På Jøsneset Grendahus er det eit ope treningstilbod for alle som ønskjer å trene på eigenhand. Det er nå på tide å fornye medlemskapet for 2022 – dørkoden blir bytta ila februar Ved å betale årsavgift får du tilgang til gymsalen og treningsrommet. På treningsrommet er det tredemølle, romaskin, benkpresse, ellipsemaskin, treningssykkel, vekter, matter o.l. …
Her finn du MEIR INFO OM TUREN
Mowi inviterer til informasjonsmøte torsdag 3. februar fra kl 18 – 19.30 i Grendahuset. Mowi skriv i inkallinga: Hensikten med møte er å gi informasjon om vår aktivitet på Fosså anlegget og få tilbakemelding fra naboer, kommune og Statsforvalteren rundt ytre miljø konsekvenser som oppleves som plagsomme for bygda. Målet er å bedre rutiner for …
Årsmøtet blir avhalde i tråd med gjeldande koronareglement m.o.t avstandskrav, antall og registrering. Møt ikkje opp om du har luftvegsymptomer.
Det er mykje aktivitet i Bygdarådet for tida. Her er referat fra gårsdagens møte. Merk at dato for årsmøtet er satt til 10. mars. Du les referatet her.
Det er nytt år og nye saker for bygdarådet å bryne seg på. Onsdag denne veka var det bygdarådsmøte, der det blant anna blei gjennomgang av vedtektene. Du kan lese referatet fra møtet her.
Driftsleder ved oppdrettsanlegget på Fosså har gitt melding om at det blir behandling av fisken denne veka, fra tirsdag til torsdag. Arbeidet vil vere ferdig mellom kl 17 og 21 desse dagane.
Alle 2021- turbøkene på dei 10 turpostane på Jøsneset er nå bytta ut. 1. nyttårsdag var ein stille, grå og våt dag, men frivillige var rundtomkring og henta inn bøker. GODT NYTTÅR frå Nesdalsfjell, som i 2021 gjekk av med seieren som bygdas mest besøkte turpost, med 1 690 noterte navn ila 2021 !! Det er …
Ein bussjåfør, ein bussjåfør, det er jo som kjent ein mann med godt humør. Og det stemmer til dei grader for det vesle busselskapet med usedvanlig stort antall bussar, nemlig Sven Westersjø sitt busselskap, som har frakta elevane fra Jøsneset (og Ombo) trygt fram til skulen på Hjelmeland. I dag var det siste skuledag for …
Denne veka kom det ny utgave av Jøsnesposten. Dersom du ikkje har fått den i postkassa, kan du lese den HER. Det kan vere verdt å merke seg at Førjulskvelden på Mikals Laks, som skulle vere i kveld, dessverre er avlyst.
Ellen Mari Fosså i Hjelmeland Sparebank hadde ei overrasking på lur til leiar i Jøsneset Bygdaråd, Hanne Tjeltveit under julekake-arrangementet tysdag. Ellen Mari overrakte den store «sjekken» frå Hjelmeland Sparebank på kr 10 000,- frå deira gåvefond til bruk på leikeapparat på uteområdet ved Jøsneset Grendahus ! Hanne takka for gåva. Ho opplyste samstundes at …
Den annonserte førjuskvelden på Mikal Laks fredag 10. desember er desverre avlyst ! MEN : dei tek i mot bestillingar på alle produkter både frå Mikal Laks, Buhagen og Dales Juletre.Sjå «meny» på Mikal Laks si facebookside.
Det var andre boller å bake kaker på ny-kjøkkenet på Grendahuset enn i det gamle me hadde før ! Det nye kjøkkenet er romsleg, nytt og flott. Og begge dei nye ovnane (+ Trivselstoveovnen) blei tatt i bruk, då brett etter brett etter brett var klar for steiking på tysdag kveld. Ein liten julekake-glad gjeng …
Mikals Laks inviterar til førjulskveld. Det blir servering av gløgg, pepperkaker og smaksprøver på laks. Det blir salg av Mikal Laks-produkter, Dale juletre og Buhagen produkt: eplemost, pinnekjøtt og fenalår av villsau og villsau skinnHer er PLAKATEN
Felles trening i gymsalen blir denne veka flytta frå torsdag til i dag, tysdag, klokka 19:30
Som tidligare annonsert blir det førjulskveld på Bedehuset, mandag 6. desember klokka 18.30. Her kan du lese programmet for kvelden!
Mellom 20 og 30 personar, både heilt unge og godt vaksne, møtte opp ved brannstasjonen i kveld for å vere med på tenninga av årets julegran. Etter at lysa blei tende, var det først gang rundt juletreet før det bar opp bakken til Grendahuset. Her blei det servert graut, med både gløgg, kaffi …
Dirftsledaren ved oppdrettsanlegget på Fosså har sendt beskjed om at det blir behandling av fisken på Fosså neste veke (veke 48). Han skriv: Vi planlegger arbeid tirsdag 30/11 til torsdag 2/12. Arbeidet vil avsluttes så snart som mulig, hver ettermiddag. Anslår ferdig en gang mellom kl 17 og 21. Der er mange variabler som …
….men neste torsdagskveld er det på igjen !