Siste nytt

19.01 Ny Ryfylke-nettstad

Heile Ryfylke er nå samla til "eitt rike" – iallfall på nett!  Nettstaden  www.ryfylke.no  blei nyleg lansert. Dette er eit ledd i merkevare-Ryfylke-prosjektet, som mellom anna Ryfylke IKS og Ryfylke Livsgnist står bak.  Hesbynett står bak utvikling og design, og Norsk Plan for innhald. Her får me vite smått og stort om Ryfylke; om historie, om næringsliv, …

29.01 Møt eventyraren Audun Hetland

TURKVELD MED AUDUN HETLAND OG HJELMELAND TURLAGSPINNERIET 29.01 kl 19.30. Denne kvelden blir det fantastisk natur og store naturopplevingar som står i fokus – både frå fjernt og nært.  Audun Hetland er frå Fister, og er blitt "kjendis" gjennom fleire TV-program både av eventyrlege seilas jorda rundt og klatreekspedisjonar. Denne kvelden "tek han oss med" på …

SKIKARUSELL 2009

"Vinterens kjekkaste eventyr" byrjar snart: SKIKARUSELLEN v/ Gullingenhuset, Suldal. Skikarusellen i lysløypa ved Gullinghuset, Suldal, er ein svært populær "happening" på vinterhalvåret. Då strøymer folk til i lange rekker frå store og små grender både i Vindafjord, Suldal og Hjelmeland kommune. Skikarusellen blir faktisk omtalt som Rogalands største skirenn! Det er spesielt barn som er flinke …

08.01 Uttalar til nye ferjeruter

Før jul sendte Statens Vegvesen og Tide ut eit forslag til nye ferjeruter for Hjelmeland-Nesvik-Ombo sambandet. Forslaget kan du sjå her. Forslaget har nå vore på høyring her lokalt, og ettersom ferja er ein viktig del av kvardagen til bygdene her, har det kome ein del merknader. Nedanfor kan du lese uttalane ved å klikke deg inn på …

16.01. Styremøte i Jøsneset Ungdomslag

Fredag 16 januar skal Ungdomslaget ha styremøte. Då blir det mellom anna planlegging av årsmøte, som nok blir litt halde i februar ein gong.Oppmøtet på årsmøtet til Ungdomslaget har dei seinare åra vore relativt laber. Dette skuldast kanskje delvis at vårt årsmøte blir avhalde ein helgedag – dette spesielt fordi vekependlane ungdom skal ha høvet til å …

04.01. Grunnarbeid til scene i full sving

Allereie veka før jul starta Natland Graveservice opp med grunnarbeid til den nye scenen ved Jøsneset skule – og arbeidet fortset for fullt nå etter nyttår.   Ein god del fjellmasse skal sprengjast vekk og kjørast ut av området. Siste frist for ferdigstilling av grunnarbeidet er 01. februar. Då skal Hjelmeland Bygg stå klare med …

31.12 GODT NYTTÅR !!

2008 starta temmeleg dramatisk; med harde stormkast over bygda tidleg i januar, som medførte store øydeleggingar. Men heldigvis blei det betre:…..ja, tenk for ein for-sommar!! Og for ein sommar vidare!!  Og frukt-og jakthausten blei jo bra ….og romjul-solå strålte dag etter dag………så om det starta tøfft, så enda det godt og fredeleg !Me ønskjer alle www.josneset.no-brukarar eit godt …

29.12 Eit lite «julemysterium»….?

Den årlege juletrefesten i bygda plar vanlegvis finne stad ein kveld i romjula……Men i år har me ingenting hørt og ingenting sett! Det ryktes at festen er avlyst…??….eller kanskje utsett til over nyttår…?? Eller er nissane slitne etter førjuls-stria? Eller kanskje sjuke?? (som så mange andre)… Om du har oppklart "mysteriet", så ta kontakt

03.01.09 Reprise på «Gode minner»

Fekk du ikkje sett "Gode minner" på TV2 i romjulen? Du har framleis ein sjanse: den går nemleg i reprise laurdag 03.01.09 kl. 16.00-18.00. Det er Ingrid Bjørnov og Dennis Storhøj som leder showet, det er god musikk og underholdning. Vel verdt å få med seg altså! Nasjonalforeningens hensikt med forestillingen er å øke kunnskapen om demens, og …

29.12 Varetelling på MIXn

Cesilie på MIXn Nauste på Nesvik melder at de skal ha varetelling mandag 29.12. Det er difor stengt for handel denne dagen.

27.12.08 Sluttresultat i turbøkene

Etterkvart som bøkene på turpostane blir skifta ut, vil me her leggja ut kor mange det har vore på dei ulike postane. Sjå under "turstiar" til venstre i menyen for meir informasjon om turpostane våre, her finn du og turkartet. Røssenibbå er skifta for ei stund sidan, og der var det 37 besøk i år, …

21.12.08 juleblomst til de over 80 år

Helselaget deler som vanleg ut blomar som ei julehelsing til medlemmer som er over 80 år. I år vart det 11 blomar. Desse delast ut i løpet av helga før jul i år.     HELSELAGET NYTTAR OG HØVET TIL Å YNSKJE ALLE EI GOD JUL OG ET GODT NYTTÅR!

15.12. www.josneset 1 år

Jøsneset si nettside www.josneset.no er nå 1-årsjubilant ! I mellomtida har sida fått ein god del brukarar. Me kan registrere tal treff pr artikkel; og det er mange artiklar som har både 5-6-7 og 800 treff !! Og det er me svært nøgde med; sett i forhold til at Jøsnesbygda kun har ca 170 fastbuande. …

12.12 Kjekkt nissetreff i fullmåne-skin

Fredag 12.12 var det fullmånekveld – ein feiande flott fullmånekveld til og med !Og "Nissane frå Gunlanuten" hadde meldt sin ankomst fleire dagar på førehand. Barnflokken på Jøsneset stilte opp; og ferda gjekk oppetter ein månelys bygdeveg; på leit etter ein bålplass der Nissane skulle dukke opp. Etter å ha løyst diverse gåter undervegs, fant barna …

Fred 12.12 Fullmånetur….og nissetreff ??

HAU, HAU !!… alle snille Jøsnes-barn !!! Me nissar har det ganske travelt nå før jul; og jobbar og står på for å bli ferdige te jul. Men:  når det er FULLMÅNEKVELD; då tar me ofte turen ned frå Gunlanuten Nisseland for å sjå koss dokke har det nere i Jøsnes-bøgdå.  Og nå på fredag …

07.12 Jippi – scene i «julepresang» !!

Endeleg ! Nå er det klart for scene-bygging på gymsalen på Jøsneset skule!! 1 1/2 år etter at Jøsneset Ungdomslag på eit ekstraordinært årsmøte vedtok å bidra med inntil 250 000,- til scenebygging, er det nå endeleg klart for bygging !! Først måtte saken gjennom formannskap og kommunestyret; for det trengs bidrag frå kommunen òg …

Einebustad til sals i Knutsvik

Sjå meir under "tomter/hus" til venstre i menyen.

30.11.08 Boka på Røssenibbå henta ned

Boka på Røssenibbå er henta ned i dag. Det er lagt ut ny bok, viss det er noen som er så spreke at de vil opp i vinter. For å sjå på turkartet som viser kor Røssenibbå er, så klikk på "Turstiar" til venstre i menyen. Det hadde vore 37 stk på Røssenibbå i år, …

27.11. Forslag til nye ferjeruter

Det ligg no føre forslag til nye ferjeruter. Dette kan folk meina noko om.Vegvesenet har sendt forslaget til kommunen for uttale. Bygdarådet har planar om å senda ein uttale. Viss nokon har synspunkt til forslaget kan de ta kontakt med Oddbjørn. Ruteforslaget kan du sjå her.

27.10.Tur til Gunlanuten

Søndag blir det tur til Nuten.