Møtet med Mowi som skulle vere i kveld, torsdag 25. november, er dessverre utsatt.Det vil bli satt opp eit nytt møte etter nyttår. Me vil komme tilbake med meir informasjon når me har fastsatt ny dato.
Mandag 6. desember kl 18.30 blir det førjulskveld på Bedehuset. Meir informasjon om program kjem seinare, men set av datoen allerede nå! Helsing Bedehusstyret
Nå er det snart på tide å tørke støv av adventslysa og juleluer. Søndag 28. november er det første søndag i advent, og da blir det tenning av julegrana. Me møtes ved brannstasjonen kl 18, og etter at julegrana er tent går me opp til Grendahuset der det blir servert graut. Alle er velkomne!
Siste strikkekveld før jul blir onsdag 24.november kl 19.00 – 21.00 i Trivselstova. Velkommen med eller utan strikketøy !
Velkommen til julekakebake-kveld TIRSDAG 7.DES kl 18.80 på ny-kjøkkenet på Grendahuset. Opplegget blir i år som i før (ja, for det var jo tradisjon): Ta med deg…. ….. tomme kakeboksar og ein stor kakedeig av din ønska kakesort – og kom heim med x antall sortar – alt etter kor mange som møter opp. Raskt – …
Mowi inviterer alle i bygda til informasjons- og dialogmøte torsdag 25. november kl 18-19.30. Møtet blir på Grendahuset. Program for kvelden blir: – Mowis næringsaktiviteter i Hjelmeland v/ Produksjonssjef Bernhard Østebøvik – Mowi presenterer aktuelle driftsoppgaver og operasjoner som kan forekomme utenfor ordinær arbeidstid og forklarer hvorfor, samt hvilke tiltak som gjøres for å etterfølge vilkår …
Mowi inviterer alle i bygda til eit informasjons- og dialogmøte torsdag 25. november kl. 18-19.30. Møtet blir på Grendahuset. Program – Mowis næringsaktiviteter i Hjelmeland, v/ produksjonssjef Bernhard Østebøvik – Mowi presenterer akutelle driftsoppgaver og operasjoner som kan forekomme utenfor ordinær arbeidstid og forklare hvorfor, samt hvilke tiltak som gjøres for å etterfølge vilkår i tillatelsen, …
Det var mange saker på saklista då bygdarådet hadde møte tidligare i november. Du kan lese referatet her. Ta gjerne kontakt dersom du har kommentarar til kaiområdet på Nesvik, Jøsnesposten eller andre ting!
Er du ei leseløve ? Eller har lyst å lese eller lytte til meir bøker og diskutere de med andre ? Då er du velkommen i Jøsneset Boksirkel, som er …. ….eit lite knippe Jøsnesdamer som møtes i Bokrommet på Grendahuset kvar første onsdagskveld i månaden. Her diskuterer me bøker me har lest. Ja, kvifor …
Lokalavisa STRANDBUEN har eit koseleg intervju med platedebutant Sebastian Altamirano frå Nesvik. Ja, me har jo hørt Sebastian sitt flotte gitarspel frå scena på Jøsneset skule, og i åra som har gått har han fortsatt med musikk ! Strandbuen-artikkelen er for abonnentar; så er du ikkje abonnent kan du lese artikkelen i papirutgåva som kjem denne …
https://www.youtube.com/watch?v=7cH-x6FkDCQ Her har de siste nytt om kva som rører på seg i Hjelmeland for tida: Ryfylkealliansen si RyfylkePuls-sending er denne gongen frå Hjelmeland. Undervegs i sendinga kjem òg eit triveleg innslag frå Jøsneset, nærare bestemt frå Mikals Laks.
Jøsnesjenta Tania Yu Auglend gjer det stort igjen ! Saman med klubbkamerat Kristian Gjersvold tok ho GULL I NM i klassisk sparring Teakwondo under meisterskapet i Trondheim 5-7 november. Me er imponert over Tania sine prestasjonar på matta! Hjartelege gratulasjonar frå oss på Jøsneset !! Fotograf: Jostein Værnes Tania og Kristian med gullet rundt halsen …
Hei alle dykk som er interesserte i lokale stadnamn ! Det blei jo for nokre år sidan samla inn hundrevis av lokale stadnamn på Jøsneset, og desse blei plotta inn i digitale kart. Nå har me lyst å gå eit skritt vidare, og ønskjer å få namna ut i eit nettbasert kart som heiter LOKALNAMN.NO. Dette er …
Vinterbade-herdinga har pågått kvar helg sidan august – og det spissar seg litt til mot vinter nå. Det blir kaldare for kvar helg. Så nå må det feirast litt !! Laurdag 6. november kl 16.00 blir det igjen helgebad i Kogekjellå på Foss. Me ønskjer «gamle» og nye vinterbaderar velkomne – med eller utan badehette eller …
Den felles torsdagstrimmen har hatt pause sidan mars 2020, men nå er me klar for trim igjen ! KVAR TORSDAG kl 19.30 GYMSALEN – start torsdag 4. november: Det blir felles trening kondisjon, styrke og gode strekkøvingar. Silje Sværen er tilbake som instruktør som før. PS: bildet er tatt frå opninga av trimrommet 15.februar 2020…..like …
Jøsneset Helselag var representert på Frivilligtorget på Hjelmeland søndag. Det var Berit som stilde på stand for vårt lokallag; og hadde med masse informasjon om Nasjonalforeningen for folkehelsen, lokale infoskriv og turstikart for Jøsneset. Silje Sværen frå Jøsneset opna Frivilligtorget – Det var god deltaking og mange frivillige lag i kommunen og regionen som viste seg …
Tirsdag 26. oktober klokka 11 blir det offisiell åpning av dei nye ferjekaiane på Nesvik og Hjelmeland. Åpninga skjer på Nesvik ferjekai, og etterpå blir det lunsj for inviterte gjester på Smaken av Ryfylke. Seansen varer fra 11.00 til 11.20, og alle som ønsker er velkomne til å komme. Du kan lese meir her.
Det blir ny strikkekveld igjen i Trivselstova onsdag 27. oktober kl 19.00 – ca 21.00 Alle velkomne, med eller utan strikketøy
Fredag kveld blei Jøsneset Grendahus offisiselt opna av ordførar Bjørn Laugaland. I 2020 overtok Jøsneset bygaråd driftsansvaret for dette kommunale bygget. Ein god del oppussing og oppgradering var naudsynt, og ønskjet var å gjere om dette eldre skulebygget til meir brukarvennlege lokaler. Kommunen har bidratt med midler, det er gitt tilskot frå fond, bygda har …
Det pågår denne veka arbeid på oppdrettsanlegget på Fosså (CAC Fosså). Her kjem eit informasjonsbrev fra driftsledaren der han forklarer kva arbeidet går ut på. Brevet kan du lese her.