsal Krambuå hos Jostein …

Blide Jøsnesdamer ut på midddag

Alle personar over 65 år i kommunen blei denne veka invitert ut på middag  til «Smaken av Ryfylke. Hjelmeland kommune arrangerte dette med støtte frå Statsforvaltaren i Rogaland og i samarbeid med Smaken av Ryfylke, Årdal Taxi, Hjelmeland bygdekvinnelag, Jøsneset helselag, Ombo helselag, Eldrerådet og frivillige frå ulike andre lag. 7 damer frå Jøsneset + …

Er du interessert i å leige kontorlokale?

Kan du tenke deg denne utsikten fra kontorplassen din? I skulebygget på Jøsneset er det ein del ledige lokaler, og me i Bygdarådet lurer på om det er interesse for å kunne leige kontorlokaler her. Dette gjeld både for fastbuande og hyttefolk. Dersom det er interesse vil me sjå på kva behov det er med …

SKYA for Hardhausane i pinsehelga

Hardhausen blei avvikla pinsehelga ! Alle nut-vandrerane fekk i oppgåve å finne ein bokstav pr nut, og setje saman dei fire bokstavane til eit ord ! Alle Hardhausen-deltakarane fant bokstavane, nokre sleit litt med stokkinga, men når dei blei tipsa om at det hadde noko med helgeværet å gjere, ja, då var alle snare om …

Vinnarar av fotokonkurranse «Vêrstemning» – Hardhausen 2021

Av 72 deltakarar på Hardhausen og 3-nutstur, var det nærare 30 stk som sendte inn foto til fotokonkurransen «Værstemning» – og ein god del sendte fleire bilder.  Me takkar for mange veldig gode bidrag !! Denne gongen fekk juryen ein vanskelg jobb, for det var mange gode motiv.  I vinnarbildet lot juryen naturen, lyset og værstemningen …

Hardhausen 2 av 3 dagar

Laurdag var det 25 stk som gjekk Hardhausen og søndag 29 stk + 4 stk på 3nutstur.  Været har vore variert og vekslande – noko som eigentleg passer godt ettersom tema for fotokonkurransen er «VÆRSTEMNING»  Alle foto som sendes inn blir publisert på Facebook-arrangementet Hardhausen 2021 .   I løpet av dei to første dagane har …

Referat møte i bygdarådet 18.05.2021

Bygdarådet hadde møte tirsdag 18. mai. Her kan du lese referatet fra møtet. 

Klar for Hardhausen 2021 – «light» igjen

 Også 2021 er «anderledes-år», og difor blir det ein liten «light-variant» av Hardhausen i år òg …..ja, altså det blir ikkje lettare å gå enn før, men det blir «full spredning i tid og stad». Startpunkt kan gjerne vere ÅSLAND eller FOSS.  Gå når du vil ila heile pinsehelga, og gå gjerne på alle Helselaget …

Vinnarar 17.mai – konkurransar:

Vinnar Skarpskyting:Leif Kenneth Tjeltveit, 92 poeng, 8 deltakarar Vinnar NaturstiEllen Mari Fosså, Premie: Gåvekort på 350 kr Mikal Laks. Vinnar av QuissStore og små i familien Hjorteland. Premie: Gåvekort på 350kr sponsa av Marit Naustan Nesvik.  

Jazzkonsert avlyst – men……

Den annonserte konserten med jazztrioen Vaspeland 3 utgår – og blir utsatt til ein annan gong.  Men plan B er slik:    

Hardhausen 2021 – «light» igjen

Også 2021 er «anderledes-år», og difor blir det ein liten «light-variant» av Hardhausen i år òg …..ja, altså det blir ikkje lettare å gå enn før, men det blir «full spredning i tid og stad». Startpunkt kan gjerne vere Åsland eller Foss.  Gå når du vil ila heile pinsehelga, og gå gjerne på alle Helselaget …

Turperla Sjiddknatten har fått kveldshimmelbenk !

Takka vere Hanne Tjeltveit sitt «turperle-tips» i Hjelmeland Turlag sin konkurranse «Mi turperle 2020» blei Jøsneset Bygdaråd trekt ut som vinnar av gåvekort på kr 10 000 til friluftsrelaterte tiltak i nærmiljøet.  Bygdarådet har nå montert opp ein stødig benk på dette flotte utsiktspunktet.  Jøsneset Bygdaråd markerte «opninga av benken» samtidig som Turlaget hadde fellesturen …

VM-sølv til Tania frå Jøsneset

Hurra og gratulerar  !! Tania Yu Auglend frå Tonå på Jøsneset vant i dag sølv i WorldCup i TaekWonDo !!  Tania går nå på kampsportlinje på Surndal folkehøgskule, og representerer Surnadal kampsportklubb. Ho kom til finalen mot ei dame frå Japan – så her er det internasjonal sus ! Du kan lese meir om Tania …

Friluftsjazzkafè 16.mai

Jøsneset Bygdaråd ønskjer velkommen til ein liten utandørskonsert på 16.mai. I forkant av jazz-kafèen kan de få «tjuvstarte» på 17.mai-naturstien, anten ved å gå Nullen eller bli med opp til det spektakulære utsiktspunktet Hyestaden på Skiftufjellet bak utescenen. (PS: spørsmålsarka til naturstien blir òg liggjande ute heile 17.mai, så du kan òg velje å gå …

Valafjellet er Kodejaktpost

Kulturkontoret si Kodejakt 2021 har starta!  Det er utplassert 11 kodar på turmål spreidd rundt i kommunen. Gå turen finn koden, meld inn og bli med i trekninga. Også i år er ein kode plassert på Jøsneset – I år er det på VALAFJELLET 713 moh  Her finn du meir info om Kodekjakta   På Valafjellet …

HJERTEMARSJ+ QISS

Alle er velkomne til koseleg hjerterunde rundt Nullen i Skiftudalen – tirsdag 4. mai kl 18.00……du kan få bryne deg på ein liten quizz undervegs. Arr: Nasjonalforeningen for folkehelsen – Jøsneset Helselag