Bli glad av flott solkunst! Er du lei av den sure, våte og mørke vinteren? Lengtar etter sol? Ta då ein kikk innom den lille nettbaserte "kunstutstillingen" på Jøsneset skule si heimeside her.Der finn du masse fine, fargerike soler, utarbeida av elevar i 3-4 klasse. Dei har henta inspirasjon både frå sola og frå sjølvaste Edvard Munch – …
Minnar om strikkekvelden i februar som vert torsdag den 28.02.08 kl. 20.00 i Trivselståvå. I kveld kjem Grete Haugen Sandvik som er bibliotekar på Hjelmeland bibliotek. Ho tek med seg nokre bøker ho vil presentere for oss. I tillegg vil ho informere om alle tenestane som biblioteket har. Det vert mogleg å låne bøker dersom …
Hjelmeland kommunestyre har vedteke at skulestrukturen i heile kommunen igjen skal granskast. Dette kom opp som ein del av kommunebudsjettet før jul. For Jøsneset sin del betyr det at det igjen skal utarbeidast ei utgreiing om skulane på nordsida av Jøsenfjorden, for å sjå om det er moglegheit for samarbeidsformer med tanke på innsparing. Frist …
LAURD 01.03 KL 17.00 TRIVSELSTOVA.(tidspunktet er satt for at vekependlande ungdom òg kan få sjanse til å møte – men alle aldersgrupper er sjølsagt velkomne) SAKLISTE: 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Val av møteleiar og referent 3. Årsmelding og Rekneskap for 2007 (blir lagt fram på møtet) 4. Årsplan 2008: me har eit …
Basar og årsmøte i Jøsneset Helselag Jøsneset helselag held årsmøte med basar torsdag 06.03.08 kl. 19.00 på skulen. Gåver til basaren mottas med takk! Innslag av Bjarte Sørensen (ny lege i Hjelmeland) Matøkt Innkalling med saksliste og årsmelding vert sendt ut til medlemmane 2 veker før. Arr. Jøsneset helselag Kontaktperson Jorunn Foss mob: 99638803
Trudde du at Jøsneskalvane lider av skrivetørke og scene-angst?? Då må du tru om att! Gjengen frå i fjor har til og med vakse, og er blitt meir ”mannsterke”, og er nå i full sving med førebuing til viltre sprell i gymsalen Påskeafta. Tradisjonen er eit faktum. Det blir sang og sketsjar av store og …
Nå har Helselaget samla inn alle turbøkene frå postane rundt omkring. Det blir premie-trekning frå desse bøkene på Helselaget sitt årsmøte torsd 06 mars 08. Nye bøker er lagt ut på alle postane – så nå er det berre å setja i gong ny tursesong. For å inspirere borna til turgåing, er det lagt ut …
OBS: datoane blir ikkje heilt anna kvar veke i vår, for vi har tilpassa det til barneklubben. Vi har og delt opp igjen gruppene slik dei var i fjor vår, slik at det ikkje skal bli for stort aldersprang. TYSDAG 08 JANUAR Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend 1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend …
Laurd 01.mars 16.00. Årsmøte Ungdomslaget, Trivselstova Me har stadig som mål å få fleire til å kome på årsmøtet enn dei som var i fjor. Så set av dagen allereie nå. Meir info kjem. Ungdomslaget.
Eg har blitt spurt av J.U.L om å ha ansvar for trim/trening for vaksne (frå ung.skulealder) utover våren. Det kan eg godt ha dersom det møter opp litt folk. Ser føre meg at me møtes i gymsalen klokka 20.00 dei tysdagane ungane har trim (sjå datoar nedst på arket). Kor lenge me held på får …
KLAR, FERDIG….. TRIM FOR VAKSNE OG KLUBB FOR SMÅ Ungdomslaget har nå starta på vårsesongen med barneklubb i Trivselstova. Det blir to aldersgrupper og ulike aktivitetar ca annakvar onsdag. Programmet for våren 08 finn de under Kalender. —– Elles har Ola Skiftun sagt seg villig til å ha trim for vaksne. Dette er eit kjempegodt …
OBS: datoane blir ikkje heilt anna kvar veke i vår, for vi har tilpassa det til barneklubben. Vi har og delt opp igjen gruppene slik dei var i fjor vår, slik at det ikkje skal bli for stort aldersprang. TYSDAG 08 JANUAR Under skulealder: kl. 17.30-18.15. Ansvar: Anne Auglend 1-4. klasse: 18.15-19.00. Ansvar: Anne Auglend …
Helselaget har fått henta inn turbøkene frå dei høgaste toppane – før snøen kjem. På den høgaste nuten, Gunlanuten, har det i 2007 vore 112 stk som har notert namnet sitt i boka. På Røssenibbå har det berre vore 13 stk, dei fleste av desse var i høve merking og oppsetting av skilt og hente …
Du fekk vel med deg ”Kalvaspretten” i fjor påske? Ja, dei uhøgtidelege Jøsnes”kalvane” som spratt rundt om på scenen i viltre vårsprell ? Når de har hatt mot å entra scenen ein gong, kan ein kanskje klara det igjen ?!? Og vips, så har me det me kallar ein tradisjon. Men då trengs det frivillige …
Sjølve nyttårsfeiringa på Jøsneset gjekk roleg for seg i stilt og fint vintervær. Men fredag 4 og laurd 5 januar braut uværet laus for fullt over bygda – slik som over resten av distriktet. Kraftig vind i nesten eit døgn gjorde store skader fleire stader i bygda. Aller størst materielle skader blei det på Foss, …
Lefsebaksten i Trivselstova med Marta og Olga er unnagjort ! Det blei ein koseleg og nyttig kveld med denne tradisjonelle bakekunsten. Damegjengen jobba på i ett, og resultatet blei masse lekre smakebitar, og gode, mjuke lefser er nå spredt rundt i diverse heimar i bygda. Kunne du tenke deg oppskriftene? Send ein e-post til ungdomslaget@josneset.no. …
For første gong har bygda Jøsneset fått sin eigen nettstad. Gratulerar! Sida er eit samarbeidsprosjekt mellom frivillige lag i bygda. Sida er blitt bygd opp med hjelp av Norsk Plan, www.norsk-plan.no – eit lite konsulentfirma som held til på Ropeidhalvøya. Men sida skal driftas av oss lokalt. Av praktiske årsaker blir ikkje nettsida oppdatert før …
Under budsjettbehandlinga 12.12.07, sa kommunestyret JA til scene i gymsalen på Jøsneset ! Dermed har fleirtalet av politikarane halde det dei lovte på valkamp-møtet i september. Som kjent har Ungdomslaget garantert for inntil 1/3 av kostnadene, avgrensa oppad til 250 000,- dersom kommunen òg bidreg med 1/3. Dette gjekk altså inn i kommunebudsjettet. Eit av …
Det er Helselaget som er tillagt ansvaret for vedlikehald av turstiane i bygda. Styret kan ikkje gå opp desse turane jamleg sjølv, så difor har me ”adoptert” bort stiane. Dersom flittige turgjengarar har lyst til å "adoptere" ein tursti er det kjempeflott ! Ta då kontakt med leiar for Helselaget tlf 996 38 803. Dette …
Eldre tidJøsneset si historie kan førast fleire tusen år tilbake i tid. Det er gjort steinalderfunn i Nesvik, på Fosså og i Knutsvik, som mange andre stader langs fjordstrendene i Hjelmeland. Dei første steinaldermenneska var nomadar, men gradvis gjekk det over til fast gardsbusetnad. Vi reknar med at budde folk på fem matrikkelgardar på Jøsneset …