Mand 17 nov hadde me ein kjekk og sosial bakekveld i Trivselstova med tradisjonsbakst på menyen. Marta Eiane og Olga Hjorteland, som tilsaman har godt over 100 (!) års erfaring over bakstefjøla, svinga opp med gode, tradisjonelle bakeoppskrifter: potetkake, syrekake og hoppekake (òg kalla saupskolt, gongkake el natronkake). Mmmmm, ja kanskje du kjenner eimen av …
Det er fulltegna i bussen til "Vestlandsrevyen" på Sand laurd 15.11.08. Kjøreruta frå Jøsneset blir som følger: – Åsland ca 17.30– Skiftun ca 17.35– Fosså ca 17.40– Nesvik ca 17.45. Revyen startar kl 19.00 i Kulturhuset på Sand.Pris inkl revy, middag, dessert/kaffe, DJ-dans og transport t/r kr 750,-Betales i bussen på veg inn. Det er …
Boka tas ned i helga Viss du framleis ikkje har fått med deg Røssenibbå i topptur- konkurransen, er det berre no i helga igjen. Pga fare for snø vil den boka bli henta ned søndag. Hugs og å få med deg resten av bøkene innan 01 desember! Så må de berre levere inn …
Ungdomslaget har også dette året fått Marta og Olga til å stille opp for å lære sambygdingar bakekunsten. Ta med kjevle og forkle og møt opp i trivselståvå 17 november kl. 19.00. Sjå "leppen" her.
Pga bygdekvelden den 12.11 blir barnetrimmen flytta til onsdag 19.11.08. Altså går barnetrimmen som skulle vore den 12.11 ut og det blir i staden trim veka etter, på onsdag 19.11.08 same klokkeslett.
Nei, det er ikkje aprilsnarr !!! Og heller ikkje ei grov jaktskrøne !! Det er faktisk tilfellet: 6 hjortar blei felt på eit kvarters tid i heia på Jøsneset i dag. Det var 4 stk frå jaktlaget frå Skiftun-gardane som møtte på ein stor hjorteflokk då dei kom opp til Krokastemmen i dag formiddag. Flokken …
I staden for damekveld torsdag 27.11.08, vert det tur med helselaget til nord Hidle for å lage adventspynt fredag den 28.11.08, oppmøte på Nesvik kl. 17.00 Pakken vi har fått til kostar kr. 400,- pr person. Mat og retur på kvelden med Helgøyen er då inkludert i prisen. Vi reiser med hurtigbåten frå Nesvik. Vi tek båten til Judaberg …
Helselaget har tidlegare prøvd å få til ein tur i november, det vart ikkje til julebyen i Eigersund som de sikkert såg. Derimot har vi fått til noko som kan være vel så kjekt! Nemleg ein tur til nord-Hidle på Juleverkstad i Eldhuset. Sjå på nettsida deira www.nordahidle.no Denne turen vert då i staden for damekvelden som …
Som vanleg var det damekveld siste torsdag denne månaden, den 30.10.08. Det uvanlege denne gong var at vi fekk komme til Mikal's laks og Astrid Viga gav oss ei omvisning i fabrikken. Vi måtte jo kle oss etter forskriftene før vi skulle inn i fabrikklokalene, vi syns vi såg rett og slett lekre ut Dette var …
Torsdag 30 oktober arrangerer Helselaget Damekveld på Mikal Laks på Jøsneset, og då blir det omvisning med Astrid Fossa Viga. Du kan førebu deg på besøket ved å lese meir om røykelaks-verksemda på deira eiga nettside www.kingmikal.no. Her finn du oversikt over produkta, prisane, bestillingsskjema og ikkje minst – masse spennande lakse-oppskrifter !!Dei tilbyr òg …
Nasjonalforeninga arrangerer festforestilling på Chat Noir 10.11.08 kl. 19.00. Ingrid Bjørnov og Dennis Storhøi er programledere. Ellers er det mange kjente artister med. Dette er for å setje fokus på demenssaka. Det er ikkje så mange som klarer å få til å reise heilt frå Jøsneset til Oslo på konsert, men då er det greit …
Me minner om volleyballtreninga annakvar tirsdags-kveld, gymsalen på Jøsneset skule. Det er relativt bra frammøte; mellom anna er ungdomsskuleguttane flinke og ivrige. Men me kunne gjerne hatt fleire spelerar med, og damer er det iallefall manko på !! Så kom an folkens, og still opp på følgande tirsdagar 28.10, 11.11, 25.11 og 09.12.Tidsrom 19.30 – …
Sønd 02.11 har Ungdomslaget reservert banar i bowlinghallen på Sand, så då blir det et slags "Jøsnes-mesterskap i bowling". Aldersgruppe: frå storskulealder og oppover – kjekkt viss både barn/ungdom og vaksne har lyst å bli med !!Tidsrom: kl 17.00 – 19.00. Avreise frå Jøsneset i 16 tida. Me organiserer transport. Pris +/- kr 100,- , men …
Har du lyst å komme deg ut av stova ein kveld – i lag med kjekke sambygdingar?? Ungdomslaget har reservert revybilettar og middagsbord + dans på Sand til lørdagskvelden den 15. november. Høyres det fristande ut??Ta med ektefellen, kjærasten, naboen eller den du måtte ønske, og bli med !! Me har altså reservert eit visst …
Den lokale verksemda BUHAGEN har nå salgsklare produkt: villsau og eplesaft. Og tenk på jul: legg inn bestillinga på julematprodukta nå !! Ferske villsauprodukt kan leverast frå veke 42. Pinnakjøt, fenalår og lammerull kan leverast frå slutten av november. VILLSAU:Pinnakjøt 209 kr/kgFenalår 245 kr/kgFårikålkjøt 99/kgBeinfri, surra lårsteik 220/kgHeilt lår 130/kgLammerull 299/kg Villsauskinn 675 kr/stk EPLESAFT:Flaske, …
Me observerer nå at nabobygda vår i aust, Jøsenfjorden, nå er på nett !! Her finn de informasjon om Jøsenfjordbygda, om lag/foreningar, aktivitetar med meir. Me gratulerar Jøsenfjorden med fin side, og me har nå lagt ut lenke til nettstaden på vår undermeny LENKJER. Eller gå rett til deira bygdeside her .
Søndag 19 oktober går årets TV-aksjon av stabelen. I år går inntekta til BLÅ KORS sitt hjelpearbeid for barn og unge som lider under dei vaksne sitt rusmisbruk. Her på Jøsneset er det Bygdarådet som står for innsamlinga.Berit S Hjorteland, Silje Sværen, Terje Bremnes og Sven Westersjø vil farte rundt med bøssene frå kl 15.00 …
Jøsneset skule og Jøsneset Barnehage inviterer til kafè og basar på Jøsneset skule ONSDAG 22.OKT kl 12.30 – 14.00. Det blir opptrinn frå skuleelevane og barehagebarna. Overskotet går til to fjernadoptivbarn som dei har i Equador. Elles vil barnehagen selje ein del varer som er produsert i land i sør, og desse blir selde til …
Cesilie på MIXn Nauste på Nesvik melder at åpningstidene nå framover er 11.00-19.00 – alle dagar. Velkommen innomom !
Ein god frukthaust går mot slutten på Jøsneset, og skuleborna er blitt inspirert av all frukta rundt dei. Etter besøk i frukthagen hos Jostein Hjorteland gjekk dei sporenstreks tilbake til skulen, og laga ei flott lita utstilling av "fruktbroderier". Ta ein tur innom Jøsneset skule si heimeside og sjå ulike kunstverk laga av nål og …