Siste nytt

22.mai – møte om Jøsnes-stand til Frukt-og laks.

Jøsnes-bygda er påmeldt med eigen stand på Frukt-og Laksefestivalen i september. Har du lyst å bli med på stand? Har du idear og tips – eller kanskje eit Jøsnesprodukt du har lyst å selje? Då håpar me du vil kome på fellesmøte torsdag 22 mai kl 19.30 i Trivselstova ! Der diskuterer me organisering, utforming og …

13.05.08.JØSNESPOSTEN i salg nå !

Like sikkert vårteikn som sauablomen, er etterkvart den populære skuleavisa JØSNESPOSTEN blitt. Avisa kjem i år ut for 27. gong, og er dermed blitt eit fast og koseleg innslag på Jøsneset i mai. Dei 10 elevane i storskulen har jobba ivrig i fleire veker, og nå er resultatet klar for salg. Avisa blir trykt i ca 100 eks …

17. mai JØSNESET 2008

Feiringa startar allereie kvelden før den 16.mai kl 18.00 med Skarpskyting- konkurranse på den gamle skytebanen . Gamle og nye skytterar er velkomne. PROGRAM FOR 17.MAI-DAGEN 11.00 Tog frå Skiftunkaia til Jøsneset skule 11.30 Tale for dagen ved Svanhild Nessa,            kultur-og næringsjef i Strand kommune 12.00 Matøkt med sal av lapskaus, pølser m.m. 13.00 …

07.05.2008 Rapport frå Hjertemarsj

I nydelig vårvær ble hjertemarsjen arrangert for andre gang tysdag 6.mai. 47 spreke unger og vaksne gjekk marsjen, desse fekk pins etterpå, og var med i trekning av premiar.  Det smakar godt med vatn og frukt etter ein runde rundt "nullen".     Nokre damer frå eldretreffen sørga for himabakst til kaféen etterpå. Det smaka …

10.05.08 JØSNESPOSTEN i salg etter pinsen

Den populære skuleavisa skulle etter planen vore ferdig til pinse – men innan avisbransjen er det ikkje alltid det går etter planen. Men fortvil ikkje – avisa skal vere i salg frå tirsdag etter pinse. Elevane i storskulen har jobba iherdig i fleire veker. Dei har farta rundt med penn og fotoapparat på ulike journalistoppdrag og vore i …

Pause i volleyballtreninga

Det blir nå "sommarferie" for volleyball-treninga.Ein liten gjeng har trena relativt jamnt utover vinteren og våren, men nå er kveldane så lyse og fine at me avsluttar treninga for sesongen. I april blei det avvikla ein veldig kjekk volleyballkveld saman med lag frå Ombo og Randøy. Sjølv om kampane var relativt jamne, så er det …

Ryddedag 06.05.2008

Nå er det snart tid for årets ryddedag. Møt opp på skuleplassen Tirsdag 6. mai klokka 17.30. Der delar me oss i grupper og tar bygda for oss.   Etterpå blir det tid for pølser, brus og ein kopp kaffi. Alle er velkomne! BLI MED OG GJER BYGDA VÅR FIN TIL 17.MAI!    Arr. Bygdarådet  

03.05.2008 JA til Jøsnes-stand på Frukt og Laks!

Jøsnesbygda er nå påmeldt med eigen stand tilFrukt-og Laksefestival i Hjelmelandsvågen laurd 6 sept ?? Her kan me få marknadsført bygda på ein kjekk måte og lokale produsentar får seld sine produkt. Og det er allereie ein del som har vist si interesse – så dette kan bli bra ! Me kallar inn alle interesserte til FELLES …

«Eldretreffen» på tur til Strand 13 mai

"Eldretreffen" har hatt koselege samlingar med middag, kaffe og drøs i Trivselstova kvar 14 dag heile vinteren. Nå er det pause for sommaren, og dette markerer dei med ein felles tur i lag. Turen er organisert i privatbilar og går først til "Ryfylkebyen" Jørpeland. Her blir det sett av tid til handling, ein tur på …

27.04.08. Jøsnes-T-skjorter til salgs!

Me har fått etterspurnad etter fleire Jøsnes-t-skjorter (av same typen som blei delt ut/solgt på Påskefesten). Difor har me nå fått inn eit parti til,  som er KLAR FOR SALG PÅ NAUSTE PÅ NESVIK ! Så hiv deg på ei Jøsnes-skjorta: eit sprekt og anvendeleg plagg som passar både til heiaturen, tur på Nesvik-stranda, Syden-turen eller …

26.04.08.Sesongavslutning for Barneklubben

Onsdag 23 april var siste gongen med Barneklubb for denne sesongen.  Annakvar onsdag har Ungdomslaget i vinter hatt "Klubb" for alle barna i bygda. Her har me drive på med allslags frå bollebaking og toving, til fuglekassesnekring og filmframvisning.  Eigentleg skulle sesongen avlsuttast med å henge opp fuglekassane i skogen. Men ettersom alle fekk med seg kassane …

Hjertemarsj 06.05.08

I høve Nasjonalforeninga sin Hjertedag blir det lokal markering her på Jøsneset. Tirsdag 6.mai klokka 12.00 arrangerer Helselaget i samarbeid med eldretreffen, skulen og barnehagen hjertemarsj. Turen startar på skulen og går rundt Nullen. Barna får med seg kvar sin hjerteballong som i fjor. Alle som deltar vil få frukt når dei kjem tilbake og får utdelt …

Inge Lønning til Aksdal 05.05 kl. 12.00!

Nasjonalforeningen og helselaget i Aksdal har fått Inge Lønning til å kome å snakke om "Eldre som ressurs". Dette har han tidlegare hatt føredrag om i Stavanger. Det fekk mykje skrøyt. Sjå heile innbydinga her. Dersom fleire vil dra på dette, kan vi kanskje få til å organisere skyss. Ta i tilfelle kontakt med Jorunn …

Fellestur til Fosstemmen 01.06.08

Helselaget arrangerer fellestur til Fosstemmen søndag 01.06.08. Vi startar kl. 10.00 frå Foss. Vi går den gamle stien , og det er natursti på vegen opp. På Gapahuken et vi matpakka vår. Vi tenner opp bål dersom  nokon vil ha med pølser å grille. Dersom nokon treng taktorskyss opp, kan dette ordnast. Det kjem nærare …

Søn 20.04 Fellestur til Ramsfjell

Bli med på ein flott tur til ein spanande plass: Ramsfjell i Jøsenfjorden søndag 20. april 2008,  oppmøte ved Sildafjelltunnelen ca 10.45 Flott natur-og kulturhistorisk tur til fjellgardar i dei bratte liene over Jøsenfjorden. Ferje frå Hjelmeland kl 9.45 (via Ombo). Ca 20 min kjøring frå Nesvik. Me parkerer ved Sildafjellstunnelen (første tunnel på veg …

15.04.08 Landskap i endring

Nå er den store granskogen rundt Fosså-krossen i ferd med å forsvinne, og landskapet opnar seg opp.  Det var den store stormen i januar som førte til at store delar av granskogen her blei øydelagd, og store tre låg hulter til bulter som eit "pinnaspel". Men nå er oppryddingsjobben i full sving. Store skogsmaskinar frå skogsentreprenørane …

10.04.08. Gode tider for Jøsnesfuglane

Songteksten "Det e kje greitt å vera foggel i dag", blir i desse dagar gjort til skamme på Jøsneset. For nå skal det bli riktig så greitt å vere fugl i tida framover! Onsdag i denne veka var det nemlig hektisk byggeaktivitet blandt barna i bygda –  for det var fuglekassebygging som stod på Ungdomslaget sitt …

09.04.08 Frå steinalderliv til ordførarbesøk

Onsdag 09.04 hadde elevane på Jøsneset skule ein både travel, interessant og variert skuledag. Først på dagen fekk dei besøk av to flinke fagfolk innan arkeologi og geologi: i dag skulle elevane lære om korleis menneska hadde det i steinalderen. Det heile gjekk føre seg ute i skogen bak skulen. Her fekk elevane ein kjekk …

10.04.2008 Gåstavar funne

Sist søndag den 06.04.2008 vart det funne to gåstavar på Åsland, der det sto parkert nokre bilar. Dersom nokon saknar dei kan dei hentast ved turskiltet på Åsland.

Volleyballturnering på Jøsneset 16 april

Onsdag 16 april kl 19.00 brakar det laus med "Ombofjorden volleyballturnering" i gymsalen på Jøsneset. Då stiller lag både frå Jøsneset, Randøy og Ombo til kamp i ei lita og sosial mini-turnering.  Me oppmodar folk å møte opp som publikum, både for å heie fram jøsnes-kalvane, og gjerne for å bli betre kjendt med naboar frå andre …