Siste nytt

Bli med på dugnad og grilling !

Bygdarådet har fått tildelt 25.000 kr til oppgradering av leikeplassen og uteområdet ved Grendahuset (skuleområdet). Difor ønsker me å ha ein felles dugnad for å gjere ein del utbetringar. Det hadde vore kjekt om både fastbuande og fritidsbuande ville vere med å bidra – då kan det bli både sosialt og effektivt! Og bygdarådet lokkar …

JAZZKAFÈ SØND 5. SEPT

Den unge, entusiastiske jazztrioen VASPELAND 3 frå Oslo prøver igjen ! Koronarestriksjonar la kjeppar i hjula for Rogalands-turneen i mai.  Nå er dei «på hjul» igjen, og klare for konsert på Jøsneset.  Me satsar på godvær og utandørsmusikk kombinert med kafèsal.  Det blir rigga bord på uteplassen ved Grendahuset !  Ta deg gjerne ein flott …

Trekningslista bedehusbasaren:

Då har trekninga av årets bedehusbasar funne stad !   Bedehus-styret vil med dette takke alle som har støtta basaren med kjøp av lodd. I tillegg vil me takka både privatpersonar og bedrifter som har gitt gevinstar til utlodninga.  Resultatet er fantastisk: inn brutto kr. 40 932 Dei heldige vinnarane er: Bålfat Randi Særvoll Billettar til sightseeing på …

Juhuu ! Sal av ferske bakevarer på Jøsneset !

KRAMBUÅ på Skiftun har stadig nytt utval av produkt til sal . Siste nye nå er FERSKE BAKEVARER FRÅ ØYVIND OALAND sitt bakeri !!  Havrebrød, rundstykker, skillingsboller og kanelboller er til salgs lørdag 14. august !! Løp og kjøp !  Ellers er det òg nyplukka moreller frå Hauge gard og kjøt og lammeskinn frå Bøen …

DUGNAD 28. og 31. august

Bygdarådet har fått tildelt 25.000 kr til oppgradering av leikeplassen og uteområdet ved Grendahuset (skuleområdet). Difor ønsker me å ha ein felles dugnad for å gjere ein del utbetringar. Det hadde vore kjekt om både fastbuande og fritidsbuande ville vere med å bidra – då kan det bli både sosialt og effektivt! Dugnaden blir fordelt …

Referat møte i bygdarådet 03.08.2021

Det var ikkje så mange sakene på lista, men greit å ha eit møte likevel etter ein rolig sommar. Referatet fra møtet bygdarådet hadde 3. august kan du lese ved å trykke her.  

Siste frist for å kjøpe lodd til bedehusbasaren !

Har du enno ikkje fått kjøpt lodd på årets «Bedehusbasar» må du skunde deg. Laurdag 14.august kl. 14.00 er det trekning på bedehuset. Siste frist til å få kjøpe lodd er laurdag kl. 12.00. For å kjøpe lodd kan du vippse ønska beløp til…. Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr:   612108. Deretter må du senda ein SMS med namnet …

Mange fine gevinstar ved årets bedehusbasar

Det nærmer seg «basardagen» og me gjer som i fjor – gjennomfører digitalt! Me har fått inn mange fine gevinstar og gåvekort. Inntektene går i sin heilhet til drift og vedlikehald av Jøsneset Bedehus.Les meir om korleis du kan sikre deg lodd! For å kjøpe lodd kan du vippse ønska beløp til Jøsneset Bedehus sitt …

Lodd til Bedehusbasar laurdag 14. august kan du kjøpa på VIPPS!

Det nermar seg bedehusbasaren som er den 14. august. Les meir om korleis du kan kjøpe lodd og gi gevinstar. Jøsneset Bedehus sitt VIPPSnr:   612108. Deretter må du senda ein SMS med namnet og beløpet til den som lodda skal stå på til Ellen Mari Fosså – mobil nr: 92 46 36 75. 10 kr …

Juleforberedelse i juli

I desse agurktider skal ein ikkje kimse av små hendingar i bygda. Her kan du lese og sjå bilder av kva juleforberedelsen går ut på. I dag blei det støypt ny juletrefot til julegrana som skal stå ved brannstasjonen i desember. Jostein Hjorteland stilte fra Bygdarådet, og fekk god dugnadshjelp fra Lars Bog. Saman støypte dei ein stor …

Drone mista ved Håvehammar

Drone mistet ved/rundt Håvehammer. Type Dji mini 2. Siste registrerte GPS se bilde. Etter dette kan den ha tatt turen hvor som helst. Vi har lett «overalt» , men uten hell. Hvis noen tilfeldigvis finner den hadde det vært flott om de kunne kontaktet meg på 913 87 077,  og selvfølgelig blir det en belønning …

Verdenssensasjonen Hydra er komen

I dag, den 6. juli 2021, blei den nye ferja MF Hydra satt inn i drift i Hjelmeland-Nesvik-Skipavik-sambandet. Dette er ein verdenssensasjon! Hydra er nemlig verdens første passasjerferje som bruker hydrogen som drivstoff. Ho er søsterskipet til den elektriske ferja MF Nesvik som kom i drift tidligare i år. Foreløpig er ikkje hydrogendrifta i gang, det kjem …

Sommerkafè på Mikals Laks

Nytt, koselig sommartilbod på Jøsneset: utekafè på Mikals Laks, Jøsnesvegen 144 ! Her får du kjøpt gode smårettar ….med røykeaks, så klart ! Og Astrid på Mikals Laks fortel at du òg får kjøpe vafler, kake, Henning Olsen is, Berentsens brus, Buhagen eplemos og kaffe. Opningstider 11-15.30 tirsdag – fredag. Like utanfor produksjonslokalet finn du kafèlokalet …

Badetemperaturar

Sommar er badetid – Lurar du på korleis badetemperaturen er til ei kvar tid? Ja, badetemperaturen i sjøen på Nesvik kan du finne på Altibox Badetassen

Ny benk på Nesdalsfjell

  Den gamle benken på Nesdalsfjell har sett sine beste dagar; så nå har Jøsneset Helselag investert i ein ny benk der oppe. Den blei frakta opp på plass nå denne veka !   Benken blei kjørt så langt opp som råd med traktor. Siste biten blei den bært opp med handamakt. Flott innsats frå …

Bedehusbasar laurdag 14. august

Heller ikkje i år kunne den tradisjonelle påskebasaren gjennomførast, og sidan dette er vår viktigaste inntektskjelde for å drifta huset så blir det også i år arrangert ein «digital» basar. Skulle imidlertid smittesituasjonen, og forholda elles, gjera det mogleg å samla mange folk så vil me i tillegg gjennomføra ei sosial samling på basardagen 14. …

Velkommen til Skiftun lørdag 26.juni

Helga 26-27 juni er det Sankefestivalen i Hjelmeland ! Det meste av festivalprogrammet skjer i Hjelmelandsvågen. Men laurdag 26.juni er det òg eige program på Skiftun …… … dette for å spre aktivitetane og for å vise fram ei av Hjelmelands frodige bygder, med fokus på lokale produkt og næringsgrunnlag. Besøk til Buhagen sitt gardsutsal Krambuå hos Jostein og Berit Hjorteland …

Lesarbrev fra 1971, om vegen fra Vindsvik til Nesvik

24. mai 1971 stod dette lesarbrevet på trykk. Det er forfatta av Daniel Foss og Johan Langvik, og dei skriv om den planlagte vegen fra Vindsvik til Nesvik, og ferja som skulle komme.Me har fått tilsendt lesarbrevet fra Odd Magne Åsland, som lurte på om det kunne vere interessant å publisere på nettsida vår. Det …

Fin St.Hansfeiring i Skiftunstranda

Onsdag 23. juni blei det ei fin feiring av St. Hans i Skiftunstranda. Mange, både store og små, hadde funne vegen til stranda denne kvelden.  Det blåste ein del men sola var ute, og det var varme både på grillen og fra bålet. Det var ca 40 som møtte opp, og det blei tid til både …

Jøsnesposten Juni 2021

I desse dagar kjem det ny Jøsnesposten i postkassane rundt forbi i bygda. Dersom du foretrekker å lese den digitalt kan du gjere det her.